Diskusjonsforum for skytterinteresserte
>>NYTT INNLEGG
Navn :John [john-alm]Tid: 23.04.2009 17:17:09
Kven arrangerte SM Bane 2008???

Navn :Bjarne S [.]Tid: 26.03.2009 00:45:02
Slik eg les innlegget på framsida, er ikkje "kritikken" retta mot arrangørlaga. Borstondi sa jo i utgangspunktet ifrå seg stemna på ombodsmøtet i desember, og det var slik eg forstod det opp til vossakrinsen å finna ny/medarrangør. Det bør nok heller som Magne skriv, takast ein diskusjon på kva rammer som ligg til grunn når ein vel arrangør. Det er ingenting i vegen for at relativt små lag arrangerer, det er berre positivt, men då kanskje i samarbeid med større og erfarne lag. Det er vel i alle si interesse at arrangementa er så gode som råd er, og det krevst mykje arbeid frå mange personar for å få ei god gjennomføring.

Når det gjeld heimesida til samlaget kan ein vel alle vera einige om at den har eit større potensial enn slik den framstår idag. Sjølv om resultata frå SM felt kom på nett relativt kjapt denne gongen, manglar fortsatt f.eks resultata frå SM miniatyr i år og SM bane 08. Ei heimeside må oppdaterast jamnleg med både resultat og informasjon som kan interessera skyttarane i samlaget, ellers vert den meir til irritasjon enn nytte.

Navn :Magne Hjelmevoll [mag-hjel@online.no]Tid: 23.03.2009 13:03:10
Sende innlegget mitt før eg hadde skrive ferdig i stad. Eg hadde nemleg tenkt å rosa lag som legg skikkeleg arbeid i heimsidene sine slik de ;Jondal Strandebarm, Tysse ma gjer. Eg synest det er prisverdig korleis de lagar reportasjar om stevne de har vore ute på og lagar omtale av prestasjonar, store eller små, som skyttarane både eigne og andre sine har gjort. Dette er eksempel som andre burde ta til etterretning!
Har STOR glede av sidene dykkar og vart difor skuffa då eg las siste del av innlegget frå i går!
Med sportsleg helsing
Magne H

Navn :Magne Hjelmevoll [mag-hjel@online.no]Tid: 23.03.2009 12:46:37
Synes kritikken dykkar er vel "surmaga".Om de har litt kjennskap til dei to laga som vart PÅLAGDE å arrangera stemna, ville de vita at dei knapt har ein handfull aktive medlemmer. Lat oss snu på flisa og spørja; Kvar var samlagstyret i denne saka? Kva for ein informasjon får ein gjennom samlaget sine sider? ( siste terminliste som er oppdatert er frå 2006) Resultat mv. som samlaget eigentleg har ansvar for finn ein aldri på deira heimesider. Fullstendige resultat frå samlagstemna i felt i Røldal frå i fjor fann eg tilfeldigvis hjå Vareld td. Kan hende me burde vore flinkare å tildela stemna til lag som har kapasitet til å arrangera og å dra lasset saman. Det ville kan hende fått meir positiv effekt enn berre å kritisera.
Helsing ein "pårørande" til ein aktiv ungdom som dreg mykje rundt på stevner over heile Hordaland!
Magne H

Navn :Bjarne S [bjarnesollesnes@hotmail.com]Tid: 22.03.2009 23:35:00
På vegne av Jondal Skyttarlag, stiller me oss gjerne bak innspela frå Tørvikbygd Skl angåande avvikling av samlagsstemna i felt. Ein kan og spørje seg kvifor ein har ei terminliste... Arrangøren bør "få ting på plass" nåko før, då ein har minst eit år på å planlegge stemnet.

Navn :simon østvold [si-oestv@online.no]Tid: 01.05.2008 17:47:48
Jeg tror jeg har falt ut av resultatlisten deres i klasse 2

Navn :Formannen i Jondal [,]Tid: 14.11.2007 21:15:29
Vil komma med ein liten rettelse til terminlista 2008... Det er enno uavklart om skytinga om organisasjonsmedaljen skal gjennomførast i Jondal (sak på ombodsmøte). Det vert uansett skote normalprogram m/eventuelle tilleggseriar for org. med. etterpå.

Mvh. Formannen på "hi sio"

Navn :HaraldTid: 29.04.2007 10:00:14
Gratulera me 350 på os Åsne!!!

Navn :Konrad KlokkTid: 21.05.2006 12:17:25
E da muligheiter for at de kan skyta litt roligare?

Navn :Arnstein Karlsen [arnstein.karlsen@dform.no]Tid: 11.05.2005 10:22:25
Halloen!
Velkommen til Skytterlagets forum!


Terminliste for Hordakretsen 2013
Terminlista for Hordakretsen 2013 finn du her

Terminliste Hordakretsen 2012
Her finn du terminlista for Hordakretsen 2012

Terminliste Hordakretsen 2011
Her finn du forslag til terminliste 2011

Terminliste Hordakretsen 2010
Her finn du terminlista 2010 Hordakretsen

Terminliste for Hordakretsen 2009
Terminlista for 2009 er klar. Det er berre å planleggje for kortid "formtoppen" skal vera på plass.

Terminliste Hordakretsen 2008
Helgene for neste års skyting i Hordakretsen er på plass. Nytt av året er  at vi har fått tilbake Nationens Landsskyting og at Organisasjonsmedaljen går på Jondal i første mai stemne. De kan allerede no planlegge neste sesong. Terminlista finn du her.

Terminliste 100 meter 2007

Terminlista finn du her.


Terminliste Hordakretsen 2007
Helgene for neste års skyting i Hordakretsen er på plass. Og allerede no kan de planlegge neste sesong. Terminlista finn du her.

Terminliste 100m 2006
Terminlista finn du her


Terminliste for Hordakretsen 2006
Terminlista for Hordakretsen 2006 finn du her

Lagsmeisterskap miniatyr 2005 / 2006
Det vert lagsmeisterskap på Eide onsdag 22.03.06 frå kl. 17:30
Data-Form
 
Påmelding
 
Data-Form