VELKOMMEN TIL TØRVIKBYGD SKYTTARLAG`S HEIMESIDE

Våre Sponsorar er 





Det er klart for skyting på Eide
16.10.2017: Då er elektronikken montert opp på Eide og det er klart for skyting. Ungdomen skyt som før på onsdagane frå kl 18.00. Det er berre å møta opp dersom du er ny og har lyst til å prøva. Me har alt av utstyr og ammo du treng, og du får kyndig veiledning.

Her er gjeldande skytetider på Eide og me ber om at alle respekterer dette.

Mandag: kl 18-22

Onsdag: kl 18-22

Torsdag: kl 18-22

Søndag: kl 10-22


Om det er behov for skyting utover desse tidene, må dettte avtalast med Britt Eide.

Lukka til med innandørs sesongen


Ekstraordinært årsmøte 20.09.2017
 

Ekstraordinært årsmøte vert halde i Vangdalsåsen onsdag 20. september 2017 kl. 20.00.

I det ordinære årsmøtet i skyttarlaga i 2016, som samarbeider om skytebaneanlegget i Vangdalsåsen, vart det gjort vedtak om nedlegging av laga og oppretting av eit nytt felles lag. Om muleg skulle dette gjelda frå 01.01.2018. For at vedtaket skal gjelda må det gjerast på ein meir formell måte. Saklista er difor slik:

Vedtak om avvikling: Under føresetnad av at det med samtykke frå DFS/Skyttarstyret vert oppretta eit nytt felles skyttarlag i Kvam som skal overta verksemda på skytebaneanlegget i Vangdalsåsen, vert Tørvikbygd Skyttarlag å avvikle.

Under føresetnad av samtykke frå styret i Hardanger og Voss skyttarsamlag, skal netto aktiva overførast til det nye skyttarlaget.

Gjeld som eventuelt Tørvikbygd skyttarlag har påteke seg i samband med utbygginga i Vangdalsåsen, skal også overførast til det nye laget.

Val av avviklingsstyre: Det skal av medlemmene veljast eit avviklingsstyre på 3 personar. Avviklingsstyret skal syta for at laget sine netto aktiva vert overført til det nye laget, og gjera opp status som viser at all gjeld og aktiva er overteken av det nye laget. Styret skal overføra medlemmene frå det gamle til det nye laget. Vidare skal det meldast til Brønnøysund at laget skal slettast i registeret.

Alternativt vedtak: For det tilfelle at DFS ikkje godkjenner oppretting av eit nytt lag, men heller ønskjer at dei fire laga skal slå seg saman, vedtek årsmøtet at Tørvikbygd skyttarlag slår seg saman med dei tre andre laga i Kvam til eit felles lag.

Namn på det nye skyttarlaget: Leiarane i dei fire laga, som har arbeidd med samanslåinga, har føreslått namnet " Hardanger skyttarlag". Leiarane ber årsmøtet vedta dette. Eventuelt samla seg om eit alternativt namn.


Lagsmeisterskap bane 02.09.2017
 Årets Lagsmeisterskap blei halden i VÅS i lag med Strandebarm og Nhs & Øystese. 37 stk møtte totalt og 20 av desse frå Tørvikbygd. Me fekk og ny banerekord i anlegget på 200 meteren der Harald Brekke frå Strandebarm skaut meget gode 347 poeng. For øvrig blei Magne Lysen nest best nr 2 med 340 poeng og dermed lagsmeister.
På 100 meteren var det knivskarp konkuranse i ER klassen. Etter 25 skoten var det berre eit skot som ikkje var tiar av dei fire frå laget. Joakim, Sander, Isak og Tobias skaut fenomenalt godt. Etter omgangen var det Joakim og svært gledeleg Sander som stod igjen med fullt hus. Sander klarte dette for første gong og dermed medlem i 350 klubben. Gratulerer med kanonskyting og flott avslutning på sesongen. Også søstera til Sander, Amalie skaut framifrå i Rekrutt klassen med 344 og personleg rekord.

Her er resultata frå LM 2017.

  • Lagsmeisterskap  bane 2017 for Tørvikbygd
ER:
1. Joakim Øye 350 ,
2. Sander E. Aase 350,
3. Isak H. Måkestad 349,
4. Tobias S. Måge 346
R:  
1. Amalie E. Aase 344,
2. Torkjel Bråten 330,
3. Jon B Brattli 327
V73:
1. Nils Lysen 349,
2. Trygve Torvik 343,
3. Andreas Tveiten 340,
4. Ingebrigt Heradstveit 144
V55:  1. Jakob Eide 338
Kl 1:
1. Sverre Måkestad 245,
2. Håvard Brurok 238
Kl 2:  1. Jostein Bråten 339, 2. Aleksander Bråten 336,
3. Stig Aase 332
Kl 3 - 5:
1. Magne Lysen 340,
2. Henry Øye 337,
3. Harald Herdstveit 128

Krinsstemna bane 26.aug. Strandebarm i VÅS
Nye banen i Vangdalsåsen blei innvia med at årets krinsstemna i bane blei arrangert der. Etter ein hektisk innspurt mot slutten, var anlegget såpass klart at dette let seg gjera. Strandebarm var teknisk arrangør og med litt hjelp frå Tørvikbygd og Norheimsund & Øystese gjekk dette greit unna.( Neste år er vi forhåpentligvis eit lag saman med Fykse :)) Heile 76 stk deltok på stemna, noko som me må langt tilbake i tid for finna tilsvarande tall.
Me fekk også her, til liks med samlagstemna, ein meister, og det av samme person og samme poengsum 349 - Joakim Øye i klassen ER. Men i fleire klassar var det nære på. Laget kopierte resultata på Samlagstemna med å vinna både for dei unge og seniorane. I tillegg så stakk Joakim Øye av med eit napp i A. Tveiten´s vandrepokal som går på grunnlag + stang. 100 på grunnlaget og 20 treff på stangen heldt til siger.


Årets krinsmeistrar



Samlagstemna bane 20 august - Granvin
Mange frå laget hadde teke turen til Granvin på årets samlagstemna. Me fekk ein samlagsmeister ved Joakim Øye i ER, med poengsummen 349. Han slo lagkompis Isak Måkestad med ein innertiar, særleg jamnare går det ikkje. I tillegg så vann Besten til Isak, Sverre Måkestad klasse 1 med 242 poeng. Kjetil Skår blei best av våre med ein fin 3.dje plass, og han blei beste skyttar under 20 år. I lagskytinga tok Tørvikbygd for seg - dei vann både for dei unge og blant seniorane.


Gjengen som vann lagskyting for senior og ungdom



LS i Førde 28.07 - 04.08
LS i Førde blei ein våt affære. Det var vel ikkje ein dag utan at det "lak" litt i frå oven, og campingen såg ut som ein åker etter kvart. Bortsett frå veret og litt utfordringar med transport til arenaen enkelte dagar, gjekk arrangementet bra. Men litt fornying er på sin plass, dersom Førde skal ha LS i framtida.

Skyttarane våre gjorde som vanleg, sterke prestasjonar - 5 finaleplassar blei det i år, og fleire gjorde det sterkt i sine finalar. På banen var det Joakim Øye i ER som gjorde det best med 250 i innleiande skyting. Ein litt høg finale gjorde sitt til at det sneik seg ut ein 9,9 og han enda på ein 33. plass til slutt. Like fullt ein god prestasjon av nærare 400 deltakarar.

På felten hadde me 4 til finale. Først ut var Amalie E. Aase i rekruttklassen. Ho hadde fullt hus frå innleiande og med 11 treff i finalen blei det ein finfin 31. plass, av 300 deltakara, sterk og god debut på LS.
Neste ut var Ann Kristin Bråten i kl 2. Kneskota for litt rundt om og det ville seg ikkje heilt denne gongen, men ho fekk kjenna på følelsen av å skyta finale, noko som ikkje er forunt så mange.
Så var det Joakim Øye sin tur igjen, han og hadde med seg fullt hus inn i finalen, og smelde til med 12/10 i finalen. Dermed leda han lenge, og måtte ut i omskyting om tredjeplassen, der det til slutt blei ein knallgod 4. plass og ungdomsmedalje.
Til slutt var det Dag Skår i kl 3 - 5, som på grunn av ryggproblem berre skaut feltrunden, og det gjorde han til gangs i vanskelige forhold. Fullt hus og skive 10 i finalen. Eit treff sneik seg ut, men med 41 , så sikra han seg nok ei stjerne.
Knallgode prestasjonar av våre finalister. Det var påmeldt 21 stk frå laget vårt, og dei fleste budde på campen. Fleire debuterte på LS og dei fleste fekk med seg eit minne av edelt slag. Håpar dette ga meirsmak og at LS i Stjørdal blir blinka ut på kalendaren til neste år.


Lagsmeisterskap i felt 25.07.2017
 I år gjorde me som me har gjort ein del gonger tidligare, gjennomførte lagsmeisterskapen i felt i forkant av LS, med avstandane som blir brukt på LS. Me inviterte Nhs& Øys til å vera med oss og totalt 23 stk deltok i fint og stilt sommarver på Lysebanen.
På grovfelten blei det jamnt i toppen med Magne Lysen som vinnar til slutt. Han skaut 30/21, eit innertreff føre Kjetil Måkestad. På finfelten var det fleire som skaut fullt hus, dei fleste frå Nhs&Øys. Frå vårt lag var det berre Joakim Øye som fyllte med 30/25 i ER klassen.


Lagsmeistrar: 3 - 5, V-55: Magne Lysen 30,21  Klasse 2: Stig Aase 27/12  Klasse 1: Sverre Måkestad 28/16 V-73: Ingebrigt Heradstveit 29/16 ER: 1. Joakim Øye 30/15, 2. Sander Eide Aase 29/17  Rekrutt: 1. Torkjel Bråten 29/4 2. amalie Eide Aase 28/7

Treningspokalen 2017

Hordastemna bane 10 og 11 juni - Bergen
Då er årets Hordastemne på bane historie. Innledande og lagskyting på laurdagen og som vanleg samlagskyting og finalar på sundagen. Fleire frå laget vårt gjorde det "skarpt" på begge dagane.
I to klassar var våre skyttarar heilt i toppen. Når innleiande skyting var over leia Aleksander Bråten klasse 2 med 244 poeng, og med Stig Aase like bak på andreplass med 242. I klasse ER var det Isak Måkestad som låg best plassert på ein sterk andreplass med fullt hus og heile 21 inner. På 7. plass låg Joakim Øye med 249, og berre eit poeng bak teten.
Seinare på ettermiddagen var det lagskyting. Me stilte i både ungdom og senior, utan at dei kjempa heilt i toppen denne gongen, men hederleg plassering fekk ungdomane med ein 5. plass.

Sundagen starta med samlagskyting. Me hadde fleire med på laga. Best gjorde ungdomane det, der skaut Isak og Joakim begge fekk fulle hus, 100 poeng, og når Marius Wikane og Morten Øyeflaten fulgte opp med 98 poeng var H&V med heilt inn til siste skot blei anvist. Dei blei til slutt nummer to, slegne på rangering. Kjempeflott. Seniorane kom litt lengre ned på lista denne gongen.
Når finalane starta var det klasse 2 som var først i ilden av våre. Aleksander og Stig krusa lett inn 98 poeng og tok dermed 1. og 2. plassen. Gratulerer som Hordameister Aleksander og med andreplassen Stig.
Klasse ER var neste gjeng ut. Her er det som kjent knalltøft i teten, og med 5 stk på 250 så er det 100 som gjeld i finalen. Isak fekk det ikkje heilt til denne gongen og 3 niarar lurte seg ut, men ein fin 7. plass til slutt.
Joakim låg på 7. plass før finalen, men der klinka han inn 100 med 7 inner og avanserte opp på podiet til andreplass, berre slegen av den einaste av dei med 250 som klarte å fylla på finalen, Sofie Evensen frå OS.
Blant dei klassaførde var det berre Kjetil Skår som skaut finale, fekk det ikkje heilt på og havna litt ned på listene.






1. Mai stemna 2017
Årets 1. mai stemne blei avvikla i strålande vårver, med sol og forholdsvis gode skytetilhøve. At forholda var gode viser igjen på mange gode resultat, spesielt på 100 meteren. Heile 10 stk med 350 poeng fekk me i år. Det blei også i allefall minst ein ny medlem i 350 klubben. Vår eigen Isak H. Måkestad klinka til med fullt hus og delt andreplass i ER. Ny deltakar rekord blei det i år også med 283 stk.

John Olav Ågotnes - Sartor skyttarlag stod for den sterkaste prestasjonen i år i klasse 3 - 5, med 345 poeng. -Kun nokre få innertreff skilte han frå Elisabeth Skudalsnes - Åsane/Hordvik skyttarlag på andre plass, etterfulgt av Andreas Seilen, han også frå Åsane/Hordvik på tredjeplass med 343 poeng!

Me gratulerer John Olav Ågotnes som årets vinnar av 1 mai stevnet i Tørvikbygd!!


Øvrige klassevinnarar:

Kl 1: Eirik Djønne 243

Kl 2: Aleksander Bråten 339

V-55 Alf Høysæter 345

NV Leif Gunnar Vatna 245

V-65 Eyvind Bjørsvik 350

V-73 Ludvig Indrebø 350

EJ Markus Andreas Aadland 345

J Ragnhild Lien 349

ER Sofie Evensen 350

R Mathias Nyhammer Haugen 344


Dersom framdrifta med prosjektet i Vangdalsåsen går som planlagt, var dette siste opne stemna på Lysebanen. Me håpar å kunne invitera skyttarane til det nye anlegget til neste år, og 1. mai, med mykje større kapasitet. 

Arrangementet gjekk greit unna og me meiner det blei ein "Verdig avslutning på Lysebanen"

Bilder kjem seinare.  Sjå i gjennom premielistene og gje tilbakemelding innan 10.05. dersom noko er feil.








Hordastemna felt 2017, Voss 23. april
 I år var stemna lagt til Voss, og med ein sur og kald vind blei det ein utfordring. Det var nok ein gong dei yngste som kom best i frå dette med ein kjempesterk andreplass til Isak H. måkestad i ER klassen. I tillegg fekk Sander Eide Aase ein flott 7. plass. På grovfelten hadde me med fleire. Berre Dag Skår kapra seg finaleplass. Fekk ikkje fullklaff der og havna eit stykke ned på lista.


Vårpremieskyting laurdag 22. april frå klokken 14.
Då har me unnagjort "generalprøven" før 1. mai stemna. Anlegget såg ut til å fungera som det skulle. Til tross for at mange har skote seg inn til Hordameisterskapen i felt i morgon, og dermed ikkje ville forkludra innskytinga, så var det 20 stk som møtte. 10 på 100 meteren og 10 på 300 meteren.
Slik som tradisjonen har vore dei siste åra, så hadde alle med seg ein premie og dermed fekk alle som skaut premie.

Mange gode resultat blei det også, og ikkje uventa var det på 100 meteren desse kom. Beste resultat stod Isak Måkestad for med solide 349 poeng, og der heile 28 av blinkane var i sentrum. Morten Øyeflaten i Junior var ikkje mykje bak med sine 348 poeng, også det eit solid resultat.



Oppstart på Lysebanen
18.04: Då er elektronikken på plass på lysebanen, og klart for skyting. 

Krins- og samlagsmeisterskapen i felt 1. og 2. apr
Årets krinsmeisterskap i felt blei arrangert av Vareld. Berre to stk av den eldre garde og Sander Eide Aase i ER tok turen ut til Varaldsøy. Sander var einaste i ER og blei KM, medan Nils og Ingebrigt hadde litt for lite innertreff for å nå opp på pallen.

Dagen etterpå var det Samlagsmeisterskap i felt i Kinsarvik med Ullensvang som arrangør. Det var ein god gjeng som tok turen inn i fjorden, og kjempegod skyting av alle som deltok frå laget, blei resultatet.
To samlagsmeistrar fekk me, med Amalie Eide Aase i suveren stil i Rekrutt klassen og Isak H. Måkestad i Eldre rekrutt klassen.
Ikkje nok med at me fekk to meistrar, men ingen av våre blei "dårlegare" enn nummer tre i sine klassar.

På grovfelten blei det delt andreplass mellom Dag og Kjetil Skår etter årets SM, Liv Sollesnes i klasse 3 - 5, og Stig Aase kapra andreplassen i kl. 2. I rekrutt klassen blei Kaja Måkestad nummer 3. I ER fulgte Tobias S. Måge opp med 2 plass og Sander E. Aase blei nummer 3. Dermed fekk alle våre i ungdomsklassane medaljer, og vinnarane fekk i tillegg diplom.


Ein blid og fornøyd ungdomsgjeng med sine utmerkelsar

Lagsmeisterskap miniatyr 2017, 22 og 23 februar
Det var monaleg mindre deltakarar i år enn i fjor på årets LM 15 meter. 17 stk hadde funne vegen til Eide i som vanleg på denne tida litt kjøleg tilhøve. Mange skaut likevel opp mot sitt beste. Vinnar klasse 3 - 5 blei i år Kjetil Skår med flotte 342 poeng. Beste poengsum fekk me i ER av Joakim Øye med 349 poeng.


Lapuacup finale i Strandebarm 12 februar
 Mange frå laget var kvalifisert til å skyta den avsluttande finale I vinterens Lapuacup. 15 frå laget møtte opp og skaut den avsluttande finale, og der dei beste gjekk vidare til ein "super" finale. Fleire klarte også kvalifisera seg til Superfinalen. Me fekk ein klassevinnar I år. Det blei sågar dobbelsiger I denne klassen, etter ein svært spanande finale. Joakim trekte det lengste strået då han slo lagkompis Isak med to fleire innertiarar I finale. det var ei flott ramme rundt finale og eit glimrande premiebord til deltakarane. Arrangøren med Chris I spissen, hadde laga ein god plan og losa arrangementet godt I havn.


Samlagstemna miniatyr 2017 i Jondal
 I år blei stemna avvikla I Jondal 4. og 5. februar. Me fekk denne gongen to samlagsmeistrar, og det var dei yngste som sørgde for det denne gongen også. Vår gode rekrutt, Amalie Eide Aase tok sigeren I den klassen og med fekk dobbelsiger I Eldre rekrutt klassen med Joakim som vinnar og Isak som ein god nummer to.

I klasse 3 - 5 var det dei "eldste" som gjorde opp om sigeren. Liv Sollesnes vann, poenget føre Dag.
Desse fekk seg medaljer.
14 stk frå Tørvikbygd tok turen over fjorden denne helga.


Årsmøte 13.12.2016
Me satsar på å halde årsmøte tirsdag 13. desember klokken 20.00 på Lysebanen. 


Lagsmeisterskap bane 03.09.2016
I år så blei lagsmeisterskapet halde i lag med Norheimsund & Øystese, Strandebarm på Lysebanen. Heile 40 møtte til dyst i surt haustver. Men me hadde ei triveleg stund etterpå med pizza og brus, samt premieutdeling til alle rekrutteringskyttarane. Samt så hadde me loddtrekning av 6 premiar blandt dei vaksne.



Samlagstemna bane i Jondal 2016, 21. august
 Jondal stod som arrangør av årets samlagstemna på bane. I år så fekk me ein samlagsmeister. Det var ikkje uventa siste års junior, Kjetil Skår som klinka til med fullt hus - 350 poeng - og tok ein suveren siger. 
Dei andre på 100 meteren gjorde også sine saker godt. Joakim i ER tok ein flott andreplass, Nils Lysen i V-73 kapra også andretrinnet på pallen med 349 poeng. Isak tok fjerdeplassen i rekrutt klassen. Lagskytinga for ungdom vann Tørvikbygd og der skaut: Isak, Joakim og Kjetil.

Blandt dei på 200 meteren så var det Dag som var nærmast toppen med sin andreplass etter 341 poeng. Han fekk også napp i grunnlagspokalen. I klasse 1 så klinka Stig til med 248 poeng og tok ein klar siger i denne klassen. Han har skote jamnt godt i det siste og er no klar for klasse 2 til neste år. Sjå ellers omtale på H&V si heimeside.

Westconcup finale, Haugesund 14.08.2016
 6 av våre som var kvalifisert til den avsluttande finalen tok turen til Haugesund. Der gjorde dei sine saker glimrande. Isak blei nummer to i R med 347. Sander blei nummer 8 med 328. Kjetil S nummer to med 348 i junior. Kristi nummer 6 i kl 3 med 322. Stig og Dag vann sine klassa. Henholdsvis kl 1 for Stig med 344 og Dag kl 5 med 345. I superfinalen blei "ungdommen" for sterk og sneik seg forbi Dag, som dermed blei nummer to der.

Krinsstemna bane 13.08.2016
Då er årets krinsstemna bane vel i havn. 60 stk møtte opp i eit litt surt ettersommarsver, fordelt med 34 på 300 meter og 26 på 100 meter. Veret såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på prestasjonane. Det blei vist framifrå skyting på den ellers utfordrande Lysebanen.
På 100 meteren var det 3 stk som skaut fullt hus, 350 poeng, og fleire med berre eit poengtap.
På 300 meteren var det nok ein gong Liv Sollesnes frå Jondal som stakk av med tittelen, krinsmeister, klasse 3 - 5.
Me må og nemna at me syns det er gledeleg at det deltok 6 stk i klasse 1. Dette er stort sett nybegynnarar for vaksne. Der var det tett i toppen og klassevinnar denne gongen blei Magnus Marøy frå Norheimsund & Øystese med poengsummen 239. Klassevinnar AG3 blei Reidar Våge frå Vareld. Me i Tørvikbygd fekk denne gongen 4 krinsmeistrar. Følgjande blei meistrar: 

Rekrutt: Isak Helland Måkestad 346 Tørvikbygd
Eldre Rekrutt: Joakim Øye 349 Tørvikbygd
Junior: Kjetil Skår 346 Tørvikbygd
V-65: Arne Berge 350 Norheimsund & Øystese
V-73: Torleif Storhaug 350 Jondal
V-55: Jakob Eide 343 Tørvikbygd
KL 2: Viktoria Lilleås 332 Jondal
Kl 3 - 5: Liv Sollesnes 341 Jondal

På krinsstemna er det også stangskyting med medalje til den som vinn. Her blei tidligare LS vinnar på Stang Sigmund Våge frå Vareld suveren vinnar med heile 28 treff.
Det er også sett opp ein vandrepokal, gjeven av Andreas Tveiten, der den som får høgast poengsum når ein legg saman 10 skoten på innleiande og stangskytinga. Denne blei i år vunnen av Johannes Skår Bakke frå Strandebarm med tilsaman 115 poeng.

Premielister og innlegging i DFS kjem over helga. Me vil då takka alle som var med og lagde dette til ein happening på Lysebanen på tampen av sesongen.






Program:  

09.00 - 12.30 innleiande skyting bane og stangskyting.
13.00 - 14.30 lagskyting j/ER/R og Vet 100 meter, samt senior 300 meter
15.00 - 16.30 Finalar
ca 17.00 (eller så snart listene er klare) - Premieutdeling

Dei som har meldt seg på i dei siste laga blir på det sterkaste oppfordra til å skyta stangen først, slik at me unngår venting før lagskytinga skal starta.

Frist for påmelding lagskyting er sett til kl 12.00

Landsskytterstevnet 2016 i Målselv
07.08 Då er det tid for oppsummering. Fredagen var feltfinaledag og me hadde som nemt tidligare 3 stk til finale. Igjen var det Isak som stod for dei gode resultata. Han klemde inn 12/7 og avanserte nok ein gong kraftigt oppover listene, til 8 plass denne gongen. Det blei eit par innertreff for lite til medalje, men med 6. og 8. plass har dette vore ei kanon LS for Isak, og til helga er det KM og muligheiter for meir edelt metall :)
 Me hadde jo Dag og Magne i finale også med sine 30 treff frå innleiande. Seriane deiras stod litt skeivt og med 39 treff totalt, blei det ikkje stjerne / medalje på desse to denne gongen.

Men 8 finale plassar, ungdomsmedalje bane til Isak, stjerne bane til Dag og masse beger og minnemedaljer til våre som tok turen nordover, så har dette nok ein gong vore eit "knall" LS for våre skyttarar

04.08: I dag har det vore den store finaledagen i baneskyting på LS, med utdeling av heder og æra. Me har hatt 3 stk i finalar i dag, som alle har levert sine saker på ein imponerande måte. Det starta med Sander, som leverte ein meget god finale og avanserte 9 plassar oppover listene etter 98 på omgangen. Han havna på ein flott 25 plass.
I det siste finalelaget i rekrutt skaut Isak superb med 99, også han avanserte oppover og kapra ein finfin 6. plass, og fekk med det ungdomsmedalje. Grattis til begge våre ungdomar. Desse kjempegode resultata bør inspirera til å satsa vidare framover. Seinare på dagen var det 3 - 5 sin tur. Der hadde me Dag som var vårt håp. Dag skaut ein godkjent omgang på 98 og kapra seg nok ei stjerne i rekka. Vår utsendte i Målselv har vore særs dyktig med å oppdatera på FB gjennom denne veka, så det er berre å klikka på linken til FB så finn det mange stemningsbilder frå arrangementet.

I morgo er det feltfinalar, og ja, me har sjølvsagt våre med der også. Følg med frå morgonen av.


Frå medaljeutdelinga i rekrutt bane
der Isak får si velfortjente medalje.











Nokre finaleskyttarar:





03.08: Då er baneskytinga for 5. klassingane og feltskytinga for junior ferdig. Og me har fått 
to nye finalistar. Dag var først ute i dag. Allerede i det andre laget var han i ilden. Etter ein litt svak ståande serie til han å være, 44 poeng, henta han seg glimrande inn igjen og stoppa på 243 poeng. Han sikra seg dermed finale nummer to på årets LS. Han er nummer 39 etter innleiande, og skyt i det siste omgangslaget før prinsesse og kongelag. Sjangsen for å henta seg ei ny stjerne er absolutt til stede.. Kanonbra. Litt seinare fekk me ein ny finalist. Kjetil Skår i junior, sleppte berre ein utanom figurane på sin feltrunde og får dermed skyta finale i felt på fredag. Grattis med nok ein finale. Me har altså 3 stk frå laget som får skyta både bane og feltfinale, superbra. Først ut er Sander og Isak, torsdag i 10 tida, så det er berre å benka seg framfor Web Tv-en.


02.08: Skyttarane våre opp i nord sluttar ikkje å imponera. I dag har rekruttane skote bane. Isak var først ut og la lista med 248 poeng. Vår andre rekrutt, Sander skaut litt seinare og "smelte" like godt inn 245 poeng. Isak ligg som nummer 8 og Sander som 36, og begge er kvalifisert for finale, supert. Vi har altså allerede 6 stk som er finaleklare oppe i nord.
På etermiddagen var det samlagskyting for veteran og senior. Veteranane gjorde det best med sin 8. plass. Me hadde ingen frå laget med der. Men blandt seniorane hadde me med Dag, som skaut godkjent til 95. Etter ein litt treg start skaut laget seg oppover og hamna til slutt på ein 19. plass.

01.08: Då er to dagar av årets LS unnagjort, og hvilken start me har fått. 4 stk allerede finalerklare...
Det starta med Isak H. Måkestad på feltrunden. Minneskytinga, som er det første dei startar med. Her la han likegodt inn fullt hus, og delt førsteplass. Men det skulle bli meir.....Etter at feltrunden var over stod det 30 treff på gravlappen og sikker finaleplass, Grattis Isak :)
Mandagen er 5 klassingane sin feltrunde, og der fekk me to nye finaleklare. Både Dag og Magne krusa lett inn 30 treff i eit forholdsvis surt ver der oppe i nord. Grattis med kanonskyting til begge.
I tillegg har også Kjetil Skår fått klarsignal for finale i junior på baneskytinga. 247 var han ikkje heilt nøgd med, men det held til finale.
 Fleire har vore i ilden og sikra seg minner frå stevna i form av beger og medaljer i dei ulike øvelsane, utan at dei nådde heilt opp til finalar.
Samlagskytinga for ungdom som gjekk av stabelen på mandagskvelden starta også forrykande for H&V. Isak hadde første etappe og la i vei i reine omgangstempo, prikka inn den eine innertiaren etter den andre og dette blei også behørig kommentert av speakeren på arenaen. Isak er tydelegvis i kanonform, så dette blir spanande vidare ut i LS. Dei andre på laget fekk det ikkje heilt til og det blei eit stykke ned på lista til slutt.

Følg med på linken opp til Facebook, der blir det oppdatert fortløpande med resultater frå våre i nord. :)


30.07: 11 stk frå laget vårt er reist oppover til nord i landet. I morgen brakar det laus med innleiande skytingar. Me som er heime vil sjølvsagt prøve å oppdatere etter kvart som dei skyt. du kan følgje med på resultater og livevisning ved å bruke denne linken til DFS: http://2016.landsskytterstevnet.no/?epslanguage=no


Vestlandsstemna 01 - 03. juli 2016
 Årets Vestlandsstemna i bane og felt blei avvikla i Åsane ved Bergen. Likevel var det ikkje mange frå vårt lag som prioriterte denne i år. Berre 3 frå laget melde seg på og tok turen til Åsane denne helga. Jakob i V-55, Nils og Ingebrigt i V-73 var våre representantar. Dei gjorde sine saker godt og kvalifiserte seg til fleire finalar. Beste prestasjon til slutt var det Ingebrigt som stod for då han blei nummer 4 på felten etter å ha innleia med 30 treff og fulgte vidare opp med 12 i finalen og altså rett utanfor "pallen". Både Jakob og Nils var  kvalifisert til å skyta finale på banen, men dei stilte ikkje, då dei kanskje meinte det var for langt opp.

Hordastemna bane på Stord 10 - 12 juni
 Me fekk også i år ein Hordameister. Det var det Isak H. Måkestad i rekruttklassen som sørgde for, og på ein overbevisande måte. Han leia med 4 poeng inn i finalen og der skaut han igjen best og vann til slutt med 341 poeng. Heile 7 poeng føre nummer to på lista. Det var litt krevjande vindforhold på Stord i helga, så cal.22 gjengen fekk ein ekstra utfordring, men den takla Isak framifrå, grattis.

For dei andre frå laget blei det "nesten" finale på nokre og andre var eit stykke frå. Joakim og Kjetil i henholdsvis ER og J, var eit poeng unna å skyta finale., med 248 og 247 poeng.

For seniorane var det eit stykke unna, men hadde Dag skote alle skota i si eiga skive, hadde det vore finale.

Me stilte lag for ungdomane og seniorar og dei hevda seg tåleg bra. Dei yngste blei nummer 6, berre to poeng unna siger. Seniorane blei blei nummer 5, med same pongsum som tredjelaget, men færre inner.
Ellers så gjekk arrangementet greit unna og dei som hadde gjort seg fortjent til det,  fekk premiar frå eit flott gavepremiebord.

Isak hordameister rekrutt 2016
Samlagskytingane var me også representert med
 Kjetil for dei yngste, Dag for seniorane og Jakob for dei eldste. Seniorane fekk ein fin andreplass og dei andre kom midt i laget.

Det blei litt dramatikk undervegs då det tok til å brenna under stangskytinga (svært turre tider). Brannen blei raskt slukka, men skytinga blei, som rett var avlyst. Det er ein utfordring å arrangera slike konkuransar på sommaren, og mange meiner det ikkje høyrer heime på ei banestemna.

Lovely Hannover´s Minnepokal 09.juni

I fint og varmt sommarver så var det ikkje mange frå Tørvikbygd som møtte til skyting i dag.

Resultater Lovely Hannover 2016


  1. Daniel Bu Strandebarm 93 - 98 - 97 288(7*)

  2. Morten Øyeflaten Strandebarm 95 - 95 - 97 287(9*)

  3. Ove Røyrvik Strandebarm 94 - 95 - 97 286(6*)

  4. Magne Lysen Tørvikbygd 93 - 97 - 87 277(2*)

  5. Jon Olav Bjørke Strandebarm 92 - 96 - 87 275(5*)

  6. Olav Ludvig Håbrekke Strandebarm 87 - 92 - 96 275(1*)

  7. Johs S. Bakke Strandebarm 68 - 96 - 95 259(7*)


1. mai stemna 2016

Då er årets 1. mai stemne historie. Nok ein rekord i antall deltakarar. 269 stk blei det i år. Stemna gjekk greit unna, til tross for at me mista ei skive på 300 meteren under søndagen. Elektronikkbiten i skivene står utsatt til dersom nokon ikkje holder heilt stødig, men me tok igjen forsinkelsen og ingen venteliste ble brukt.

Mange gode resultat blei oppnådd. Litt spesielt blei det i ER klassen med 5 stk på 350 og tre av dei for første gong :) og nye medlemmer i 350 klassen.

Junior og ER klassen held eit svært høgt nivå, så etterveksten i sporten er på sikra.

Vinnar av stemna i klasse 3 - 5 blei ledaren frå laurdag, Lise Magrethe Rinde med 345 poeng, føre Vegard Solhaug på 344, og John Olav Ågotnes med 343 poeng.

V55: Vinnar Bjarne Sandvik   343

Kl 2: Vinnar Ove Røyrvik 335

Kl 1: Vinnar Per Mælen 240

V73: Vinnar Ivar Seim 350

V65: Arne Berge 350

J: Markus Andreas Ådland 349

ER: Even Våge 350 (31 inner og beste resultat + medlem i 350 kl)

R: Isak Helland Måkestad 344

Meisterskap 100 meter       Meisterskap 300 meter

Stemneoppgjer 1. mai 2016

Me ber om at alle lag sjekkar premieoppgjeret og gir tilbakemelding om eventuelle feil innan 6. mai på vår e- mail.





Stevna inngår i Westcon cup



Vårpremieskyting 28.04.2016
Då har gjort unna "testen" før storstemna vår til helga. Det møtte heile 41 stk til kamp på Vårpremieskytinga vår i år. I år var Norheimsund & Øystese også invitert, i tillegg til Strandebarm. Det er moro å arrangera når så mange møter opp. Takk skal de ha. Sjølve testen av anlegget gjekk bra, ingen hickup´s. Etter litt frysing på livevisninga i starten, fungerte også den godt. det var eit rikholdig premiebord, og alle som hadde med seg premie fekk også med seg premie heimatt.

Resultat 100 m.               Resultat 300 m.




Hordameisterskapen i felt 17.04.2016
 Hordameisterskapen I felt var det Fana som stod for. Stemna blei avvikla I Samdalen under litt varierande vindforhold, som igjen førte til utfordringar, spesielt for dei yngste.(cal.22)

Ingen av våre kom seg heilt til topps på pallen I år, men det var berre eit innertreff som skilde for Joakim Øye I ER klassen. Det er første året for Joakim I denne klassen og han leverte framifrå skyting. Med 30/24 på innleiande skyting og ein flott 4. plass, så la han inn 12/11 I finalen og avanserte til ein flott andreplass. Marius frå Jondal var det ingen som straffa med 12/12 I finalen.

Rekruttane var dei som fekk merka vinden kraftigast. Det seier litt om vanskelege forhold når beste resultat I finalen blei "eit treff". Det er  synd at det er dei som er minst erfarne som blir straffa hardast når det blæs.
Isak og Sander hadde begge eit treff I finalen og fekk henholdsvis 4. og 5. plassen til slutt.
Kjetil Skår I junior klassen matte sjå at nokre av skota denne gongen gjekk utanom figuren og blei til slutt nummer 8.

Lagsmeisterskapen i felt 16.04.2016
 Lagsmeisterkapen I felt var I år innlagt I krinsstemna I Jondal. 11 stk møtte opp til dyst.

Grovfelt:
Meister 2-5 V-55 blei ikkje uventa Dag med 29/18. Nr 2 ble Jakob Eide med 28/14.

Vinnar klasse 1. Stig Aase med 25/10 Nr. 2. Håvard Brurok med 21 treff.

Finfelt:
V-73: Nr 1. Nils Lysen 30/21, nr 2. Ingebrigt Heradstveit 30/19 og nr 3. Andreas Tveiten 27/15
Jr: Nr 1. Kjetil Skår 30/25
ER: Nr. 1. Joakim Øye 30/24
R: Nr 1. Isak H. Måkestad 30/19 og Nr 2 sander E. Aase 30/18

Krinsstemna i felt 16.04.2016
Krinsstemna blei I år halden I Jondal I området rundt skytebanen. Dette var samstundes lagsmeisterskap for Tørvikbygd. Fint vårver og mange gode skyteprestasjoner. 11 stk frå oss hadde teke turen over fjorden.
3 stk frå Tørvikbygd kan I år tittulera seg som krinsmeistrar I felt.
Kjetil skår I junior klassen tok ein suveren siger med 30/25. I rekruttklassen blei det eit jamnt oppgjer mellom Isak H. Måkestad og Sander E. Aase. Begge fekk 30 treff. Isak trekkte det lengste strået med eit innertreff meir enn Sander, men flott skyting av begge to.
På Grovfelten fekk laget også ein meister. Jakob Eide tok denne I land I V-55 med 28/14, noko som også ga han 6. plassen totalt. Best på Grovfelten frå oss blei Dag Skår med 29/18 og blei nummer to totalt, berre slegen av Liv Sollesnes med fullt hus.

Vidare kan me nemna at Joakim Øye igjen skaut 30 treff, men med litt for lite innertreff for å klatra heilt til topps. Han fekk ein god andreplass.
I V-73 hadde me 3 stk med. Nils Lysen blei best av våre med 30/25 og tredje plass. Ingebrigt Heradstveit fekk 30/19 og 4. plass. A. Tveiten blei nummer 8.

I klasse 1 hadde me med 2. Stig Aase forbedra seg frå førre helg og skaut gode 25/10 og blei nummer to I klassen. Håvard Brurok blei nummer4.

Samlagstemna i felt 10. april på Voss
 Ungdomane våre var atter ein gong i teten, under samlagstemnet i felt. Gledeleg også at Tørvikbygd var det einaste laget som stilte med Aspirantar på SM. Amalie Eide Aase og Endre Økland skaut godt på Voss i det fine vårveret, og me trur dei fekk ein flott opplevelse av kva feltskyting er for noko.

Laget fekk ein meister i år og ein klassevinnar. 
Isak H. Måkestad tok ein suveren siger i Rekruttklassen. Med 30 treff i innleiande, og skive 1 i finalen, og med full pott i finalen med 12/9, så inntok han øverste trinnet på pallen. I denne klassen var også Sander Eide Aase med, og han skaut så godt at også han tok seg til finale, og vart ein opplevelse rikare.

I ER klassen var det jamnare i teten. Joakim låg også på skive 1, etter 30/27 innleiande, men måtte sjå Morten Øyeflaten gå forbi seg med eit innertreff, men ein flott andreplass på det første stemne med "skarp" ammo. Dei tre som hadde 30 treff innleiande fortsatte med fullt også i finalen.

I juniorklassen var også skive ein i finalen okkupert av ein Tørvikar. Kjetil Skår låg der med 30/24. Han vart litt skeiv i finalen og mista litt på kne, men likevel ein flott andreplass på podiet.

Lagkonkuransen blandt ungdomane tok også våre unge seg av. Alle med 30 treff og ei røys med inner, så heldt det i massevis.

Veteranane våre Nils og Ingebrigt skaut også fullt på den innleiande skytinga og fortsette med fullt i finalen, men med litt for lite innertreff, dei fekk hederlege 3. plass og 4. plass.

Stig Aase i klasse 1, skaut feltkonkuranse for første gong, og ein skikkeleg pangstart blei da. Vann like godt klassen 1 på samlagstemna.
Blandt dei andre på grovfelten var det berre Jakob Eide som kom seg vidare til finale i V-55. Fekk ikkje heilt klaff i finalen og hamna uteanfor podiet.

Voss hadde eit flott opplegg, og når veret i tillegg spelte på lag, var det ein flott opplevelse på Voss.
13 stk frå oss deltok på stemna.
 Følg linken til Voss si heimeside for fleire resultat. Voss finn du her

Meldlemsmøte 01. mars
 Hugs medlemsmøtet 01. mars klokka 19. Tema er Vangdalsåsen skyteanlegg, status og veien vidare.

Skyttarfest 26. februar
 Etter at dei unge var ferdig med temakvelden var det klart for party for dei vaksne skyttarane i laget. Det var nesten 20 år sidan sist me hadde skyttarfest, så det var på tide hevda mange. Eit godt måltid mat, quiz og anna moro stod på programmet, og ettermæle var at dette måtte me fortsetja med. Det blei ein triveleg kveld og natt :)

Temakveld med Pizza for dei unge
 Den 26, februar hadde me temakveld med pizza og premieudeling til dei unge på skytebanen. Born og foreldre hadde ein triveleg seanse med god mat, tema for kvelden var feltskyting, som no er neste øvelse for våre nye skyttarar. Ungdomsleiaren vår losa dei trygt i gjennom kvelden.

Finale i Lapua cup 2016
 Den 21. februar var det duka for finale i årets H&V Lapua cup. Denne gjekk av stabelen i Jondal frå tidleg morgon til sein ettermiddag, der dei ulike klassane skaut innleiande 25 skot og ein "superfinale" etterpå. Me hadde fleire som var kvalifisert til finalen, og dei fleste som møtte opp beit godt frå seg. Me fekk to vinnarar denne gongen. Isak Måkestad tok ein suveren siger i rekrutt klassen med 348 poeng. Den andre vinnaren fekk me i junior klassen med Kjetil Skår, også han blei ein suveren vinnar. I Eldre rekrutt klassen blei Joakim Øye numme 3. I tillegg så hadde me med 10 aspirantar som alle gjennomførte minst 4 stemner, slik at dei fekk seg premie.


Lagsmeisterskap miniatyr 2016
 Den 17 - 18 februar blei årets innandørs sesong på Eide offisielt avslutta med Lagsmeisterskap. Også i år var det framifrå oppmøte. 31 stk med stort og smått kjempa om heder og æra. Jamnt fordelt mellom vaksne og unge med 17 vaksne og 14 av den yngre garde. Det blei spanande i mange klassar om kven som til slutt kunne tittulera seg som lagsmeister. Suveren meister i klasse 3 - 5 blei ikkje uventa Dag med 344 poeng og med dotter Kristi på ein flott andreplass. Me må og nemna Sander Eide Aase som no på slutten av sesongen har hatt ei kjemppeutvikling og toppa det heile med sin første lagsmeister tittel med å vinna rekruttklassen. Høgast poengsum var det i år Joakim som stod for i Eldre Rekrutt klassen, med sine 347 poeng. 

Me ser av resultata i dei fleste klassar at nivået har heva seg i det siste og dette er nok som resultat av god trening over tid.
Det er og gledeleg å sjå at så mange av våre nye har vore med på dei fleste treningane gjennom vinteren og mange er no klare for å ta det neste steget i utviklinga.

Det vil fortsatt vera muligheit for trening på Eide heilt fram til påske. Då vil me flytta elektronikken inn til Lysebanen.



Samlagstemna i miniatyr 6. og 7. febr. i Odda
Samlagstemna I miniatyr blei halden I Odda med Folgefonn og Odda som arrangørar. 13 stk tok turen over fjorden og under Fonna til Odda. Det var blandt dei yngste me fekk titlar.
To samlagsmeistrar fekk me I år ved Kjetil Skår I Junior og Isak H. Måkestad I Rekruttklassen, begge med 344 poeng, og begge fekk medalje og diplom. Joakim Øye blei nummer to I ER klassen med 347 poeng, og ungdomsmedalje.
I klasse 3 - 5 blei det jamnt I toppen. Vinnar blei Liv Sollesnes med 344 poeng. Same poengsum hadde Dag Skår , med med mindre inner blei det ein 3. plass på han denne gongen.
Me må også nemna Amalie Eide Aase som I aspirantklassen skaut heile 245 poeng, her er det noko på gong....
Mange fekk gåvepremie med seg heim også.




Krinsstemna i miniatyr 2015. 5 - 7 februar
Strandebarm stod som arrangør av årets krinsmeisterskap I miniatyr. Heile 25 stk frå laget vårt deltok. Fleire sette personlege rekordar og me fekk 5 krinsmeistrar til Tørvikbygd.
Beste resultat stod nok junioren vår Kjetil Skår for. Han skaut berre tiarar og med 350 poeng, blei det ein suveren siger.
Vidare: Magne delte sigeren I klasse 3 - 5 med Trine Flotve, begge med 344 poeng. Jakob toppa lista I kl V-55. Joakim tok ein knapp siger I ER med 347 poeng og Isak vann rekrutt klassen, eit poeng føre lagkompis Sander, som på dette stemne slo til med gode 340 poeng og ny pers.
Gledeleg også at våre "Nye" skyttarar I klasse 1 og 2 hevdar seg heilt I toppen. Tore med 337 I klasse 2, Ragnhild og Stig med 247 I klasse 1, sterke resultat I desse klassane.



Årsmøte i skyttarlaget Fredag 27.11.2015
 Protokoll og tillitsvalde for 2016 finn du I menyen til venstre (Om oss)
Sjå innkallinga her

Lapua cup H&V i miniatyr 2015
 I veke 45, 2 - 7 November startar årets cup. Klikk på facebook linken og sjå meir info om opplegget der.

Der kan du også følgje med på oppdaterte resultat etterkvart som dei kjem inn. Eller følg linken under.

Westcon cup finale 6. september 2015

Kjetil Skår skaut fantastisk og vann årets utgave av Westcon cup finalen som blei halden I Jondal.

Kjetil avslutta sesongen på ein glimrande måte I det første året som junior med å vinna finalen I årets Westcon cup. Han vann med knappast muleg margin, ein innertiar føre Madt Aadland Vad frå Stord. Begge skaut 349 innledande og avslutta med 100 på dei siste 10 finaleskota, som blei skotne på kneståande. Der hadde alså Kjetil ein innertiar meir.

Me hadde fleire til finale I Jondal og mange av dei var med I "superfinalen" Kristi Skår blei nr 3 I klasse 3. Same plassering fekk Dag Skår I kl. 3 - 5 og Jakob Eide I V-55 klassen. Alle desse fekk premie. I rekruttklassen avslutta Joakim Øye også til premie, då han blei nummer 4. Fjerdeplass blei det også på Nils Lysen I V-73.

Resultatfinn du her.





Skytingens dag sundag 6. september
Som i fjor arrangerte Tørvikbygd Skyttarlag Skytingens Dag på Augestad stølen. Ein forskjell blei det i år - det blei eit strålande haustver, og over 60 stk med stort og smått tok turen til støls. Imponerande at bygdefolket tar den ca 2,5 km lange turen opp til stølen, og dei fleste kom til fots. Dette gjer at det er kjempeartig å vera tilretteleggjar for aktivitetar, stor takk til deko.
Opplegget var tilnærma det same som i fjor, med skyting, ein spasertur på ca 1,7 km med ulike oppgåver undervegs. Runden var lagt opp til ei "idealtid" på 40 minutt. Dei starta med å skyta 5 skot mot skiskyttarblinkar, på 50 meter. Etter skytinga blei klokkene starta, og dei som ikkje fekk ned alle blinkane måtte ta ein liten "strafferunde" på stølen. (ekstra trim i den fine haustsola).
Første post på runden var å svara på kor høgt over havet den nye skytebanen i Vangdalsåsen ligg, og kor lang den nye vegen som er laga inn til skyteanlegget er. Neste post var å finna ulike gjenstandar me hadde plassert ut i terrenget, og siste post var avstandsbedømmelse. Eit lite infanteriløp med andre ord.
Etter målgang var det grilling og premieutdeling. Ansvarleg for grillinga var pensjonistane i laget med Anna Sigrid Øye i spissen. Standplass "sjefane" våre var Kjetil Måkestad og Jakob Eide. Alle fekk Skytingens Dag medalje. Og dei som var nærast idealtida fekk ein ekstra premie. I år blei det Guro og Jostein Bråten. På slutten av seansen orienterte Dag Skår litt om status og veien vidare på det nye skyteanlegget i Vangdalsåsen, som no er ferdig med vei og grunnarbeid. Ein flott seanse med litt av kvart i ettermiddagssola på Augestadstølen.



Lagsmeisterskap Bane 2015
Den 2. og 3. september blei årets siste offisielle stemne på Lysebanen gjennomført med Lagsmeisterskap for alle klassar. Fint seinsommarver med brukbare forhold for skyting. Heile 26 stk møtte til dyst. Mange i klasse 1 og dei fleste av vår yngre garde møtte opp.
Beste resultat kom på 100 meteren, der Nils Lysen i klasse V-73 fyrte inn fullt hus og ei røys med innertiarar, meget bra av ein som til neste år har 80 års jubileum.
På 300 meteren blei det ein jevn kamp om tittelen mellom våre normalt to beste i klasse 3 - 5, Magne Lysen og Dag Skår.
Denne gongen var det Magne som trekte det lengste strået med 341 poeng, eit poeng føre Dag.
Jakob Eide og Kjetil Måkestad skaut også bra i henholdsvis klasse V-55 og klasse , med 340 og 339 poeng.
I klasse 1 var det gledeleg at 5 stk møtte opp til tevling. Her var det Stig Aase som stakk av med førsteplassen med 240 poeng.
Blandt dei som skaut med finkaliber, dagen før var det litt vind i segla, men dette takla dei godt og mange flotte resultat av dei yngste. Best i rekrutt klassen blei siste års rekrutt Joakim Øye med fine 346 poeng.
Då er det berre å førebu seg på ein ny innandørs sesong for dei som ikkje skal skyte finale i Westcon cupen. Me satsar på at anlegget på Eide skal vera klart til bruk etter haustferien til skulane. som er ferdig 11. oktober.

Resultat finn du her.

Bilder under viser ein fornøyd ungdomsgjeng etter vel gjennomført skyting.



Krinsmeisterskap Bane på Varaldsøy 23.08
Vareld stod som arrangør av årets krinsstemna på bane den 23. august. I år blei stemna helden på Varaldsøy på elektronikk. Det er nokre år sidan me har vore der ute og skote no. Dei hadde lagt til eit flott opplegg, og når vergudane også var på deira side, blei det eit flott arrangement. Med 4 skiver på 100 meter og 5 på 300 meter gjekk det greit unna. Og i tillegg hadde dei stang på elektronikk.
Me fekk i år to Krinsmeistrar og ein klassevinnar. Joakim Øye vann rekrutt klassen med 345 poeng, føre lagkompis Isak H. Måkestad. Pappa til Isak, Kjetil, tok sigeren i 2. klassen med 333 poeng, og bestefar til Isak, Sverre Måkestad vann klasse 1 med 246 poeng. Me sanka fleire 2. plassar og andre "hederlege" plasseringar.
Sjå ellers resultat på mitt DFS eller på Vareld si heimeside.

Bilder av fornøyde karar: Joakim vann rekrutt klassen og Sverre Måkestad vann klasse 1.


Samlagstemna Bane 2015

Ein fornøyd ungdomsgjeng frå Tørvikbygd. Frå venstre: Isak Måkestad, Kjetil Skår, Joakim Øye og Sander Aase

Den 16.08 blei årets samlagstemne arrangert I Eidfjord. Tørvikbygd fekk heile tre samlagsmeistrar på denne stemna. Dag Skår med ein suveren siger I klasse 3 - 5.

 347 etter 100 med 9 sentrum og heile 5 poeng føre Liv Sollesnes på andre plass.

Like suveren siger tok sonen Kjetil Skår I junior klassen med 348 poeng (også han med 9 sentrum I finale), også han 5 poeng føre nummer to.

I rekrutt klassen var det Joakim Øye som til slutt stod øverst på pallen med tre poengs margin ned til nummer to. På tredje trinnet I denne klassen fekk me Isak Måkestad, etter at han skaut ein god finale og avanserte opp på pallen.

Arrangementet gjekk ikkje heilt på skinner, ettersom nokre skiver tydelegvis ikkje takla cal.22. Heldigvis for våre yngste tok Dag tak I dette og dei fekk skyta om igjen på skiver som takla dette betre. Me skal vera forsiktig med å kritisera for mykje ettersom me er fleire små lag med begrensa ressursar og kompetanse, men vedlikehold og innsikt I elektronikkens virkemåte er ein vel så viktig del I å arrangera stevner som å organisera og planleggja, og det er eit krav.

Reultat finn du her: https://www.dfs.no/aktuelt-na/resultater/?eventId=142938&class=R

Sjå forøvrig omtale og bilder H&V si heimeside her: http://www.skytterlag2.no/skytterlagssider/hardanger_og_voss/Samlagsstemna+Bane+2015.hTZ9yTwBHS00.ips


LS 2015 på Lesja 1. - 7. august
09.08.2015: Oppsummering av LS 2015

Årets LS på Lesja er over og det er tid for eit resyme. Facebook blei oppdatert undervegs på LS, slik at dei som ikkje var tilstades kunne vera oppdatert. Av 14 skyttarar som reiste til Lesja, så fekk me oppleva at det blei 9 finaleskytingar på Vidflåtten skyteanlegg, der me hadde deltakarar frå laget vårt. I feltfinalar hadde me 5 med og 4 på bane. På forhånd hadde me mest tru på ungdomen vår, Isak H. Måkestad, Joakim Øye og Kjetil Skår, i tillegg til Dag Skår. Dei har skote godt i det siste, og desse innfridde.
I tillegg fekk Jostein Bråten skyta banefinale i klasse 2 (239) fekk ikkje heilt klaff her. Magne Lysen skaut saman med Kjetil Måkestad feltfinale i klasse 2 - 5 ogV-55, begge hadde som utgangspunkt 28 treff, der Magne skaut best, miste eit treff, eit for lite til medalje.
Kjetil og Isak kvalifiserte seg til finalar både på bane og felt, gjorde framifrå prestasjonar, men gjekk glipp av medaljer. Joakim var kvalifisert til finale på bane som 8. beste i rekrutt klassen, med kjempegode 249 poeng, og gjorde jobben sin godt. Med 99 på finalen og 348 poeng,sikra han seg medalje på banen, og blei nummer 8 totalt.


Dag viste på denne stemna at sjølv "amatørane" kan hevda seg blandt dei meir proffe. Han kom inn blandt dei 30 beste etter at finalane på banen var unnagjort og sikra seg nok ei stjerne med 343. Stjerne sikra han seg på felten også etter 28 treff innleiande og fullt i finalen.

På Lesja fekk me oppleva feltskyting på elektronikk for første gong. Dette var ein fantastisk opplevelse - ingen kø - flott feltløype - og berre positive tilbakemeldingar frå deltakarane. Dette er framtida i felt.
Det meste fungerte greit på Lesja, sølv om veret prøvde til tider å leggja ein dempar på opplevingane, med ned mot - 5 grader om natta. Det einaste redaktøren vil setja fingeren på er prisnivået i matbuene - prisar alla 5 stjerners resturantar og at me er forbi prisnivået for ein ordinær campingplass på skyttarcampen.

Bilde av Joakim på standplass og frå medaljesermonien.




Skytetider LS
Eller her, der me berre har tatt med våre

Her er linken til live og resultater


Lagsmeisterskapen i felt 23.07.2015
Dei siste åra har me arrangert LM i felt tett inntil LS, med LS opplegget som program. Dette for om mulig å få fleire til å møta opp på feltskyting. Det viser seg at det stort sett berre er dei som skal på LS som møter opp og skyt seg inn og dermed er med på LM i felt. Kanskje det blir litt tett på LS? Kanskje me skal prøva å få dette unna litt tidligare, slik at det ikkje blir midt i ferien. Me får ta debatten på komande årsmøte.
I allefall så blei det skote kanonbra av dei fleste som var med. Dette lovar bra framfor LS. På grovfelten var det 3 stk som skaut fullt, med Dag Skår som vinnar med flest innertreff, føre Jakob Eide og Magne Lysen.
På finfelten var det også 3 stk som fyllte. Andreas Tveiten hadde funne sentrum, og  med 30/25 vann han V-73 føre Ingebrigt Heradstveit med 30/16.
I Rekruttklassen blei også vinnar resultatet fullt hus. Joakim Øye hadde 30/13.

Her finn du resultatliste

Hordastemna bane 2015 12 - 14 juni
Ein glad HordameisterJoakim Øye blei Hordameister i klasse rekrutt med fantastiske 349 poeng.
Det blei nok ein gong dei yngste som sørga for at me  fekk ein tittel på årets Hordameisterskap i baneskyting. Me hadde tre unge lovande med på årets stemna. Den innleiande skytinga viste at dei hadde skumle hensikter. Isak skaut 245 og la lista, kvala lett inn til finale. Neste ut var Joakim og Kjetil - begge fortsatte med fantastisk skyting, Joakim med fullt hus, 250 poeng og nokre inner bak ledaren i rekruttklassen, og Kjetil med 247 i junior, noko som ga han skive to i finalen, berre eit poeng bak teten.
Blandt dei "godt vaksne" så var det Nils og Ingebrigt som skaut godt. Nils med 250 og Ingebrigt poenget bak, begge klare for finalar. finale blei det også på Kjetil Måkestad og Ann Kristin Strømme i klasse 2, begge med 240 poeng. I klasse 3 - 5 var det berre Dag som gjorde jobben, 244 og i kongelaget.
Etter innleiande skyting var over så var det lagskyting som stod for tur. Me hadde lag med i alle klassar. Verken seniorane eller veteranane fekk alle skota til å sitja der dei skulle og havna eit stykke nede på listene, sjølv om Dag skaut fenomenalt som ankermann hos seniorane med 100 poeng og åtte sentrum, og beste individuelle resultat.
Men ungdomane våre - dei feila ikkje: Isak 99 poeng, Joakim følgde opp med 100 poeng og Kjetil avslutta med 99, dermed tok Tørvikbygd sigeren i lagskytinga- Grattis med fantastisk skyting alle tre, og gylt medalje.




Men det var ikkje slutt med dette. Søndagen er jo samlagskytingsdag og finale dag. Me hadde fleire skyttarar i samlagskytingane utan at det blei nokon vinnarar til H&V. Men det va nære på for ungdomane. Når alle hadde skote, var det heilt likt mellom Hordaland og H&V og omskyting. Her blei Hordaland for sterke, men ein flott andreplass til ungdomen. Kjtil var ankermann her.
Finaleskytingane starta med klasse 2 for vår del. Kjetil la inn 98 og avanserte til andreplass og medalje. Vidare var det dei eldste sin tur. Verken Nils eller Ingebrigt fekk full klaff, begge fekk 99 og dermed så havna dei utanfor sigerspallen denne gongen. Dag gjorde jobben sin godt blandt seniorane, skaut til 99 og avanserte til 5 plass og stjerne. Her blei sigerspallen tapetsert av det kvinnelige kjønn, med Liv Sollesnes på topp føre Eileen Torp og Elisabeth Skudalsnes, alle med 345 poeng.
Så var det dei yngste sin tur. Isak skaut godt og med 97 poeng avanserte han ein plass og enda på ein flott 6. plass, så var det Joakim som skulle få anvist sin serie, den sat litt skeivt og da sneik seg ut ein niar, men når alle hadde fått anvist var det Joakim som kunne tittulera seg som Hordameister i rekruttklassen - Grattis.
Finalane for vår del blei avslutta med Kjetil Skår i Junior klassen, Kjetil skaut fenomenalt 100 med 9 sentrum, men når Mads på skive 1 gjorde det same så blei det eit pong bak, men ein flott andreplass til Kjetil og ungomsmedalje.
Sjølv om me er midt i juni så var temperaturen haustleg - rundt 10 grader og til dels vindigt.


Lovely Hannover´s minnepokal 09.06.2015
14 stk møtte på Lysebanen, og av dei så var 5 i frå Strandebarm. Og det viste seg at Strandbermingane skaut glimrande, og tok dobbeltsiger i år. Johs. Skår Bakke skaut til 295 poeng og var med det eit poeng føre eldre rekrutten Morten Øyeflaten.


Norheimsundstemna 2015

20 - 22 mai. 2015 blei det arrangert åpent stemne I Tolomarka for siste gong, og våre skyttarar markerte avslutninga med å kapra fleire sigrar og gode plasseringar.

 Dag Skår slo alle eliteskyttarane og kapra førstplassen I kl 3 - 5 med 344 poeng. Åsne Skår følgte godt opp med 343 poeng og ein flott 4. plass - formen er på gang.

Kjetil Skår tok seg av sigeren I junior med 347 poeng. Han har stabilisert seg på eit høgt nivå I det første året I junior.

I Rekruttklassen blei det ein spanande duell mellom Joakim og Isak. Begge skaut fantastisk godt og sette begge pers. Joakim med 349 (og 9,9) og Isak med 347. Suverent av begge og langt ned til nummer tre.

Gledeleg også at fleire av våre "Nye" skyttarar tok turen til Nhs og fekk konkuranse erfaring. Dette lovar godt for framtida vår.

Sjå ellers fullstendige resultatlister på Nhs sine heimesider. https://www.dfs.no/hjemmesider/hardanger-og-voss/noroys/nyheter/2013/norheimsundstemna-20.--22.-mai/


1. mai stemna 2015

Då er årets 1. mai stemna ferdig og gått over i historien. Og det blei i år sett ein solid og fantastisk rekord i antall skyttarar som deltok. Heile 260 stk gjennomførde årets stemna, noko som er svært kjekt for oss som er arrangørar, og det blei skote fantastisk godt, både på 100 meteren og på 300 meteren. Eileen Torp som leia stemna etter at torsdagens skyting var over, tok sigeren heim til slutt. Ho vann med 345 poeng på rangering føre Arild Brodal og Liv Sollesnes.

På 100 meteren var det heile 11 stk som skaut fullt hus, noko gode verforhold og ikkje minst god skyting er medvirkande årsaker til. Spesielt kan nevnast vinnaren i klasse junior, Kjetil Skår med 350, der 11 av skota tross alt er på kne og vinnaren i klasse V-65, Sverre Krutnes, som hadde 350 med 30 sentrumstiarar.

 I V-55 ble det ringreven og evigunge Alf Høysæter som vann, også han med 345 poeng. 

Forutan at Kjetil Skår frå laget vårt vann sin klasse fekk me også vinnaren i klasse 2 ved Kjetil Måkestad, vinnaren i klasse 1 kom også frå Tørvikbygd, nemleg Tore Bråten. 

Stemna blei gjennomført etter plan og me takkar alle som kom og skaut og alle som hjelpte til for at stemna nok ein gong blei ei god oppleving for alle. Vell møtt neste år.

Resultat

Innbydinga finn du her


Sjå ellers oppdaterte resultat.

Her er bilde av Eileen Torp frå Sartor som vannr i klasse 3 - 5. (Fleire bilder kjem seinarare)


Me ber om at stemneoppgjeret og premielister blir sjekka av deltakande lag, og eventuelle merknader blir sendt laget innan 10. mai.

Stevneoppgjør 1. mai 2015        Meisterskap 300 m   Premiering 300 m

Presseliste 1. mai 2015                Meisterskap 100m    Premiering 100 m

Stevna inngår i Westcon cup


Vårpremieskyting 25.04.2015
Då har me gjennomført første stevna med live visning, og oppdatering etter kvart på resultata, på Lysebana. Det såg ut til å virka som det skulle. Det var og særs gledeleg at så mange som 23 stk møtte opp i det litt sure vårveret. Tradisjonen tru hadde alle med seg premie, så alle som skaut fekk med seg premie heimatt. Det kom også 7 stk frå Strandebarm, så me ble ein god gjeng på banen i dag

Her finn det resultata.



Hordastemna i felt 19.04.2015

Då e finalane unnagjort og våre tre som tok turen sørover kan seia seg svært nøgde med turen. Alle tre skaut gode finalar og fekk med seg heim att medaljer/stjerner. I tillegg fekk alle gåvepremie frå den innleiande skytinga.

Joakim heldt plassen sin I finalen I rekrutt klassen og blei nummer to, og fekk medalje, berre slått av den suverene vinnaren frå Sveio, Olve Birkeland. Kjetil skaut den beste finalen I junior klassen og klatra opp på pallen til tredjeplass og medalje. Dag gjorde også sine saker bra I finalen og enda til slutt på ein flott 8 plass, noko som heldt til stjerne.

Forholda var fine for feltskyting, med flott vårsol. Einaste var nok at stemna blei ein del forseinka, så det blei mykje venting og seint heim frå Sunnhordaland.


Fullstendige resultatlister kjem sikkert om ikkje så lenge.

     Den innleiande skytinga er over for våre tre deltakarar som har teke turen sørover til Vindafjord, og alle er klare for finale. Best så langt er Joakim Øye i Rekrutt klassen. Han ligg som nummer to med 29 treff. same anntall treff har Kjetil Skår i Junior klassen, han ligg på 4,de plass. Dag Skår får nok også skyta finale med sine 28 treff. I følge Dag så er det litt trekk i lufta der nede i sunnhordaland, så ingenting er avgjort før finalen er skoten. Kjem tilbake med meir oppdatering etter finalen.


Krinsstemna i felt 28. mars
Norheimsund & Øystese stod som arrangør av årets stemna og 44 stk hadde funne veien til Tolomarka i eit flott vår- og skytever, vindstille og gode lysforhold.

Laget vårt fekk 3 Krinsmeistrar. I rekruttklassen tok Isak Måkestad topplasseringa - I juniorklassen kapra Kjetil Skår 1. plassen og i V-73 var det Nils Lysen som steig opp på øverste trinn på sigerspallen. Alle tre holdt stødigt skaut fantastisk godt, grattis.
I rekruttklassen var det eit internt oppgjer, kun Tørvikbygd hadde med deltakarar, og Isak var på på alle hold, berre eit skot sneik seg utforbi og dermed tukta han Joakim denne gongen.
Kjetil i juniorklassen var og til dei grader "på" - 30 treff og 26 innertreff i juniorklassen er kjempegodt.
I den eldste klassen, V-73, var nivået kjempehøgt, alle 6 deltakarane hadde 30 treff, og der altså Nils hadde flest innertreff.
På grovfelten var det nok ein gong Dag som kom høgast. Med 29/22 kapra han nederste trinn på pallen i klassane 2-V55 og 3 - 5.
Resultatlistene finn du her

Samlagstemna i felt sundag 22 mars 2015
Årets samlagstemna i felt blei halden rett over fjorden i Jondal, på skytebanen i Jeskadalen. I år var det lagt opp til kjende avstandar på grovfelten og skytinga foregjekk frå standplassane, både på fin- og grovfelten. Jondal hadde laga til eit fint opplegg, som blei passeleg utfordrande. Det var eit surt ver, med sluddbyger innimellom, så det var nok mange som var enig med underteikna at det hadde vel ikkje vore så mange med, dersom me skulle ha lege ute.
Våre skyttarar prega, "nesten som vanleg" resultatlistene i toppen i år også. Me fekk heile 5 meistrar/klassevinnarar, og i tillegg vann laget vårt lagskytinga på grovfelten og napp i vandrepokalen som er oppsett der. (Hadde me huska å melda på veteran lag, så hadde også dei vunne, då både Ingebrigt og Nils skaut fullt på innleiande)
Nok ein gong var det den eldre og den yngre garde som kapra meistertittlar. Nils Lysen skaut 12/8 i finalen og med fullt i innleiande blei han meister. Joakim Øye skaut og fullt innleiande og leia med tre treff føre finalen, og når han då skaut den beste finalen på finfelten - 12/9 blei han ein suveren vinnar i rekrutklassen, her blei forøvrig Isak Måkestad nummer tre og fekk også medalje.
Kjetil Skår hadde eit meir spanande oppgjer i klasse junior. Han var likt med Andreas Brekke etter innleiande, begge med 30/25, men Kjetil skaut 11/7 i finalen og det heldt til siger.
På grovfelten skaut Jakob Eide godt i finalen, han var likt med Per Jan Sandven før finalen , men Jakob trua inn 11 treff i finalen og sikra 1. plassen i V-55. Klasse siger blei det til Håvard Brurok i klasse 1, med 18 treff.
Dei klassaførde var også heilt i toppen. Det blei til slutt berre Liv Sollesnes som var føre Magne og Dag på reultatlistene, så andre og tredjeplass blei det til slutt på våre beste.
Gå inn på H&V si heimeside for fullstendige resultat. eller følg linken her

To fornøyde samlagsmeistrar Rekruttmeister Joakim Øye og Juniormeister Kjetil Skår



Finale H&V cupen i miniatyr 15. februar

Då er finalen i H&V cupen over, og med det er konkuransane i miniatyr også slutt for i vinter. Arrangementet gjekk av stabelen i Strandebarm med Jondal Skyttarlag som arrangør. Her var det lagt til rette med live bildevisning fra standplass og kommentarar undervegs, i tillegg til den vanlege livevisningen me er vant til. Det høyrdes ut til at dette blei godt motteke av dei frammøtte. Det var i allefall mykje folk i kafeteriaen heile dagen. Undervegs blei det også premieutdeling for dei klassane som gjorde unna sine finalar straks etter innleiande skyting var over. Premiebordet var rikholdig, med Sparebanken Vest og Marine Harvest som gode bidragsytarar til dei flotte premiane, så dei fleste fekk med seg premie heimatt.

Då er dei offisielle resultatlistene klare. Laget vårt fekk 3 vinnarar i finalen. Alle som var kvalifisert for denne finaleskytinga starta på null som utgangspunkt, så sjangsane for å vinna var like stor for alle. Dei yngste og dei eldste skaut sine innleiande 35 skot og med 5 enkelskot, med anvisning for kvart skot til slutt. Klasse 3 - 5 skaut først 35 skot innleiande og med ein "superfinale " til slutt med dei 8 beste skyttarane.
Dei eldste var først i ilden. Her hadde me med Nils Lysen, og Nils gjorde sine saker framifrå. Etter å ha skote 349 på dei første finaleskota, avslutta Nils med 50 på dei siste 5, og berre eit poengtap totalt. Dette blei finalens høgaste poengsum og klar vinnar av V-73 klassen.
Den neste klassen me fekk ein vinnar i var Junior klassen. Me hadde med Kjetil Skår. Her blei det svært jamnt etter dei første 35 skota. Kjetil og Andreas Brekke var heilt like på 342 poeng, og det blei ein spanande avslutning. Her viste Kjetil seg som den sterkaste og drog sigeren i land etter berre å ha avgitt eit poeng på dei 5 avsluttande kneskota.
Rekruttane var neste klasse der Tørvikbygd fekk ein vinnar. Joakim Øye hadde skive 1 i finalen, etter å ha vore best i kvalifiseringa. Denne plasseringa heldt han heilt i mål og vann rekruttklassen. Nr 2 i denne klassen var også ein "tørvikar", Isak Måkestad gjorde også sine saker godt og klatra opp til 2. plass til slutt. Begge avslutta med 5 strake tiarar på sine 5 enkle skot.
Til slutt var det dei klasseførde (3 - 5) som skulle kjempa. Her hadde me med Dag Skår, og det såg lenge ut til at Dag skulle kjempa heilt i toppen. Men eit litt uheldig ladegrep på omgangen, førde til at Dag fekk klikk på eit skot, og dermed rakk han ikkje å få ut alle skota. Men til tross for eit mindre skot ein dei andre, heldt det likevel til "superfinale" og 6. plass totalt.
Vinnar blandt "elitegjengen" blei Liv Sollesnes føre broren Bjarne.
57 stk skaut den avsluttande finalen i Strandebarm. Totalt 182 stk skaut ei eller fleire stemner i cupen, og svært gledeleg oppi det, er at heile 65 aspirantar har vore innom. Dette lovar godt for rekrutteringa i samlaget.
Me vil få takka Jondal Skyttarlag, og spesielt Liv og Bjarne, som drog i gang denne cupen. Eit ypperleg tilbud som mange har sett pris på gjennom vinteren, og som fekk ein litt "spektakulær" avslutning. Me håpar at denne cupen blir vidareført til neste sesong, noko Liv på direkten sa at dei "ville jobba for".

Resultat frå finalane finn du her.

Her kan de sjå ei redigert ugåve av sendinga frå finalen:

https://www.youtube.com/watch?v=M-lL5X-VT24

To fornøyde kara i rekruttklassen. Isak Måkestad nr 2 i finalen og Joakim Øye nr 1


Lagsmeisterskapen i miniatyr 11. og 12. februar
Då er årets lagsmeisterskap i miniatyr vel i havn. Heile 35 stk har avfyrt sine skot mot blinkane på Eide. At så mange stilte opp er berre heilt fantastisk og ein solid rekord for innandørs lagsmeisterskap i Tørvikbygd si historie. Måtte da berre vara framover. Da vil forsatt vera trening for dei som ønskjer det framover til påske. Då vil me så småningom starta opp på Lysebana.
Me skal snart setja opp terminlista for skytingane på Lysebana, og er det nokon som veit at enkelte dagar blir opptekne med anna aktivitet, så vær snill og gje beskjed, slik at me kan prøva å tilpassa det slik at me får flest mogleg med oss vidare.

Så tilbake til LM. Våre "nye" skyttarar i alle klassar skaut svært godt på lagsmeisterskapen, og fleire "toppa" da med personlege rekordar på stemna.
Lagsmeister i klasse 3 - 5 ble ikkje uventa Dag Skår med 341 poeng og med god margin til nr to på lista. I klasse 2 blei det og ein overlegen siger til Kjetil Måkestad med solide 346 poeng. Då var det langt javnare i mange av dei andre klassane.
Høgaste poengsum var det Nils Lysen i V-73 som stod for med gode 347 poeng.

For dei yngste, aspirantane våre, vanka det premiar for lagsmeisterskapen samt H&V cupen etter endt skyting. Og Isak fekk sin medalje for tredjeplassen frå samlagsmeisterskapen overrekt. Så premiehyllene er begynt å fyllast:)

Resultatliste frå lagmeisterskapen finn du her

Under ser de ein flott gjeng med sine premiar frå H&V cupen og lagsmeisterskapen. Fleire fekk i tillegg merker for oppnådde resultat i det siste. Håpar de fortset med jamnt oppmøte på treningane framover, så kjem og resultata til å bli betre og betre. Tolmodigheit er i høgste grad gjeldande i denne sporten.



Samlagstemna i miniatyr 6. - 8. februar
Den 11.02. blei det gjennomført omskyting for dei som skaut på den defekte skiva under meisterskapen. Kjetil Skår var ein av dei, og Kjetil nytta høve godt. Han skaut 341 poeng på onsdagskvelden og blei med det meister i junior. Dermed så fekk me 3 meistrar til laget i år. I siste laget på søndag skaut Joakim Øye og Jakob Eide kanonbra, vann sine klassar på årets meisterskap. At Jakob er god og har vore god i mange år veit me godt. Men å hevda seg i toppen i klasse V-55, er likevel svært sterkt av ein som er fødd i 1947:) Vinnar resultatet blei 342 poeng, eit poeng føre nestemann.
Det beste resultatet på årets stemna tør redaktøren påstå var Joakim sin prestasjon i rekrutt klassen. (Med fare for å væra ein smule inhabil her).- Ikkje berre vann han, men han skaut til suveren personleg rekord, og hadde beste poengsum, uansett klasse. Han opna med fullt hus 250 poeng, og forsette med 99 på omgangen. Sluttsummen 349 er ein meget sterk prestasjon, uansett klasse.
Skyttarlaget vil få gratulera våre samlagsmeistrar så masse.
Men laget haddet fleire som var "tett på" med god skyting. I rekruttklassen har me fleire som skyt godt og Isak H. Måkestad kapra ein flott tredjeplass og fekk med det medalje - grattis.
Dag Skår er som vanleg med i toppen i klasse 3 - 5, han skaut til 345 poeng, og blei berre slegen av årets samlagsmeister - Audun Kvandal frå Røldal, som stoppa på 346 poeng, og i V-73 vart Nils Lysen nr 3, mange tett på i teten.

Borstrondi stod som arrangør og stemna blei arrangert på Voss sin bane. Stemna gjekk over fleire dagar og alt gjekk vel ikkje heilt "knirkefritt". Nokre tekniske utfordringar med elektronikken gjorde nok sitt til at ikkje alle fekk dei resultata dei kanskje burde fått. Det er synd at slikt skal øydeleggje for ein iherdig arrangør, som kanskje ikkje har den erfaringa som trengs med denne type utstyr.
Dei beklagde riktignok i ettertid, men utfordringa kunne kanskje vore handtert på ein annan måte.

PS: Det blei, etter protest frå skyttarar, bestemt søndag kveld at alle skyttarar som skaut på skive 1. på stemna, skal få muligheit til å skyta om igjen. Dette på grunn av dei tekniske tilhøva på skiva.
Dette kan bety at resultatlista vil endra seg betydeleg. Kanskje me får fleire meistrar til laget?
Ka me dei som allereie er utropt som meistrar?

Resultatlista finn du her

På bilda under er det medaljeutdeling for våre tre samlagsmeistrar Joakim Øye, Rekrutt, Kjetil Skår, Junior og Jakob Eide , V-55



Krinsstemna i miniatyr 30.1 - 31.01 - 2015
31.01.2015: Årets krinsstemna i miniatyr er vel til endes med 67 deltakarar totalt. Det må me seia oss svært nøgde med. Tørvikbygd stod som arrangør og stemna blei avholdt i Strandebarm. Det ser ut til at innandørs skyting er inne i ein aukande trend med tanke på deltakarar, noko som lovar godt for framtida.
I klasse 3 - 5 blei det "heimesiger" , då Dag Skår i siste laget la inn 345 poeng. Det var eit poeng meir enn Bjarne Sollesnes frå Jondal, og med Magne Lysen frå arrangørlaget eit poeng bak der igjen, på tredjeplass. Dagens mest "uheldige" var nok favoritten Liv Sollesnes som ikkje fekk ut alle skota på 10 skoten, men likevel stoppa på 339 poeng, og høgt oppe på lista.
I ungdomsklassane var det og gledeleg mange deltakarar, med desse vinnarane: J: Kjetil Skår, Er: Morten Øyeflaten, R: Joakim Øye.
Gledeleg også med så mange "nye" skyttarar på stemna, 6 stk i klasse 1, og heile 14 aspirantar.
Andre klassvinnarar: V-55: Jakob Eide, V65: Arne Berge, V73: Lars Færevåg, 2: Kjetil Måkestad og klasse 1: Tore Bråten.
Me hadde også eit rikholdig gåvepremiebord, så mange fekk med seg eit minne frå stemna. Sjølv om ikkje teknikken var med oss, gjekk arrangementet greit unna.

PS: Då er listene retta opp, med A. Sollesnes i riktig klasse.

Dag Skår vinnar klasse 3 - 5. Fleire bilder finn de i menyen til venstre under billedalbum


Vennligst sjå igjennom premielister og oppgjørsark og gje tilbakemelding om eventuelle andre korrigeringar innan 06.02.

Resultatliste

Premielister

Oppgjørsark







Temakveld for våre nye skyttarar 27.01.2015
Då har me gjennomført temakveld for våre nye "håpefulle" skyttarar - unge som vaksne. Heile 40 stk med stort og smått møtte opp på arrangementet vårt, som me hadde lagt opp til skulle vera ein sosial kveld med litt oppfrisking frå skyteskulen, utdeling av skyttermerker, litt påfyll av detaljar i skytesporten og litt info om veien vidare. Velvillige foreldre kom med god heimelaga pizza som gjekk ned på høgkant, og med brus og kaffi attåt, såg det ut til at alle kosa seg. Da e kjekt å sjå at så mange foreldre/besteforeldre "bryr" seg, og er med på slike tilstellingar. Det gjer oss inspirasjon til å ofra endå meir tid på "framtida vår". Takk skal de ha :)

Gode prestasjonar av våre ungdomar 23 - 25 januar
I helga var nokre av våre skyttarar på stemner rundt om i riket vårt. På Voss hadde dei si tradisjonelle opne stemne i miniatyr. Vår "ferske" junior, Kjetil Skår tok likegodt førsteplassen i klassen med 342 poeng. Pappa Dag blei nummer 4 i klasse 3 - 5.
I Nordhordland var det også opne stemner i helga, nærare bestemt Lindås og Seim skyttarlag sine opne stemner. Der var det Joakim Øye som klinka til til med gnistrande skyting. 345 og 344 var nok til å ta klassesigeren på begge stemnene. Grattis begge to.


6. runde H&V cupen
21 stk møtte opp på Eide og skaut den avsluttande runden på den innleiande skytinga i H&V cupen i miniatyr. Nokre stod over denne runden, men dei var allereie kvalifisert for finalen. Finalen går som tidlegare annonsert av stabelen i Strandebarm den 15. februar.
Så for dei av deko som er kvalifisert er det å sørga for at godformen e på plass då.

Her er resultata frå 6. runde.

5. runde av H&V cupen

21 stk deltok på denne runden frå laget vårt. Mange av våre er med å kjempa I toppen I sine klassar og ligg godt an til å kvalifisera seg til finale.

Her er resultata I 5. runde


Nyttårsstemne i Jondal 2 - 4 januar
03.01: Det tradisjonelle miniatyrstemnet i Jondal er i gang. I år er det påmeldt 195 stk, og heile 26 av desse er frå Tørvikbygd. Det mest gledelege er at mange aspirantar, med sine foreldre, har teke turen over fjorden for å prøva sine ferdigheiter utanfor "løa" på Eide. Mange av dei har skote fantastisk bra også, dei to beste resultata i klasse ASP, så langt, er tørvikarar. Så langt er det også tørvikarar som er best i fleire andre klassar.

04.01:Joakim Øye og Kjetil Skår starta 2015 på best mulig måte med kvar sin klassesiger i Jondal. Joakim vann klasse rekrutt med 340 poeng og Kjetil starta første året i junior med å vinna med 344 poeng. I fleire av dei andre klassane var som vanleg tørvikarane med å prega listene tett opptil toppen.
Me håpar at mange av dei "nye" synes dette var moro og vil reise på fleire åpne stemner utover i 2015.

Sjå resultat her., eller gå inn på Jondal sine heimesider.

Romjulstreffen på OS 2014
Dag Skår tok innersvingen på heile gjengen som møte til dyst i romjula på Os. Han skaut i eit av dei første laga på tredjedag jul, med poengsummen 346, og dette heldt til ledelse heilt til stemna var slutt. Gratulera Dag med sterk skyting - det var over 300 påmeldte til denne stemna.

Sjå resultat på Os sine heimesider eller her.

Treningskytinga til ungdomane våre på Eide
Det er kjempekjekt å følja med på framgongen til ungdomane våre på treninga i løa på Eide. Sjølv om det no er litt kaldare, så presterar dei kjempegod skyting. Og det som også er kjekt å sjå at nesten alle som var med på skyteskulen, framleis er med og har det moro med skyting.
Etter nyttår skal me ha ein "temakveld" med litt oppfølging, pizza og brus, samt utdeling av merker. Kjem tilbake med tidspunkt.

Her er resultata som dei har prestert hittill.

God Jul og godt nytt skyttarår :) 

4. runde H&V cupen
Den fjerde runden av H&V cupen er ferdig, og 25 stk gjennomførte denne. No tar me juleferie, men etter nyåret er det påan igjen, som ein viss trubadur seier.

Her er reultata frå dei som skaut i løa

Oslo Open 2014

Familien Skår var på austlandstur og miniatyrskyting, helga 5 - 7 desember. Det blei 4 stemner på dei den helga, og dei markerte seg bra blandt "norgeseliten" på fleire stemner. To stemner hadde finale til slutt for dei beste. På det eine stemnet (Høland og Bjørkelangen) klarte både Kjetil og Dag å kvalifisera seg til finale. Dette er svært bra der dei beste I landet møtes til dyst.

Gå inn på sidene til Nordstrand, Asker, Oslo Østre og Høland og Bjørkelangen for sjå resultat og omtale.


3. runde H&V cupen

Fortsatt god deltaking I cupen frå Tørvikbygd. Hittil er det 26 som har skote, og I kveld e da kanskje to til?

Resultata I klasse 2 blei ikkje registrert på resultatlista, men er sendt inn til cup ansvarleg. Desse er: Kjetil Måkestad 341, Jostein Bråten 332, Ann-Kristin Bråten 330 og Bente Kvåle Skår 325.

Resultata finn du her


2. runde av H&V miniatyrcup
Då har me gjort unna 2. runde av miniatyr cupen. Nesten like mange som sist var med. Dei som ikkje kom av dei yngste, er sikkert med neste gong. Me ser allereie stor framgong blandt aspirantane våre. Så dette blir moro framover. Når dei klarar eit visst nivå, ut frå det dei startar på, vankar det skyttermerke. Merker er bestilt.
Her finn de resultata.

Her er Styrk og Adrian i full gang med skytinga


Årsmøte 2014
Det blir årsmøte for Skyttarlaget Fredag 21. november på Lysebanen kl 19.00. Møt opp.
Medlemmer har fått tilsendt innkalling.
Du finn også innkallinga her

Årsmøtet for 2014 er unnagjort og me ser fram mot neste års aktiviteter. Du finn referat til venstre under fana OM OSS.

I forbindelse med årsmøtet blei det gjort ekstra stas på to av skyttarane våre. Ingebrigt Heradstveit fekk i forbindelse med hans 80 års dag overrekt ei gåve frå skyttarlaget, og ikkje minst Kjetil Skår for si bragd under LS i Sandnes.



H&V miniatyrcup 2014 / 2015
Første runde av H&V miniatyr cup er unnagjort på Eide. Heile 27 har skote den første runden og med mange gode resultat også. Spesielt gledeleg er det at så godt som alle dei yngste er med. Det er første gongen dei skyt så mange skot på ein gong, men med imponerande resultat for alle og sjølvsagt dermed personlege rekordar. Etter endt skyting fekk dei yngste også utdelt Diplom for gjennomført skyteskule. Snart kjem det fleire bilder i Billedalbumet til venstre.

Resultat.
Bilder fra H&V cupen.   Både nye og dei som har helde på ei stund



Miniatyrskyting på Eide 2014 / 2015 og H&V cup
Då e da rigga klart for å starta innandørs sesongen på Eide. I år har me litt begrensningar på kortid me kan skyta der ute. Det er fortsatt rikeleg med muligheiter, så det er berre å koma igang jo før jo heller. Sjå tilsendte mail eller informasjon her.

I år er det også ein cup i H&V regi, som baserar seg på "heimeskyting"., de har fått den på mail. (Invitasjonen finn du her). Her er det finale ein stad til slutt. Denne startar første veka i november, - så hiv i cal. 22 og fyr laus. PS: for dei som ikkje har cal. 22 til Saueren, så har me komplette våpen på Eide, så ingen grunn til ikkje å møta opp.
Lukke til med innandørs sesongen.

Skyteskule 2014
Då var skyteskulen i gang. Me var litt spente på kor mange som kom til å møta opp. Heile 13 nye + 3 som har vore med før møtte opp på Lysebana, kjempebra. Me starta me lit teori - sikkerhet er og blir hovedtema framover. Ungane sat som "lys" og høyrde etter. Me avslutta denne kvelden med skyting og bollar og brus. Kjekt at så mange foreldre også tok seg tid å møta opp. Neste onsdag startar me kl 16.30, (Tørrkos kl 18.00) Så de er hjarteleg velkomne igjen då. Følg oss også på Facebook - Tørvikbygd Skyttarlag
Under ser de ein flott bukett ungdomar, som er vår framtid :)


Westcon cup "superfinale" 14.09.2014

Dag Skår frå Tørvikbygd vart vinnar av Westcon banecup 2014

Dag Skår frå Tørvikbygd vart vinnar av Westcon banecup 2014
Me hadde 3 stk som hadde kvalifisert seg til "superfinalen" som blei avvikla på Stord sin bane 14. september. Samtlege skaut fantastisk i finalen, Dag vann klasse 3 - 5 med innleiande 345 (vanleg meisterskap), deretter 5 stå i serie og 5 enkle ståande til slutt. Dag enda på 440 poeng, eit føre nestemann. I klasse V-55 hadde me Jakob som hadde kvalifisert seg inn, og Jakob gjorde det ikkje dårlegare enn Dag, han vann V-55 med 437 poeng. Og som om ikkje det var nok, vår ferske meister på felten på LS i Sandnes, Kjetil, skaut fullt hus også her, og blei berre slegen av Mads Flatås frå Stord med fleire innertiarar. Ein fantastisk avslutning på banesesongen for alle tre.
Sjå ellers omtale på Sunnhordaland si heimeside: http://www.dfs.no/sunnhordland


Skytingens Dag 24.08.2014
Til tross for at "vergudane" prøvde å legga ein dempar på ønskje vårt om å få folk til støls, så lukkast dei ikkje. Heile 40 stk møtte opp på Augastadstølen, eller på "Ryssing" som er det gamle navnet på stølen. (Dette var nemleg eit av spørsmåla  i quizen). Me tok høgde for at det kunne koma nokre regnskurar, og bygde tak over både standplass og grillplass. Alt var lagt opp til at det skulle vera uhøgtideleg, moro og sosialt samvær for heile familien. Skyting kombinert med å ha det moro, trur me må til for å trekkje nye inn i miljøet.
Med dette tiltaket friskt i minne vil me også starta skyteskule i haust for dei minste, slik at fleire kan få vera med og oppleva kor kjekt det er å skyta.
Takk til Sparebanken Vest og Mo Sport som velvillig stilte med premiar til alle, og takk til alle som gjorde dette tiltaket til ei positiv oppleving for både arrangørar og deltakarar. "Dette må me gjera oftare, og det må ikkje bli lenge til" var nokre av tilbakemeldingane me fekk.






Krinsstemna i bane på Lysebana 23.08.2014
Då var årets krinsstemna vel i havn. Mundheimsdalen stod som arrangør, og med god hjelp av medhjelparar frå Strandebarm og Tørvikbygd, blei det eit velukka arrangement.
67 stk med smått og stort møtte opp på lysebana. Det må me seia oss svært nøgde med. Jamnt fordelt på 300 meteren og 100 meteren.
Mykje god skyting blei framvist, spesielt på 100 meteren, der vinnar resultatet i både ER og V-65 vart 350 poeng, henholdsvis Kjetil Skår, Tørvikbygd og Arne Berge, Norheimsund.
På 300 meteren såg me på sluttresultata at lysebana ikkje var enkel å meistra i dag. Ein god del motlys og nokre vindflager må vera med å bera skulda for det.
Før finalen i klasse 3 - 5 var det jamnt i toppen, berre eit poeng skilde dei fire beste. Den som meistra forholda best denne gongen var Magne Lysen, han la inn 100 poeng i finalen. Det heldt til siger, og han kan tittelera seg som årets krinsmeister på bane, eit poeng føre Bjarne Sollesnes frå Jondal.
Lagskytinga vann Jondal både på 300 og på 100 meteren.

Pokalen som Andreas Tveiten har sett opp, som går på beste resultat grunnlag + stang, tok Sigmund Våge frå Vareld seg av. Han skaut solide 96 på grunnlaget og med 25 på stangen, tok han aksje i pokalen.
Arrangøren hadde eit rikholdig gavepremiebord, så det var mange som fekk med seg premie heim.
Bilder frå stemna kjem seinare.

Resultat 100 meteren

Resultat 300 meteren

Samlagstemna i bane på Voss 17.08.2014
Då er endå eit høgdepunkt i år historie, samlagstemna på bane. Stemna blei i år arrangert på Voss i fine skyteforhold. Arrangementet gjekk greit og effektivt unna.
Me fekk to meistrar til laget i år. Ikkje uventa tok Kjetil Skår ein suveren siger i klasse ER, med, nesten som vanleg fullt hus, 350 poeng, og 3 poeng føre nummer to. Ein som ikkje har vore med så mykje dei seinare åra, men som no har tatt opp igjen gamle "kunstar", Kjetil Måkestad, tok også innersvingen på konkurentane og kapra sigeren i klasse 2.
I tillegg fekk Kristi Skår ein flott opptur med andreplass i klasse junior og ungdomsmedalje. Det same fekk Joakim Øye, ein opptur på slutten av sesongen, og inn til andreplass i rekrutt klassen og ungdomsmedalje.
Me stilte lag i alle klassar og kapra ein andreplass, ein tredje og ein fjerdeplass. Ungdomane våre blei berre slegne av Strandebarm på poeng, men blei rangert bak Jondal på mindre inner. Seniorane måtte sjå Jondal føre seg til slutt. Veteranane kapra ein hederleg fjerdeplass.
I klasse 3 - 5 var det nok ein gong Liv Sollesnes som trakk det lengste strået med solide 346 poeng.
Her blei Dag Skår nummer 3 og Henry Øye nummer 5 til slutt.

Reultat frå stemna finn du her, eller under Voss si heimeside


Ein glad trio med sine medaljer, Kristi Skår, Joakim Øye og Kjetil Skår.



Lagsmeisterskap bane 16.08.2014
17 stk møtte til årets lagsmeisterskap på Lysebana under nokså varierande vindforhold. Lysebanen er "lumsk" med tanke på vinden. Men både gammel og ung gjorde sitt ytterste, og det blei ei god gjennomkjøring før morgendagens samlagstemna på Voss.
Dag Skår vart igjen lagsmeister i klasse 3 - 5, og den største og eldste klassen, V-73, var det ringreven Nils Lysen som var best.

Resultat 100 m


Resultat 300 m

Ein blid gjeng etter endt skyting på Lysebana 16.08.2014


Landsskytterstevnet 2014 i Sandnes 1 - 8 august
Laurdag 09.08.2014
Då er årets høgdepunkt vel til endes og me er såvidt begynt å fordøya inntrykka frå Sandnes. Det største høgdepunktet, utan tvil, var "rysaren" me fekk oppleva då Kjetil Skår vann feltskytingsfinalen for Eldre rekrutt. Han skaut i nest siste laget, med utgangspunkt 30 treff. Han visste at skulle det bli topp plassering så måtte skota sitja i sentrum, og Kjetil leverte - 12 treff og 12 innertreff. Garantert omskyting om førsteplassen. Så var det å venta i spenning til det siste laget hadde gjort unna sine finaleskot. Det blei til slutt 5 stk som hadde 12/12 og skulle ut i omskyting. Kjetil fekk påfyll av meir ammunisjon, slik at dersom det skulle bli meir omskyting så skulle det ikkje skorta på ammo. Kjetil la nok ein gong inn ein kanonsterk serie, denne gongen 12/11. Ingen av dei andre makta å slå, eller kopiere dette, og Kjetil kunne strekke hendene i været og motta den velfortjente hyllesten frå LS arenaen. Gratulera Kjetil som årets feltmeister i ER på LS 2014. Det er fantastisk moro å få vera med å få oppleva slike høgdepunkt. Det er 19 år sidan sist me fekk vinnar av finalar på LS, då med Bjarte Måkestad som vinnar av felten for rekruttar, på Lesja, så me har venta ei stund. Håpar det ikkje blir like lenge til neste gong. (Neste år er det Lesja  - så då satsar me på gode resultat igjen :) )
Me hadde også Joakim Øye inne til feltfinale for rekruttar på torsdagen, med 30 treff inn. Joakim fekk ikkje alt til å stemma i finalen og nokre skot lurte seg så vidt på utsida av figuren, men berre det å klara å kvalifisera seg inn til finale i dette selskapet er ein stor prestasjon i seg sjølv, du har fortsatt eit år til i rekrutt Joakim, så på Lesja???

Omtrent samtidig med Kjetil si fantastiske skyting var dei fire som var kvalifisert til finale på grovfelten også inne. Pappa Dag og Niclas fyllte sine finaler, og med 40 treff totalt blei det stjerne på Dag og medalje på Niclas, nok ein gong kanonsterke prestasjonar frå "lille" Tørvikbygd. Magne og Åsne fekk nokre skot så vidt på utsida, fire til finale på grovfelten er ikkje kvardagskost.

På torsdagen, kongelagsdagen, hadde me også fleire i finalar. Kjetil var også her i finale på banen, med 250 inn. Her "sneik" det seg ut ein niar, men 349 heldt til ein flott 12. plass. (Han tok ein sterk revansje dagen etter :))
Tørvikbygd var også kvalifisert til lagskytingsfinale som 47 beste lag. Me beit godt frå oss og avanserte til ein akseptabel 29 plass til slutt. Dag-97, Åsne-92 og Henry-97 skaut på laget.

Før kongelaget så skaut dei andre om stjerner og medaljer på 200 meteren. Me hadde ein med her. Han har streva i nokre tiår med å klara å kapra medaljen, men her på Sandnes så lykkast han endeleg. Henry skaut 100 poeng i finalen og med 341 poeng så blei det endeleg medalje på banen, Grattis Henry.

Oppsummering: Dei fleste som var med kapra seg eit beger ei minnemedalje og nokre tok sågar medalje / stjerne - mange i finalar både i felt og bane. Ok campinforhold. Og me som var igjen til slutt fekk ein fantastisk avslutning på årets LS med feltmeister Kjetil. Ka meir kan me forventa????
Tusen takk til deko som gjer da så spennande å vera tørvikabygdar på LS.
Me ser allereie fram til neste års LS på Lesja.



LS arangøren si heimeside

Her er skytetidene til våre håpefulle på LS

Onsdag 6. august: 
Då e dei innleiande skytingane og samlagskytingar over. Våre deltakarar har nok ein gong sett preg på stevna. Me har mange med i ulike finaler. Best har ikkje uventa dei yngste gjort det, med Kjetil Skår og Joakim Øye. Kjetil har ikkje gjort noko feil så langt, 250 på bane, 30 på felten og 100 på samlagskytinga, full pott med andre ord. Joakim imponerte også med fullt hus, 30 treff på felten, og klar for finale.
Seniorene våre er også på "hugget", spesielt i felten. Der er fire av våre kvalifisert til finale, Magne e best med 29 treff, Åsne, Dag og Niclas er også kvalifisert, alle med flotte 28 treff.
På banen for seniorene har me ein som er kvalifisert for finale. Han som har kvale inn var nok ikkje den me på forhånd hadde tippa, men kanskje desto meir overraskande. Formannen vår, Henry opna "knalltøft" med 99 på dei 10 første, så kom "kamera" og med det den store "skjelven". Han klarte likevel å kara seg inn til 241 poeng, og klar for finale, som går på torsdag.
Tørvikbygd er også kvalifisert for lagskytinga som også går på torsdag. Dag, Åsne og Henry ska prøva å gjera stas på laget endå ein gong.


Som eit ledd i oppkjøringa til LS var fleire frå laget til Hallingdal helga før LS. Seniorane skaut på det jevne. Ungdomane derimot og spesielt Kjetil Skår viste fine takter med to stemner på 350. Blir det gjentagelse frå i fjor Kjetil? - 350 på LS i år også ? :) Me ønskjer alle frå laget lukka til på årets LS i Sandnes.

Lagsmeisterskap i felt 24.07.2014
I år også møtte dei fleste som hadde høve, og som skal til LS opp, til dyst om lagsmeisterskapen i felt, midt i fellesferien og i tykkjande sommarvarme. Varmen såg ikkje ut til å vera noko problem, for på grovfelten var det 3 stk som skaut fullt hus, og som er i god rute til LS. Best blei Åsne Skår knepent framfor pappa Dag, og med Jostein Bråten på tredjeplass, alle med 30 treff. At Åsne og Dag skyt godt er ikkje så overraskande, men Jostein imponerte, både seg sjølv og andre med 30 treff. Dette lovar godt framfor LS.

Resultat finfelt

Resultat grovfelt


Treningspokalen 2014
Husk siste skyting om treningspokalen på Tysdag 1. juli. Møt opp og test formen alle saman:)

Heller ikkje denne gongen var det mange som fann veien til skytebana. Me må sjå litt nærare på tidspunkta for denne skytinga til neste år. Hensikta her var å få fleire til å koma å trena på bana. Kanskje er det for mange skytingar på denne tida?



Vestlandsstemna på Voss 4-6 juli 2014
Nesten for Kjetil på bana...Kjetil Skår skaut superb i finalen, med 100 og 7 innertiarar fekk han same pongsum som vinnaren. Berre ein inner for lite til å væra med på omskyting om fyrsteplassen. Kjetil fekk likevel ein flott 4.de plass på årets vestlandsstemna.
Pappa Dag skaut til 99 i finalen og blei til slutt nr. 10. Dag var også med på H&V sitt lag på samlagskytinga der dei fekk ein flott 2. plass, berre slått av Hordaland sitt lag.

Nesten alle resultat finn du på voss sine heimesider i linken under.

Skytetidene er klare, gå til Voss sine heimesider så finn du dei her.

Opne stemner Tysse og Hålandsdalen 28-28.06
Dag Skår vann stemna på Tysse med 346 poeng og fulgte opp med 343 i Hålandsdalen - Dagen er i støtet. Jakob Eide viste også gamle kunster på Tysse og tok pusen på alle i V55 med sterke 346. Joakim Øye fekk ein andre og ein tredje plass i rekruttklassen på dei nevnte stemnene. Neste helg er det Vestlandsstemna på Voss, og me håpar på mange gode prestasjonar frå våre der også:)

Hordastemne Bane 14 - 15.06.2014


Årets Hordameisterskap blei avvikla på Os i flott sommarver, men med litt varierande vindforhold. Spesielt dei yngste, som skyt med cal 22. fekk merka vinden og det blei litt meir 9-arar enn normalt. Skyttarane frå laget gjorde det nokså godt i alle klassar. Beste plassering var det nok ein gong dei yngste som stod for. I rekruttklassen var det Joakim Øye som imponerte med ein flott 3.dje plass, på pallen og ungdomsmedalje. I eldre rekrutt klassen veit me at ein kan stola på Kjetil Skår når det gjeld topp resultat, han skaut innledande til fullt hus - 250 - og det såg lovande ut i finalen også. Han opna med 9 strake sentrumstiarar, men så sneik det seg ut ein niar på siste skotet, dermed blei det 3.dje plass på han også, flotte prestasjonar av våre unge og håpefulle rekrutteringsskyttarar.
Godt skaut også dei eldre på 100 meteren, Nils Lysen krusa lett inn 100 i finalen. Med 348 poeng til slutt fekk han same poengsum som vinnaren, men med litt færre innerblink blei det til slutt ein 4.de plass.
På 200 meteren hadde me 3 stk i finalen, best var Dag Skår med 242. Han fekk ikkje omgangen til å sitja midt på og stoppa på 338. Betre gjekk det med Henry Øye og Åsne Skår, begge klinka inn 100 poeng, og med 340 poeng blei dei nummer 9 og 12, som er nokså akseptabelt i dette selskapet.
Laget stilte med lag i alle klassar på lagskytingane også. Best blei dei eldste med ein fin 3.dje plass. Ingebrigt Heradstveit, Nils Lysen og Jakob Eide skaut. Seniorane blei nummer 4.
Me hadde også med fleire frå laget på samlagskytingar. Dag var med å vinna med H&V etter kanonskyting - 99- poeng - og medalje.
Åsne Skår blei med 340 poeng beste skyttar 20 år og yngre, fekk ein flott pokal.
Så summa sumarum så beit me godt i frå oss i år også.
Stemna gjekk greit unna, borsett frå ein del datatrøbbel.

Sjå ellers her for nesten komplette resultatlister

Lovely Hanover minnepokal 10.06.2014
Dag Skår fekk napp i pokalen i år, fullstendig resultatliste finn du under

Dag Skår Tørvikbygd Skytterlag Klasse 5
287 9
Kjetil Måkestad Tørvikbygd Skytterlag Klasse 2
285 12
Olav Ludvig Håbrekke Strandebarm Skyttarlag Klasse 2
282 4
Jakob Eide Tørvikbygd Skytterlag V55
282 3
Leif Skår Tørvikbygd Skytterlag Klasse 3
277 6
Åsne Skår Tørvikbygd Skytterlag Klasse 5
273 2
Martin Brekke Strandebarm Skyttarlag Eldre rekrutt 271 4
Bente Kvåle Skår Tørvikbygd Skytterlag Klasse 2
270 4
Andreas Brekke Strandebarm Skyttarlag Junior
246 1




Kjetil Vinnar Agastemna 2014
Kjetil Skår vart vinnar av ER klassen på Agastemnet 10-11 mai. Han skaut 350 med 21* og vart med det vinnar av ER klassen, Me Gartulera han så mykje med siger.

Kjetil Vinnar kl ER med 350 Poeng. 

Her Finn du resultatlista

Denne helga har det også vore arrangert Midthølstemne i kvinnherad. Her fekk laget ein vinnar Nils Lysen kl V-73 med 350 poeng og 20*. Gartulera med flott skyting. Magne Lysen snusa også på toppen i dag med 344 poeng noko som gav han ein 2 plass. 


1. mai stemna 2014
1 mai 2014. Lysebanen 

Då var årets 1 mai stemna i Tørvikbygd over for i år. det deltok 223 deltakarar i årest stemna som blei gjennomført i flott vår vær med sol og fine skyteforhold. Årets vinnar i klasse 3-5 vart Dag skår Tørvikbygd med 344 og 14 inner, samme poengsum hadde John Olav Ågotnes, Sartor men han hadde ein inner mindre. I klasse 2 vart Kjetil Måkestad vinnar, med 339 poeng,  5 poeng betre enn andre mann i denne klassen.  På 100 metern var det i kl ER som vanligt HØGT nivå på Skytinga, Klassen vart Vunnen av Mats Aadland flatås, stord med 350 og 30 inner. Kjetil skår Tørvikbygd leverte 349 med 31 inner og vart med det nummer 5 i klassen.  Vinnaren i klasse R. Vart vunnen av Kristoffer Skåmestø, Bergen med 349, han prikka inn 250 med 22 kaliberen før omgangen, så 99 på omgagen. i Klasse V-65 vart Johannes skaar Bakke vinnar med 350 med 30 inner. før omgangen hadde han gjort det feil fritt med 250 med 25 inner. Mykje god Skyting over heile lijna! 
 
Årets klasse vinnarar vart: 
3-5: 1. Dag Skår Tørvikbygd  kl5    344 (14)
John Olav Ågotnes Sartor kl5 344 (13)
Liv Sollesnes Jondal 343
V-55: 1. Oddvar Drange Os 341
kl1: Geir Mo Norheimsund og øystese 241
kl2: Kjetil Måkestad Tørvikbygd 339
klR: Kristoffer Tvedt Skråmestø Bergen 349
klER: Mats Aadland Flatås Stord 350
klJ: Nora Grønsdal Tysse 356
klV-65: Johannes skaar bakke Strandebarm 350
klV-73: Ivar Seim Åsane/hordvik 350 

tre glade ungdommar frå stord med kjempe skyting. frå venstre Ola Angertveit (ER), Martin Aadland (jr), Mats Aadland (ER)


Dag skår Vinnar av kl 3-5. 


   
resultatliste: 

permieliste



DAG 1: 

Då er stemna godt i gang. Me har hatt 66 stk i gjennom etter første dag. Litt varierende vindforhold har nok skapt litt utfordringer, spesielt for dei som skyt med 22 cal. Men me har fått fleire toppresultat på 100 meter - 4 stk med 350. Johannes Skaar Bakke har det beste resultatet med 30 sentrum.
På 300 meter er det også gode og jamne resultat. Dag Skår leiar med 344 poeng i klasse 3 - 5, ein sentrum meir enn John Olav Ågotnes, dei er poenget føre Liv Sollesnes.

I år er det rekordpåmelding, 248 påmeldte. Me er i år med i Westcon cup for første gong, kanskje det er ei medverkande årsak. I allefall blir det full fres i morgon og endelege resultat blir lagt ut her så snart stemna er over.

Resultat etter første dag 100 m

Resultat etter første dag 300 m


Kontakt telefon: 92666765 eller 48103020

Torsdag 1.mai 2013 er det svært fullt i alle lag som er satt opp for å skyte.
For at det skal verte mest mulig rettferdig for dei som ynskjer å skyte på ledige plasser vil me bruka ventelister denne dagen.
Gjeld både 100 og 300 meter. 

Dette betyr at:

 

- Fyrstemann på ventelista får skyta på fyrste ledige plass 

- Ingen får gå direkte inn på ledig plass utan å gå vegen om ventelista 


28.april 2014

Tørvikbygd skyttarlag, 

v/leiar Henry Øye



Vårpremieskyting 2014
16 stk møtte opp, fleire frå Strandebarm. Det er positivt. Tradisjonen tru hadde alle med seg premie og alle fekk med seg premie heimatt. Flott og varmt vårver og mykje god skyting. Beste poengsum fekk me blandt dei eldste, både Nils Lysen og Johs. Skaar Bakke fekk 349 med 26 inner i henholdsvis V-73 og V-65

Resultat 100 m

Resultat 300 m

Hordastemna Felt 2014
Hordastemna vart i år avvikla i Jondal. Tørvikbygd fekk i år ein Hordamester Kjetil Skår kl. ER. før finalen hadde han 30/24, i finalen måtte det to omskytingar til før vinnaren kunne kårast. kjetil hadde 1 innar meir enn konkurenten og vart med det vinnar.  Gratulera med seier. 

Full resultat service Finn du her.  


Bilde: kjetil og konkurentane etter finalen søndag. (ein ser kven som smiler mest) 

Samlagsstemna i felt Røldal 2014.
Tørvikbygd Fekk i år ein Samlagsmeister Kjetil skår kl. ER. Han Skaut Fantastiske 30/30 i innleiande skyting og hadde 12/11 i finalen. Dette er knall sterk skyting så han må ha "Gode auge" som Veteranane ville sagt. Gratulera så mykje med fantastisk skyting kjetil. 
Far hans Dag Skår blei nummer 2. i klasse 2-5. Han skaut den beste finalen 12/9. og sikkra seg sylv plassen. 

full Resultatlista finn du HER

Kjetil med diplom og medalja!! 

Skytetider Samlags/hordastemne felt 2014
Då var skytetider klare for både samlagsstemna og Hordastemna du finn dei på linkane under her.  

Skytetider:
Samlagsstemna Røldal 30.03.14. 

Hordastemna Jondal 06.04.14. 



Kristemna i Felt Lysebanen 2014
Årets krinsstemna i felt vart arrangert i Tørvikbygd på Lysebanen i år. Tørvikbygd fekk i år 3 krinsmeisterar. På Grov felten i år var det Dag Skår som vann men 30/20. på finfelten Vann Kristi Skår klasse J med 28/15 og Kjetil Skår klasse ER med 30/24. Dagens beste resultat på Finfelten vart vinnar av klasse V-65 Sverre Krutnes med 30/29, berre ein "utfor" der altså. Flotte Skyteresultat.   

Det deltok 23 skyttarar på finfelten og 14 skyttarar på grovfelten.  

Resultat: 



påmeldingsfrist samlags/hordamesterskap i felt
hei! minner om fristen for påmelding til samlags og hordamesterskapet i felt går ut 20 mars. 

Lagsmeisterkap miniatyr 2014
Dag skår tok nok ein gong ein knusande siger, heile 9 poeng føre neste mann.
Positivt at 13 stk møtte. Det var frå 10 til 80 år - lett blanding 


Krins og samlagsmeisterskap miniatyr 2014
torsdag og fredag 30. og 31. januar 2014.arrangerte Norheimsund og Øystese skyttarlag Krinsstemna i miniatyr i Dalatun. Laget fekk i år to krinsmeisterar Jakob Eide(336) i klasse V-55 og Kjetil Skår(348) i klasse ER. i klasse 3-5 var det Liv Sollesnes (346) som trakk det lengste strået. Magne Lysen (345) vart nummer 2. 

Samlagsstemna var i år i strandebarm søndag 2 februar. Laget fekk to samlagsmeistera i år. Kjetil Skår (347) kl ER og Nils Lysen (348) klasse V-73. 
I klasse 3-5 Vart Liv Sollesnes Smalagsmeister med 344 poeng. 


Tørvikbygd skyttarlag viser seg høgt på resultat listene og nokon klassar vinn me, dette er bra.  Gratulerar til alle helga`s meistrar. 

Minatyrskytinga på Eide vinter/våren 2014
Her er oversikta over treningane på Eide i vinter/vår 2014
ungdomane skyt kl. 1800 og etter dette er det fritt fram for andre å skyta. 


Krinsstemna miniatyr 2014
Norheimsund/øystese skyttarlag arrangerar krinsstemna på 15 meter i år.  Dette skjer 30 og 31 januar. 

Inbydinga finn du her

Påmelding via denne linken Her  innan 28 Januar 2014. 

Samlagsstemna i miniatyr 2014
Samlagsstemna i miniatyr 2014 vert arrangert i Strandebarm på 15 meter. den 2 februar 2014.  

Inbydinga finn du her INBYDING 

Påmelding er via Dfs sine heimesider. linken ligg her Påmelding  innan 28 januar 2014. 

Referat Årsmøte 2013
Her er Referatet frå Årsmøtet i skyttarlaget ferdag 13 desember 2013 


Terminlista Hordakrinsen 2014
Då var terminlista for Hordakrinsen 2014 klar, den er å finna HER

Årsmøte 2013
Det vert årsmøte for skyttarlaget på Lysen Banen den 13. desember kl 19.00 

Sakslista finn du ved å trykkje HER 

Vel Møtt! 

Strandebarm miniatyren 2013
Vår eigen Dag Skår vart vinnaren av Strandebarms miniatyren 2013, med eit resultat på fantastiske 349 poeng og vart vinnar i klasse 3-5.  
Kjetil Skår tok ein delt 2 plass i klasse ER med 344, mens Nils lysen tok ein 2 plass i klasse V73 med 346 poeng. 

RESULTAT LISTA ER Å FINNA HER 

Oppstart Miniatyrskyting på Eide sesong 2013/14
Då startar me opp med Miniatyrskyting på Eide! Informasjon finn du ved å trykkje HER

Terminlista for sesongen finn du HER

Samlagsstevnet bane 2013
Samlagsstemna vart i år skipa til av Norheimsund og Øystese Skyttarlag på Skytebanen i Tolomarka, 25 august 2013. 
I år fekk Laget Samlagsmeistern i klasse 3-5 Magne Lysen kl.5 med poengsummen 340. med lik poengsum hadde Åsne skår kl. 4 frå Tørvikbygd også, men Magne la inn 100 med 7 innertiarar på omgangen og gjekk med det av med seieren som årets Samlagsmeister. 
Gratulera med flotte resultat! 


   
Magne Lysen Samlagsmeister 2013

Meistrar i dei ulike klassane vart:

- Kl. 3 - 5: Magne Lysen, Tørvikbygd, 340 p.
- kl. 1: Torbjørn Kolltveit, Tørvikbygd, 336 p.
- Kl. 2: Steinar Skår, Granvin, 334 p.
- Kl. V55; Even Lund, Ullensvang, 344 p.
- kl. V65: Asbjørn Hestad, Norheimsund og Øystese, 349 p.
- Kl. V73; Nils Lothe, Jondal, 348 p.
- kl. Rekrutt: Morten Øyeflaten, Strandebarm, 335 p.
- Kl. E Rekr.: Marie Hårklau, Voss, 348 p.
- Kl. Junior: June Kvandal, Røldal, 346 p.

Fullt Resultat: 

I alt deltok det 93 skyttarar på stemna! 

Lagsmeisterskap Bane 2013
Årets Lagsmeisterskap gjekk av stabelen 24.08.13 på Lysebanen, i flott summar varme, i år var det Dag skår som trekte det lengste ståret i klasse 3-5 og vart Lagsmeister. 17 skyttarar deltok i alt.  

Resultat: 

300 meter: 

Mesterskap kl. 3-5
1. Dag skår 340 (13)
2.Åsne Skår 338 (12)
2.Niclas Øye 338 (12)
4. Magne Lysen 332 (14)
5. Jakob Eide 323 (8)
6. Terje Mo Bjørklund 316 (7)
7. Leif Skår 309 (3)

kl. 1:
1. Torbjørn L. Kolltveit 205 

Kl. 2:
1. Bente Kvåle Skår 236  

100 meter: 

25. skudd kl. asp:
1. Isak Helland Måkestad 239
1. Sander eide Aase 227

Mesterskap kl. R
1. Joakim Øye 332 (7)
Mesterskap kl. ER
1. Kjetil Skår 349 (26)
Mesterskap kl J
1. Kristi Skår 328 (5)
Mesterskap kl. V73
1. Nils Lysen 346 (18)
2. Andreas Tveiten 346 (14)
3. Ingebrigt Heradstveit 237 (12) 






Krinsstemna Bane 2013 jondal
Årets Krinsstemna vart avvikla i jondal, Beste plassering frå laget vart Niclas Øye med poengsummen 339 og det gav han  ein 3 plass. i klasse 3-5. Årets Krinssmeister vart Harald Brekke, Strandebarm med 341. 

Fullt resultat frå stemna finn du ved å trykkje HER

Landsskytterstemna Oppdal 2013
Då er årets Landskyttarstemne på Oppdal godt i gang. og fleire av våre skyttarar har allerei vore i elden.  
Her er oversikta over korleis du kan fylje dei lokale skyttarane våre i aksjon: 

For skytetider til lagets skyttarar sjekk ut linka SKYTETIDER TØRVIKBYGD
For Resultat web TRYKK HER 
For Skyttar-radioen TRYKK HER
For Web sendinga til standplass.no der du kan fylje alt som blir vist på LS-arenaens storskjerm TRYKK HER

Live visining av skivene: 
100 meter: 
200 meter:

Referat frå dagane:
DAG 7 (08.08)
I dag hadde me Finalen på 100 meter for Eldre Rekrutt der me hadde han Kjetil skår med Han skaut prikk fritt og la inn 100 på omgangen med 6 innertiarar og totalt 350 poeng, kanon bra skyting på eit LS. men som ein veit så er det knall hard konkurranse i denna klassen, så det enda med Ungdomsmedalja og ein 12 plass.  Gratulera så mykje til han.  
medalje sermoni Eldre rekrutt Kjetil skår (350 poeng)

DAG 6 (07.08)
I dag var det 5 klassingane sin tur på 200 meteren. Mykje god skyting, for våre lokale enda det slik: 
Dag skår 239
Niclas Øye 239
Magne Lysen 237

DAG 5 (06.08)
I dag så hadde me i aksjon skyttarar i kl. 4 på 200 meter bane, kl ER på Finfelt og kl. Junior på 100 meter samt samlagsskyting senior bane. Eldre Rekrutt skyttaren vår Kjetil skår er i støtet for tida å la inn nok eit fantastisk resultat med 30/21 på Fin felten!! og med dette sikra han seg nok ein finale under LS 2013. denne finale skal gå frå 1500 på fredag. Gratulera til han :) 
Dag Skår deltok på samlagsskytinga for senior for Hardanger og Voss, Han la inn eit fantastisk grunnlag på 100 pongen(han er i form). likevell enda laget totalt på ein 36 plass. 
  
Øvrige resultat for skyttarar frå laget: 
Henry Øye kl 4. 237
Jakob Eide kl4. 234
Åsne Skår kl. 4 236
Kristi Skår kl junior 234
 
DAG 4 (05.08)
I dag har me hatt i aksjon V-73 på 100 bane og Grov-felt for klasse 5 og 4. fyljande prestasjonar blei utført:
kjetil skår var med på samlagsskytinga for ungdommar i dag på Hardanger og Voss sitt lag dei enda på ein 18 plass ei bra plassering då det er små marginar i denne diseplinen.  
 
Resultat grov felt
Nicklas Øye kl 5.  23/11
Magne Lysen  kl 5. 26/9 
Dag skår kl 5. 28/14
Henry Øye kl. 4 25/18
jakob Eide kl 4. 19/3
Resultat 100 meter bane:
Ingebrigt Heradsveit kl V-73 242
Lars H. Ugletveit kl V-73 244
 
DAG 3 (04.08)
I dag var Kjetil Skår kl. Eldre Rekrutt i aksjon på 100 meteren, Han prikka inn 250!! og er med det finale klar, fantastisk skyting, Det vert spanande å fylje Han i finalen som skal gå på Torsdag frå kl 10.00 og utover. 
På fin-felten hadde me Rekrutt skyttaren Joakim Øye i aksjon, han la inn 29/17 kanon godt skyting med 22 kaliber, og med dette sikra han seg nok eit beger.
Også Bente Skår kl.2 var i elden i dag på 200 meter. ho sikra seg eit flott resultat på 229. 
kjetil skår finale klar med 250 i kl. ER. 

DAG 2 (03.08)
I dag hadde me Kristi Skår kl Junior i aksjon på fin felten, med eit resultat på 21/11. Også systra Åsne Skår kl 4 var i aksjon på Grov-felten. Ho la inn eit resultat på 28/10, eit svært godt resultat i vinden.  Ellers så var det svært mykje vind denna dagen noko som prega arragementet. I fylje kjelder så gjekk det bra med folk å utstyr frå laget men dei slapp unna med flaksen.  

DAG 1 (02.08)
I dag hadde me Joakim øye kl. R i aksjon på 100m banen, han la inn eit flott resultat på 241, og sikra seg med dette eit Beger. Gratulera med flott skyting.  
På Fin-felten hadde me to skyttarar i aksjon i dag. kl V-73 Lars Ugletveit med resultatet 22/11 og Ingebrigt Heradstveit med 28/15.

Haukelistemna 2013

Lagets Dag Skår vart ein soleklar vinnar av Hukelistemna 2013 med eit resultat på 35/109.

For fyrste gong sidan 2009 vart det heimesiger for Hardanger og Voss på Haukelistemna 

84 skyttarar deltok i år.  

Resultat: 





Lovely Hannover Lysebanen 300 meter 2013
Då var Skytinga om Lovely Hannover`s Minnepokal Gjennomført for i år.  Årets siger og napp i pokalen gjekk til Dag Skår med 290 poeng. Skytinga føregjekk på 300 meter under gode forhold.  under årets stevne møtte det opp 14 skyttarar totalt 2 av desse frå Strandebarm.  

Resultat liste finn du ved å trykkja HER.  

Landsskyttarstemna 2013 Oppdal

 
Landskyttarstemna på Oppdal 2013, nermar seg med stormskritt.  Fristen for å melda seg på er 10 Juni. 
Ein kan melda seg på via dfs.no. Eller Sende ein melding/mail til Dag Skår.  

Innbyding, Informasjon, påmelding, tidstabell og annar relevant info finn du HER 

Link til Landsskyttarstemnas Heimeside 

Du kan også fylje dei på facebook. om du nyttar slikt! via denna linken: https://www.facebook.com/Landsskytterstevnet

Snakkast på Oppdal. 

Ps. Info om Hordastemmna 2013 ligg i Menyen til Høgre. 


1 Mai stemna Tørvikbygd 2013
Då var den tradisjonsrike 1 mai stemna i Tørvikbygd over for denne gong. I kl. 3 -5 dette året gjekk sigeren til John Borge, Åsane/Hordvik med 346 poeng. Eit meget godt resultat på 300 meter på Lysebanen. Like bak følgte to lokale karar, 2 pl. Harald Brekke, strandebarm med 345 og 3 pl. Dag Skår, Tørvikbygd med 344. 

Stemna vart gjennomført i kjendt vestlandsvær stil med sidelengs "slaps drev" og eit omkledings telt som vart plukka ned litt etter litt som vinden auka. Så me hadde ikkje vær gudane med oss dette året, men dette såg ikkje ut til å ta på humøret til skyttarane.

Medalje Vinnarar i alle klassar Finn du HER

Takk for at du tok turen til Tørvikbygd, og Velkomne attende til neste år! 

Resultater: 



Premielister: 



Info Ventelister 1 Mai stemne 2013
Onsdag 1.mai 2013 er det svært fullt i alle lag som er satt opp for å skyte.
For at det skal verte mest mulig rettferdig for dei som ynskjer å skyte på ledige plasser vil me bruka ventelister denne dagen. Gjeld både 100 og 300meter. 

Dette betyr at:

 

- Fyrstemann på ventelista får skyta på fyrste ledige plass 

- Ingen får gå direkte inn på ledig plass utan å gå vegen om ventelista 


30.april 2013 

Tørvikbygd skyttarlag, 

v/leiar Dag Skår 


Resultat etter dag 1. av 1 Mai stemna
Då var 1. mai Stemna på Lysebanen 2013 komt godt i gang, mykje god skyting! Førebels resultat etter dag 1 av 1.Mai stemna er å finna i linken under. 


Førebels RESULTAT 100 meter

Førebels RESULTAT 300 meter

Vårpremieskyting 2013 Lysebanen
Den tradisjonsrike Vårpremieskytinga vår gjekk av stabelen i dag 27.04.13 der skyttarar frå Tørvikbygd og Strandebarm møttes for eit lokalt stevne. 
15 skyttarar møtte opp på Lysebanen.  God skyting både på 100 og 300 meter, noko som lovar bra føre 1 mai! 
Økta vart avslutta med premieutdeling og kaffi, der alle fekk premie, så det var riktig så god stemmning i vårsola.




Velkomne til 1. Mai Banestemne i Tørvikbygd 2013


Banestemne i Tørvikbygd 2013 

Tirsdag 30. april og onsdag 1.mai 2013 skipar Tørvikbygd skyttarlag til open banestemne for alle klassar. 


Påmelding tirsdag kl. 17-19, og onsdag kl. 9-15. 

Førehandspåmelding: www.dfs.no i perioden 7(kl.21.00)- 29 april. 


Premiering: 

1 gylt og 2 sylv medaljer i klasse 3-5, 1 sylv medalje i dei øvrige klassane dersom det er minst 5 skyttarar. 

Gjenstandspremie i klasse Aspirant. 

Pengepremiar i samsvar med skytterboka. 

Innskot: 

Kr.150,- (75,- 75,-) for kl.1-5 og veteran. 

Kr.80,- (35,- 45,-) for Asp, R, ER,Jr. 


Kontakttelefon: 48 10 30 20 


Arr. laget tek unna rette til å skyta 29. april med høve, så langt det er plass, for andre å delta samstundes. 

Det vert kafé i skyttarhuset og sjølvsagt publikumsvisning på storskjerm både på 100 og 300 meter. 


NB ! Jondal arrangerer også stemne desse dagane! 


HJARTELEG VELKOMNE TIL TØRVIKBYGD !! 


Terminlista Lysebanen 2013

Terminlista for Lysebanen er no klar. Den finn du i menyen til venster under TERMINLISTE.


Fyrste Rekrutt skyting på Torsdag 25.04.13. 

Laurdag 27.04.13 vert det vårpremieskyting på Lysebanen på 100 og 300 meter, håpar å sjå mange klare skyttarar på banen då.   

Lykke til med Bane sesongen 2013! 


Samlagsstevnet 2013 Felt
Samlagsstemna i felt 2013, vart arrangert av Voss Skyttarlag i år. Stemna vart avvikla på øvre skjerve i utfordrande forholdt og noko vindkast i fylje arrangøren. Årets Samlagsmeister Vart Liv Sollesnes. i klasse 2- V55 stillte 2 skyttarar frå laget. Dag skår stakk av med sylvmedalja og Åsne skår delt 3 plass. Flott prestasjon under varierande forhold.  På finfelten fekk Laget ein Samlagsmeister i Kl. V-73 Nils Lysen med 42/11. med dette viser han at han både ser og skyt godt fortida.  


Resultat Grovfelt 

Resultat Finfelt 

Krinsstemnet i Felt 2013
Årets Krinsstemne i felt vart avvikla på Kolltveit i år. Vinnaren dette året vart Jon Olav Bjørke frå Strandebarm med 30/11. Sylvplassen tok vår eigen Dag Skår med 29/10. På finfelten fekk laget ein Krinsmeister i år. I klasse V73 Nils Lysen prikka inn 30/28, så han "mysta" to, men ellers eit flott resultat. I klasse ER. la Kjetil skår inn eit flott resultat med 30/22. med dette sikra han seg sylvplasssen i kl ER. 




Lagsmeisterskapen i miniatyr 2013
Torsdagskvelden 21. februar blei årets lagsmeisterskap i miniatyr skoten i løa til Jakob. 14 stk. hadde funne vegen i det kalde veret. Det var minus grader ute, så Jakob hadde sett på litt varme, slik at det blei nokså greie forhold og skyta under. Det såg me også igjen på mange gode resultat, spesielt hos dei aller yngste. Trur samtlege av dei skjerpa seg kraftig og slo til med personlege rekordar. Me ser igjen at javnleg trening gjer "susen" i det lange løp. Dette lovar godt framover. Etterpå fekk Aspirantane våre overrekt flotte premiar som bevis. Grattis.
Blandt dei meir erfarne skyttarane, så gjekk det på det javne. Dette året skaut me det nye utandørs programmet til DFS. I klasse 3 - 5 var det nok ein gong ringreven Dag som drog i land sigeren, 342 heldt i massevis, 5 poeng føre nummer to.

Her finn du resultata

Her har me foreviga både dei håpefulle, foreldre, publikum og dei etablerte skyttarane.
Bilde frå premiutdeling til dei yngste finn du under billedalbum



Samlagstemna i miniatyr 2013
Kjetil Skår og Nils Lysen blei samlagsmeistrar i henholdsvis ER og V-73.
Årets samlagstemne i miniatyr gjekk av stabelen helga 2 - 3 februar på Ullensvang sin nye og flotte bane på Lofthus. I år blei meisterskapen skoten etter det nye meisterskapsprogrammet , det same som utendørs.
Kjetil vann ER med 344 poeng og Nils Lysen vann V-73 med 343 poeng. Vidare kan me nemna at Dag Skår kneip 3. plassen i klasse 3 - 5 eit poeng bak vinnaren Audun Kvandal. Dag fekk 343 poeng.
Sjå ellers fullstendige resultat på H&V si heimeside.

Krinsstemna i miniatyr 2013
Dag Skår og Nils Lysen blei krinsmestrar i miniatyr som blei arrangert i Jondal 1. februar. Dag vant med 243 poeng, rangert føre Liv Sollesnes. Nils Lysen skaut fullt hus, 250 poeng og soleklar vinnar i V-73. Ellers så blei Kjetil Skår nummer 2 i ER med flotte 249, rangert bak Brigitte Blokzijl frå Jondal. Sjå fullstendige resultat på Jondal si heimeside.

Årsmøte i skyttarlaget 7. desember 2012
Alle medlemmer vert med dette kalla inn til årsmøte i Skyttarlaget i skyttarhuset på Lyså 7. desember kl 19.00
Sjå innkalling her.

Dag med dobbelsiger i miniatyrskyting
Helga den 17 og 18 nov. 2012 var det opne miniatyrstemner i Strandebarm og på Ølve. Dag Skår viste gammal god form og klinka til med siger på begge stemnene i klasse 3 - 5, og det føre fleire meriterte skyttarar. Fleire frå laget gjorde det "skarpt" på desse stemnene. Nils Lysen vann V-73 i Strandebarm med fullt hus, 250. Fullt hus, for fyrste gong, fekk også Kristi Skår i Strandebarm og det heldt til ein flott 2. plass.
Sjå ellers omtale og resultat på dei respektive laga sine heimesider.

Terminliste 2013
Terminliste for Hordakretsen 2013 finn du under menyen Terminlister. Her ser du når hovedbegivenheitene til neste år er planlagt. Me er komen godt i gang med trening i miniatyr på Eide, og snart er det tid for årsmøte, med andre ord - me er i rute.

Da e klart for skyting på Eide
Elektronikken er kobla opp i løa på Eide. Me startar opp med  dei yngste på Torsdag 25.10  kl. 18.00.

Sjå plakat som er hengt opp på skulen og Coopen her

Oversikt over dei som er ansvarlege  finn du her

Framtidig skytebane i Vangdalsåsen
 
Tørvikbygd skyttarlag kallar inn til
 
Medlemsmøte
Torsdag 18. okt 2012 kl 20.00
på skytebanen (Lysebanen) 
Saker
 
1. Orientering om skytebanen i Vangdalsåsen, og dei møta Tørvikbygd har vore med på.
 
2. Er det interessant og fornuftig for Tørvikbygd skyttarlag å gå inn som medeigar i denne banen? (Felles sentralbane for Kvam).
 
3. Dersom ja på punkt 2, utpeika ein repr. frå laget vårt til banenemnd.
 
 
Viktig at så mange som mogeleg møter opp og diskuterer dette.
 
Styret

Krinsmeisterskapen bane 2012
Årets krinsmeisterskap blei familien Skår si stemne.
Les: Åsne krinsmeister i klasse 3 - 5, Kristi krinsmeister  ER og Kjetil krinsmeister i Rekrutt klassen.
 
I tillegg så blei Nils Lysen krinsmeister i V-73 og Terje Mo Bjørklund tok seg av sigeren i klasse 2.
 
Familien Skår fekk dobbelsiger i klasse 3 - 5 med at pappa Dag blei henvist til andreplass med sterke 344. Åsne fekk endeleg utteljing for det arbeidet ho har lagt ned etter at ho returnerte frå USA. Ho har skote godt tidlegare også, men nokre skot har ikkje vore heilt kontroll på og dermed ikkje toppresultat. Ho skaut til gjengjeld fantastisk i dag. Med seriane 50 på ligg, trua inn 50 på stå, og klassen blei avslutta med 50 på kne - 150 poeng. Då skulle me kanskje tru at nervene kom snikande, men nei, Åsne krusa lett inn 97 på grunnlaget, og det attpåtil med ein 9´ar på ligg. 247 var ein suveren leiing før finalen. Pappa Dag skaut også framifrå med 245, men blei henvist til skive 2 i finalen. Skive 3 fekk ikkje heilt ukjente Liv Sollesnes. Redaktøren trur aldri det har hendt, eller i allefall sjeldan at dotter og far innehar skive 1 og 2 i ein meisterskapsfinale.
I finalen så skaut alle dei tre på dei første skivene 99 på omgangen, og dermed ingen endring på sluttresultata. Gratulera Åsne med 346 poeng, ny solid personleg rekord og ein fantastisk avslutning på årets sesong, og me gler oss allereie til å starta forberedelsane til neste sesong. Kanskje me andre skal få nokre tips frå vår komande skyttardronning????
Resultat frå stemna finn du på Norheimsund og Øystese si heimeside

Lagsmeisterskap bane 2012
Då er årets siste banestemne på Lysebana unnagjort. Lagsmeisterskapet på 100 meter blei avvikla ihht terminlista, medan 300 meter skyttarane gjorde opp laurdag den 8. september. Dette for at flest mogleg skulle få sjangsen til å delta. Samla så møtte 21 skyttarar til konkuransen, noko som er nesten like godt som på LS.
 Då dei på 100 meteren gjorde unna sine skot var det litt varierande vindforhold, noko som dei med cal 22 fekk merka mest. Nils skaut fullt hus i V-73 og overlegen meister. Kristi blei like overlegen i ER, ho låg an til "endeleg" 350, men det sneik seg ut ein niar på omgangen, men 349 er kjempegodt.
Då 300 meterskyttarane var i elden var det godt gammaldags haustver, dvs vind, regn og ikkje heilt enkle forhold. Til slutt blei det nokså jamnt i toppen. Det var far og dotter Skår som kjempa til slutt. Dag drog det i land til slutt, eit poeng framfor Åsne. Dermed blei Dag nok ein gong lagsmeister med 338 poeng.
(Nokre er kanskje allereie i jakt modus, iallefall var enkelte "svært raske" på avtrekkeren).
 
 

Lagsmeisterskap og Skytingens dag 2012
Hei igjen skyttarar,
Info om lagsmeisterskap.
På 100m ihht terminlista, dvs tirsdag 28.august kl. 17.30 på Lysebanen for rekrutt, aspirantar og veteranar.
På 300m flyttar me mesterskapet til laurdag 8. september kl..14.00, dette fordi mange skyttarar no er borte i vekene. Dette er same helga som krinsstemnet.
Møt opp!!
Skytingens Dag vert søndag 26.august kl. 15.00 på Lysebanen. (Plakatar er hengt opp på handelslager, skulen og på banene). Minste aldersgrense 10år.
Møt opp for å prøva kor kjekk skytesporten er.

Landsskytterstevnet 2012
 
 

 Då er årets høgdepunkt innanfor skytesporten  til vegs ende. Den finaste sommarveka i år kom som  bestilt til Voss under stemna og gjorde sitt til at arrangementet blei ein suksess.
Våre skyttarar kjempa godt i den "brennheite" veka, og fleire kapra finaleplassar, nokre sågar medaljer.
Beste individuelle prestasjon stod Nils Lysen for i V-73 på bane. Han gjekk inn i finalen med 249 poeng, på ein 13. plass. Nils skaut perfekt i finalen med fullt hus, og avvanserte til ein flott 5. plass. Denne prestasjonen ga han plass på podiet under premiesermonien, med medalje og blomster, gratulerar Nils.
Til finale kom også Kjetil Skår i rekrutt klassen på felt, Ingebrigt Heradstveit V-73 på felt, begge med flotte 29 treff. Dei  havna på 51. og 27 . plass etter at finalane var unnagjort. Berre det å kvalifisera seg til finale på LS er ein stor prestasjon i seg sjølv.
Finale på bane klasse 3 - 5 fekk også Magne (240), Dag (239) og Britt (239) skyta. Dei gjorde sine saker godt, men stjerne og medalje gjekk i år på 341 poeng, så dei blei litt unna det til slutt.

På samlagskytinga hadde me med deltakar i den yngste klassen. Kristi Skår deltek i ER og gjorde sine saker godt, skaut til 98 poeng. Laget enda på ein flott 8. plass med 396 poeng.
Lagskyting er kome for å bli blandt seniorar, og dei tre beste frå laget vårt etter 25 skoten var kvalifisert til å delta. Dei skaut seg oppover på lista med: Britt 94, Dag 98 og Magne 94 og enda på 26. plass av dei 50 som var kvalifisert.

Nokre av oss blei spurt om å hjelpa til med arrangementet på Voss og fekk med det ei hektisk og lærerik veke på Voss. Me meinar og trur at Voss kom i frå arrangementet med heder og ære, og mykje skryt av "skytekatedralen". Og skal me tru mange av Vossingane, så er viljen til å søkja på nytt, nokså snart, "svært stor".

For å finna resultater frå stemna: gå inn på DFS sine sider.

Vestlandstevnet 2012 7 og 8 juli
Her finn du skytetidene

Ei triveleg helg er unnagjort i Kvinnherad, flott gjennomført arrangement og bra ver. Berre litt tåke på laurdagskvelden og litt meir vind på søndagen gjorde det litt utfordrande.
Ikkje alle av våre som var kvalifisert til finale stilte på søndagen, men dei som møtte "beit" frå seg. Beste individuelle resultat stod rekrutten vår Kjetil for, han låg på 7 plass før finalen på banen, skrudde riktig i vinden, dei fleste skota havna i tien, og klatra kraftig på reultatlista. Kjetil havna til slutt på ein kjempeflott andreplass, og fekk sjølvsagt medalje, grattis. Niclas og Henry stilte og til sine finalar, gjennomførte "nokenlunde" og avvanserte nokre få plassar.
Samlagskytingane: Der hadde me med deltakar i den yngste klassen og blandt seniorane. Kristi gjorde si oppgåve framifrå med 99 poeng, laget klarte ikkje å hevda seg i teten. Blandt seniorane blei det kamp heilt til slutt, H&V blei nummer to etter Hordaland, Niclas skaut andre ettappe.

Resultat finn du her

Då e den innleiande skytinga over.Våre skyttarar skaut jamnt bra utan dei heilt eksepsjonelle resultata.Dei som er klare for finaleskyting i morgon: Kjetil Skår, rekrutt: 243 på bane og finale, Nils Lysen V-73:, 29 på felten og 248 på bane, klar for finale. Ingebrigt Heradstveit V-73: 29 på felten, finale. Vidare på klassaførde: Henry Øye 28 på felten og finale, og Niclas Øye 240 bane og finale.
I morgon går finalane og samlagskyting, der me har med fleire skyttarar.

Lagsmeisterskap i felt 5. juli 2012
Då er årets lagsmeisterskap i felt unnagjort. Ein flott sommarkveld på Lysebana, så godt som vindstille og fine forhold.Totalt 13 stk møtte. Finfelten blei eit tett oppgjer mellom fire V-73 skyttarar, to skaut fullt hus. Best og årets lagsmeister blei Nils Lysen med 30/20, eit innertreff føre Andreas Tveiten 30/19.
Dei ferskaste seniorane var først ute på grovfelten, og dei la lista så høgt at det skulle visa seg at ingen klarte å straffa dei. Best av alle, og lagsmeister, Åsne Skår med flotte 29 treff og 19 innertreff, nummer 2 Niclas Øye 28 treff og nummer 3 Britt Eide med 26 treff.

Resultatliste finn du under resultater

Samlagstemna bane 2012 søndag 17. juni
Samlagstemna blei i år arrangert tidligare enn normalt har vore dei siste åra. Sundag 17. juni i Kinsarvik, med Ullensvang som arrangør. Om det var at tidspunktet var utanom det vanlige eller andre årsaker (kaldt og surt) vites ikkje, men i allefall var deltakelsen laber. Niclas og Magne var forhindra grunna arbeid, men ellers så var dei fleste frå laget på plass.
Etter at innleiande skyting var over var det nok ein gong familien Skår som var med å prega listene i toppen, i tillegg til Nils Lysen, som fyrte inn fullt, 250 i V-73. Dag stoppa på 243 etter ein forrykande opning med 149 på klassen. Åsne fekk 237, desse var dei einaste som fekk skyta finale blandt dei klassaførde. I rekrutt klassen fekk Kjetil 237, og klar for finale.
Før finalane var det lagskyting. I og med at nokre av dei "gode" klassaførde skyttarane våre ikkje kunne stilla, blei det ikkje topp plassering denne gongen, tredjeplass bak suverene Jondal og Strandebarm på andre.
Etter at finalane var unnagjort fekk me denne sluttlista. Klasse 3 - 5: Vinnar Liv Sollesnes (for n´te gong) 344, nr to Audun Kvandal 343 og nummer tre Dag Skår med 342.
Åsne skaut ein god omgang på 99, men på grunn av lav deltagelse heldt det ikkje til medalje. Medalje blei det derimot på Kjetil, la inn 99 og ein flott andreplass i rekrutt klassen. Nils fekk ikkje omgangen til å sitja skikkeleg og blei forbigått av navnebror Nils Lothe og blei nummer 2 i V-73.
Resultatlister finn du her på H&V si heimeside

Her finn du skytetidene
 
Stemna vert arrangert av Ullensvang skyttarlag sundag 17.juni. Sjå vedlagt innbyding.
Gje melding til Dag innan 2. juni om de ynskjer å vera med(e-post, tlf eller sms).
 
Har de spørsmål kontakt Dag på tlf. 40103020
 



 

Hordastemna 2012 i Odda 9 - 10 juni
Glade vinnarar 
Då e årets Hordastemne historie.Laget sine skyttarar har all grunn til å væra fornøyde med innsatsen. Fredag og laurdag blei innleiande skyting gjennomført, samt lagskyting for senior. På den innleiande delen var det familien Skår som stod for prestasjonane, Dag med 244 og tredjeplass, Åsne  239 og klar for finale og Kjetil skaut seg også til finale i rekrutt klassen. På kvelden var det lagskyting. Åsne, Dag og Niclas var våre håpefulle, og dei leverte varene. Åsne opna med 93, Dag fortsette med 98. Dermed fekk Niclas skive 2 som ankermann, eit poeng etter Åsane. Niclas følgte opp med 98. Åsane og Tørvikbygd var like på poengsum. Etter finrekning og sjekk mot reglementet blei Tørvikbygd utropt som vinnar med knappast mogleg margin - ein inner meir enn Åsane, gratulera med framifrå innsats og gylt Øye medalje.
Søndagen er samlagskyting og finale dag. Samlagskytinga på 200 meteren blei også avgjort på innertiarar. Denne gongen blei det Hordaland som vann føre H&V, tre inner meir, etter ein fantastisk avslutning av Liv Sollesnes med 100 poeng. Me hadde med Niclas på laget.
Etter at finalane var unnagjort, i litt varierande vind, vart det klart at Liv Sollesnes blei årets Hordameister i klasse 3 - 5. Dag fekk ein litt skeiv omgang, stoppa på 340 og 8 plass. Åsne skaut ein flott omgang på sitt første seniormeisterskap, 98 og sikra seg medalje. Ho blei også 3.dje beste  av kvinnene, nr 16 totalt.

Sjå alle resultat her

Innbydelse her

Skytetider 200m

Skytetider 100m

Skyting om Lovely Hanover minnepokal
Hei, minner om skyting på tirsdag 05.06 , Lovely Hanover minnepokal, gjeven av Bård og Heine Ugletveit
Sjå vedlagt program her

Då har me hatt skyting om Minnepokalen, og det blei ein suveren siger til nyss attendekomen frå USA, Åsne Skår. Ho skaut fantastisk, slutta på 291 poeng og heile 8 poeng framfor neste på lista. Sjølv om programmet er lagt opp med stilling- og tidsforskjeller etter kva klasse dei enkelte skyt i, for at alle skal ha ein reel sjangse, så blei det denne gongen ein overlegen siger. Me andre får skjerpa oss. Strandebarm var og invitert til å delta, berre ein møtte. Håpar på fleire neste år. Resultat frå skytinga finn du under resultater.

NC 1. runde på østlandet
Følg med på oppdaterte resultater her

1. mai stemna 2012
So var 1. mai stemna 2012 historie. 200 skyttarar med stort og smått deltok på årets stemne, fordelt med 114 på 300 meter og 86 på 100 meteren. Hadde me hatt større kapasitet hadde sikkert endå fleire funne veien til Lysebanen.  Med perfekte skyteforhold blei det vist fenomenal skyting i dei fleste klassar. 
På 300 meteren blei det delt førsteplass i klasse 3 - 5 mellom Elisabeth Skudalsnes og Jon Olav Ågotnes, begge med 346 poeng. Nummer tre blei Arild Røyseth med 345, rangert føre Magne Wollheim Jr.
Av dei som skaut fullt på 100 meteren imponerte kanskje Elise Velsvik Stien mest med 29 inner i juniorklassen. (Ho skaut også fullt i Jondal, der med 31 inner) Me må også nemna våre eigne som tok klassesigrar: rekrutt, Kjetil Skår som "persa" med 349 poeng, kjempebra med tanke på at desse skyt med cal.22. og Nils Lysen vinnar V-73 med fullt hus 350 poeng.

Under ser me Jon Olav Ågotnes og Elisabeth Skudalsnes som delte førsteplassen i klasse 3 - 5.







Fullstendige resultat, presselister, premielister og
stevneoppgjør blir lagt ut under resultater i menyen til venstre. Me ber om at de sjekkar desse og gjer tilbakemelding til oss dersom noko er feil, innan fjorten dagar.

Fleire bilder frå stemna blir lagt inn under menyen til venstre, billedalbum.


 


Vårpremiskytinga 24.04.2012
Då er me i gang med både trening og konkuranse på Lysebanen. Den tradisjonsrike vårpremiskytinga opna banesesongen i fint og kjølig vårver. Strandebarm sine skyttarar var også i år invitert til å vera med oss. 4 stk. møtte frå Strandebarm og 12 stk frå eige lag. På 300 meteren såg me på resultata at det er tidleg i sesongen for ein del, og ingen fekk dei heilt "store" resultata. På 100 meteren derimot blei det varta opp med fleire gode resultat. Best av alle, Nils Lysen, nok ein gong med fullt hus og ei røys med innertiarar. Nils var då sjølvsagt først i køen for å velja seg premie. Alle som skyt denne stemna er nemleg "garantert" premie, i og med at alle som skyt skal ha med ein premie, og deretter vel ein premie etter rangering.
Resultat 100 m finn du her.

Resultat 300 m finn du her.

Hordastemna i felt 2012
15. april blei årets Hordastemna avvikla på Hatlestrand. Litt varierande vindforhold gjorde opplegget krevjande. Men  me fekk fleire til finale. To av våre skaut fullt på den innleiande skytinga, Dag Skår fekk 30 treff på grovfelten og det same presterte Ingebrigt Heradstveit på finfelten i V-73. Ingebrigt skaut alle skota på rett plass i finalen og med 8 innertreff blei han nummer to i sin klasse på årets Hordastemne. Dag fekk det ikkje heilt til i det krevjande opplegget i finalen og havna eit stykke ned på lista.
Sjå ellers fyldig reportasje og resultater på Hatlestrand & Ølve sine heimesider.

Samlagstemna i felt 2012
Etter endt skyting og eit velykka arrangement av årets samlagstemna i felt fekk med to stk frå laget som kunne smykka seg med tittelen samlagsmeister. Kjetil Skår takla forholda bra, til tross for at dei må skyta med cal. 22 i vindfulle forhold og han blei samlagsmeister. Den"snøggaste" felthurtigskyttaren på årets stemne blei Magne Lysen, med sterke 8,36 sek, var han eit "hav" framfor resten, og tittelen samlagsmeister i felthurtigskyting. Sjå ellers fyldig omtale på Strandebarm si heimeside.

Lagsmeisterkap i miniatyr 2012 , 15.02.2012
Då erden siste konkuransen innendørs gjennomført, og tradisjonen tro er det lagsmeisterskapen som stod for døra. Litt sjukdom og andre årsaker gjorde at det "berre" møtte 12 stk til den avsluttande skytinga. I klasse 3 - 5 blei det ein knusande siger til Dag Skår, han skaut imponerande 245, han var og den einaste femteklassing som møtte, og dei andre klassaførde var eit "hav" etter. Aspirantane våre var dei som imponerte mest, utanom Dag. Begge som stilte avlutta sesongen med nye og gode personlege rekordar. Dette lovar bra for rekrutteringa vidare.
 
Glade rekrutteringskyttarar, frå venstre Kristian Torvik, Joakim Øye, Kristi Skår og Kjetil Skår
 

Krinsstemna i miniatyr 2012
Strandebarm stod som arrangør første fredagen etter samlagsmeisterskapen. Mange hadde fortsatt formen inne, og det vart "nesten" meistertittel til laget. Dag skaut 244 som heldt til andreplass. Ein klasse vinnar fekk me. Bente vann klasse 2. Ellers så var det for det meste Jondal som stakk av med tittlane. Sjå ellers heimesida til Strandebarm.

Samlagstemna i miniatyr 2012, 4 og 5 februar
Samlagsmeisterskapen i miniatyr 2012 er over og me har kåra fleire samlagsmeistrar. Det møtte til slutt 75 stk.  I klassen for 3- 5 blei årets samlagsmeister Audun Kvandal med gode 245 poeng. På delt andre plass kom Dag Skår og Liv Sollesnes med 243 poeng. Det blei høge vinnarresultat i dei fleste klassar, men kanskje mest imponerte Lars Færevåg frå Jondal. Han skaut fantastiske 249 poeng i V-55 klassen, imponerande av ein kar som snart blir 73 år.
 
                
Bilde til venstre Audun Kvandal, vinnar i klasse 3 - 5 og bilde til høgre Lars Færevåg, vinnar klasse V-55
 
 
 
Premielister og oppgjersark blir sendt ut så snart dei er klare.
Sjå ellers fyldig omtale på Hardanger og Voss si heimeside, og omtale i papirutgåva av Hordaland Folkeblad.

God Jul og Godt Nytt skytterår
Då e 2011 snart historie og nye moglegheiter står for tur. Me vil ynskje alle eit riktig godt nytt år.
I romjula pågår Romjulstreffen i Os. Fleire frå laget er påmeldt der. Følg med på resultata på Os sine heimesider her.

Årsmøte 2011
Det blir herved kalla inn til årsmøte i Skyttarlaget tysdag den 15. nov. kl 19.00 på "tysdagskafeen".
Vanlege årsmøte saker.Eventuelle saker de vil ha opp på årsmøtet må være styret i hende innan fredag 11.nov.  Vell møtt.

Ny sesong er rett rundt hjørna
Ja då skriv me 24. oktober, det er FN dagen, og det er tid for å starta opp ny skytesesong på Eide. Skivene er på plass og utstyret er klart. Me vil spesielt invitera nye velkomne til å prøva ut kor fantastisk moro det er å skyta. Er du 10 år eller blir det snart, eller eldre,  så er det berre å ta turen til Eide. Der har me alt av utstyr du treng for å skyte i trygge omgivelser og med kyndig hjelp og veiledning frå våre erfarne skyttarar. Ein liten "slant" må me nesten ha for å dekka utgiftene til skota, 20 kr pr. gong. Du er gjerteleg velkommen kl 18.00 på onsdagane framover.
Seniorane/veteranar skyt frå 19.00 og utover.

Lagsmeisterskap Bane 2011
Tysdag 23.08. blei årets utendørs sesong avslutta på Lysebana med lagsmeisterskap for alle klassar. Og vi kunne faktisk utropa meistrar i dei fleste klassar, både på 300 og 100 meter. 17 stk møtte opp til den avsluttande tevlinga. Nokre av klassane var det berre ein deltagar i, og nokre var det fleire med i. Klasse 3 - 5 blei ikkje uventa vunnen av Dag på 338 poeng, føre Magne og Niclas på 336 poeng. På 100 meter kom det beste resultatet av siste års junior Aleksander, som avslutta skytinga på 100 meter med solide 349 poeng. I klasse V-73 var det fleire deltakarar og tett konkuranse heilt til målstreken. Andreas Tveiten blei vinnar på rangering føre den ferske samlagsmeisteren Nils, begge på 348 poeng.
Vi ser at rekrutteringa også ser ut til å vedvara. Vi har fleire lovande ungdomar på gang, Kristi, Kjetil, Håkon,Joakim og Ingebrigt er navn som forhåpentleg skal føra vidare dei gode tradisjonane som våre yngste har hatt for vane å utøva dei siste åra.
Då er det berre å starta med å forbereda seg til neste sesong, dvs for dei fleste å byta til cal 22, og så "treffast" me snart ute i løa på Eide. 
 
 

Samlagstemna på bane 2011
Nils Lysen skaut fantastisk under årets samlagstemna i Jondal 21.08 i klasse V-73. Han opna med 250 og 22* , skaut så 100 på lagskytinga med 9*, før han avslutta med finaleomgangen, 100 og 10*. Alså berre 4 av dei 45 teljande skota hans var utanom innertien, fantastisk. Dermed måtte årets dobbeltvinnar på LS, navnebror Nils Lothe frå Jondal ta til takke med andreplass. Nils blei einaste frå laget vårt med samlagsmeistertittel. Men laget fekk også klassevinnar i Jostein Bråten som igjen "persa" i klasse 2 med 244. Sonen Aleksander låg også godt an før finalen, som einaste med 249 i junior, men ein litt skeiv finale gjorde at han ikkje nådde heilt opp i toppen til slutt.
I klasse 3 - 5 var det igjen Dag og Niclas me måtte stola på, dei skaut begge 100 i finalen og blei høvesvis nummer 4 og 5. For resultatlister følg link til Jondal si heimeside.

Krinsstemna bane 2011
For tredje året på rad blei krinsstemna på bane arrangert på Lysebanen, 20.08, denne gongen var me sjølve arrangør. Fine skyteforhold var det på denne laurdagen. Dette året blei det to krinsmeistertittlar til laget vårt. Dag Skår tok tittelen på 300 meter i klasse 3 - 5, og Aleksander Bråten gjorde det same på 100 meteren i junior klassen. 60 deltakarar tok turen til Lyså for å kjempa om heider og æra.
 
Fleire bilder kjem i bildealbumet.
  Dag Skår vinnar klasse 3 - 5 med 341 poeng                                     Aleksander Bråten vinnar klasse J 348 p 

LS 2011 i Bodø
 Følg med på DFS sine sider som også går live her
Oppsumering: Årets stemna blei ungdomane si stemna igjen. Åsne med kjempegod skyting og gode plasseringar indviduellt i junior, med 7. plass på bane og 2. plass i felt, er kjempegodt. På seniorsida var det også "ungdomen" Niclas som sørgde for at vi fekk nok ein skyttar i historiebøkene, med 149 på klassen og aksje i Adresseavisens pokal, 344 poeng til slutt, medalje og ein flott 11. plass totalt. Det er lenge sidan "lille" Tørvikbygd var med å kjempa i toppen både på 100 og 200 meter. Takk skal de ha for at de yter maksimalt og sørjer for at me andre også får oppleva desse fantastiske prestasjonane. Då er det berre å starta med forberedingane til neste års LS, som er på Voss.
 
Lørdag 06.08: Då er årets LS historie, og hvilken avslutning me fekk. På fredag var det samlagskyting for dei yngste, og me hadde som kjent med Åsne på ankeretappen. Før siste etappe låg H&V på 15. plass. Åsne gjekk til verket og "klinka" inn 100 med 8 sentrum, og laget avanserte opp til ein flott 6. plass.
På laurdag var det tid for feltfinalane, og der hadde me med både Aleksander og Åsne i det siste finalelaget, begge hadde 30 treff. Aleksander fekk ikkje heilt dreis på finalen og nokre av skota smatt på utsida av blinken. Åsne hadde skive to i finalen, og dermed kanskje litt meir trykk under "vesten". Dette ser ikkje ut til å bekymra henne, tvert i mot. Åsne krusa inn 12/6 og fekk omskyting om andreplassen. Denne sjangsen tok ho godt vare på og vann omskytinga. Dermed stod Åsne på andreplass under premieutdelinga, nok ein kjempeprestasjon av Åsne. Dette vart ein kjempeflott avslutning på sesongen for Åsne, som dreg til USA på torsdag for å gå andre året på gymnaset der. Håpar at ho tek godt vare på skyteformen og kjem godt forberedt tilbake, for då er det seniorskyting og ståenede som gjeld, og me ser fram til mange gode resultat der også. (Ho har nemleg allereie "tjuvtrena" på stående og dei skal skyta godt dei som skal slå ho framover)
Torsdag 04.08: Så har me gjort unna torsdagen også, og hvilken dag me fekk oppleva her i Bodø. Dagen starta med strålande sol og alt låg til rette for ein fantastisk dag på LS, og det må me sei me fekk til gangs. Niclas låg på skive to i Aftenpostens fat finalelag. Skiva kom opp på storskjerm med anvisning skudd for skudd på alle skiver. Niclas hadde bestemt seg for at han skulle inn på standplass for å ha det "moro", og særs moro blei det både for han og for me andre som såg på, innerblink på innerblink blei prikka inn på skiva hans, til slutt 9 inner og ein ytter. 100 poeng og leda dermed kampen om Aftenposten suverent. Før kongelaget inntok standplass hadde han allereide avansert nokre plassar oppover lista og låg på tredjeplass totalt. Det var litt utfordrande ver i dag også, som det har vore heile veka, spesielt med tanke på den varierande vinden. Fleire i kongelaget fekk merka dette og fekk nokre niarar, og Niclas avanserte faktisk opp til ein fantastisk 11. plass totalt når stemna var over, grattis Niclas. Og som ein fin avslutning på stemna blei også trofeet som han vann i går utdelt til stor applaus i den fine kveldsola på Bestemorenga.
Kongen i år blei nettopp han som låg på skive to i kongelaget, som og kjempa med Niclas om Aftenposten, han slo Gunnar Halbjørhus i omskyting og enda på 346.
Men me fekk endå meir å gle oss over på LS arenaen i kveld, Liv Sollesnes klarte igjen meisterstykket å bli skytterprinsesse etter omskyting. Endeleg var den ekle følelsen etter Sandnes borte. Me kunne applaudera ei tydeleg stolt og "rørt" prinsesse frå Jondal. Takk til både Liv og Niclas for fantastiske prestasjonar og fantastiske opplevelsar for oss tilskodarar.
I morgon er det samlagskyting for rekruteringskyttarane, der vi som kjent har med Åsne, nok ein spenande dag på LS. 
 
Onsdag 03.08: Så har 5 klassingane våre vore i ilden, og hvilken ild dei starta med. Niclas hadde tydelegvis fått ein god frokost i dag. Han var den fyrste av våre som skulle i ilden. Han starta med 5* og fulgte opp med 49 på stå, då hadde me allereide hjarta opp i halsen, han fulgte opp med 50 på kne og dermed fantastiske 149 på klassen. Sjølvsagt storsjerm og fokus på 10 skoten. Stå og kne gjekk sånn nokonlunde, men så sneik det seg inn to niarar på ligg, likevel 244 og faktisk låg han an til kongelagsplass heilt til dei to siste laga skulle på standplass. Men når status skulle reknast opp etter endt skyting så kunne Niclas smykka seg med tittelen som beste skyttar på femtenskudden og dermed aksje i adresseavisen sin vandrepokal, sikra plass i historiebøkene for alltid, ein fantastisk prestasjon. Han ligg og på tredjeplass i kampen om aftenpostens fat.  Resten av våre femte klasse skyttarar fekk det ikkje heilt til i dag, men me må berre nok ein gong bøye oss i støvet over prestasjonanene til ungdomane våre. Det er tross alt første gongen vi har nokon som tar aksje i vandretrofe på seniorsida, sidan Dag vann Aftenpostens fat i 1984.
I følge Niclas så kjenntes det at ein var i live etter 149 på klassen, og det er nettopp det som gjer at vi held på me den fantastiske sporten vår. I morgon er det finalar og kongelag, følg med på arrangøren sine sider.
 
Me må og nytta høve å gratulera Nils Lothe og Jondal me sigeren i klasse V-73 etter fantastisk skyting i finalen og 350 poeng totalt,dobbeltsiger til H&V med Dag Midtun på andreplass.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Tirsdag 02.08: Etter den gode skytinga til ungdomane våre på søndag har me gjort unna feltskytinga for seniorane på mandagen. Ingen av våre nådde heilt til topps der. Best vart Niclas med 28 treff, han kapra seg eit lite beger. Det var mange som skaut fullt og 29 treff. Ellers så må me nemna Jostein som skaut fine 241 i klasse 2, tett oppunder sin pers på 243. På tirsdag skulle våre håpefulle juniorar i ilden igjen, denne gongen på banen. Aleksander fekk det ikkje heilt til med 245, men Åsne klinka til med 249 og plasserte seg som nummer 21 før finalen. I finalen gjentok ho det  ho gjorde på Evje 100 med 10*, og avanserte heilt opp til ein kjempeflott sjuende plass. Åsne er tydelegvis i kanonform, så det blir nokre spanande dagar framover også. I morgon skal 5 klassingane våre prøva å retta oppatt litt av den svake innsatsen på felten.
 Ei kjempeglad Åsne etter nok ein fantastisk prestasjon
 
 
Sønd. 31.07: Då er LS i gang. Me bur ein god del utanfor Bodø, ca 25 km frå arenaen, fint ver og det meste er bra. Dei som allereie har starta med skyting har også bidrege til at me er i god stemning. Åsne og Aleksander har begge vore i ilden i dag på felten. Dei skaut fantastisk, 30/26 på Åsne og 30/21 på Aleksander, imponerande. Innleiande skyting på felt er ferdig for juniorane og Åsne skal ha skive 2 i finalen og Aleksander skive 11.
I morgon startar 5 klassingane blandt andre med feltskytinga si og me skal ha fleire på banen. Følg med på heimesidene til LS på linken over.








Hordastemne Bane 2011
Årets Hordastemne er historie. Me fekk ingen individuelle meistrar, men det var nære på. Åsne skaut som vanleg stødig på den avsluttande finalen fullt hus og 9 av blinkane sat i innertien. Ho havna dermed på delt andreplass med 349, etter Lisa Gunham som skaut fullt hus. Blandt dei som skyt på 200 meter hadde vi ikkje så mange med i teten. Men Niclas fekk i allefall lov til å skyta finalen og den utførde han på ein god måte, 100 med 8* og avvanserte til 22. plass. Jon Olav Ågotnes tok ein ikkje uventa siger med 348 poeng.
På samlagskytingane var og fleire av våre skyttarar med, og der drog H&V i land sigeren blandt rekrutteringskyttarane og blandt veteranane. På anker etappen blandt ungdomane hadde H&V Åsne, som har vist tidligare at den etappen taklar ho godt. Åsne klinka like godt til med 10* på 10 skoten, og merk 6 av skota skaut ho på kne, fabelaktig. Blandt seniorane hadde me med Niclas på tredje etappe. Han var litt uheldig på kneskota sine, der det blei 4 taparar, og stoppa på 95. H&V blei nummer 4. Sjå ellers meir resultat på linken under til Fana skyttarlag. 
 
Då er innleiande skyting ferdig i Fana og fleire av våre skyttarar er med og kjempar i toppen. Nils Heradstveit har teke ein suveren ledelse i klasse 1 med solide 246 poeng. 3 poeng føre nestemann.Dette blei også sluttresultatet, så Nils vann klasse 1 på årets Hordastemne.  I junior klassen har Åsne "sleppt" ut ein niar, men med 249 og 22 inner innehar ho 3- plassen før omgangen. 2 stk har 250. I klasse V-73 har Nils Lysen også skote 249, med dette ligg han på ein 5 plass. 4 stk har 250. I klasse 3 - 5 er det ingen av våre som har nådd heilt opp i toppen, det blei for mykje "stang ut" denne gongen. I morgon er det lagskyting og samlagskytingar frå moronen av før dei avsluttande finaleomgangane.
 
 

NC på Østlandet 2011, 27 - 29 mai
Skyttarar frå laget har teke turen over fjellet for å skyta mot norgeseliten. Etter at fredagens skyting er over så er Magne heilt i toppen på Drøbak. Med seriane 49 -49 -49 -99 =246, så ligg han på ein flott 6. plass. Det er ei stund sidan me har hatt nokon med heilt i toppen i det selskapet. Ein prima omgang på søndag og det vankar mange NC poeng på Magne. I tillegg skal han skyta to stemner til, så her er det mange muligheter....

Då er første helga i NC unnagjort. Norgeseliten er vorten, om ein ser på resultata endå breiare, med fleire nye med i ypperste elite. Magne skaut finale i litt utfordrande forhold, med litt vind og skarpt ljos. I følgje han sjølv hadde han problem med det skarpe lyset og det lurte seg ut to niarar.  Han stoppa på 344, eit flott resultat som heldt til 25 plass på stemna. Niclas skaut også NC i helga. det beste resultatet fekk han i Asker med 343. Han blei nummer 51 og utan poeng.
Magne ligg på 57 plass totalt i NC med sine 26 poeng.

Følg med på resultat og live visning her

1. mai stemna 2011
Søndag 1. mai
D
å er årets 1. mai stemne vel til endes. 218 stk fann veien til Lysebanen i det fine vårveret, noko me må seia oss svært nøgde med. I toppen på lista i klasse 3 - 5 blei det ikkje store endringane. Jon Olav Ågotnes tok ein sterk siger med sine 345. Og for tredje året på rad tok han dobbelsiger i Jondal og hos oss
På 100 meteren blei  det to til som skaut fullt hus i dag, Arne J. Seim i V-65 frå Seim og Daniel Kleiven frå Herdla i ER (sjå bilde)  
 
 Sjå ellers resultater  og premielister under.

 Me ber og at det sjekkar premielistene med tanke på at de er plassert i riktig klasse før me sender ut stevneoppgjeret. Dersom det finn noko feil, vennligst gje tilbakemelding på e-post, snarast.
Bilder frå stemna er lagt inn under billledalbum.

Laurdag: 30.04:  Etter at totalt 117 mann og kvinner har skote hittil på stemna har me fått nye skyttarar i teten. Med fortsatt fine skyteforhold så heldt ikkje resultatet til Liv Sollesnes lenge på topp. No er det Jon Olav Ågotnes som leiar stemna med gode 345 poeng. Elisabeth Skuldalsnes har også godt forbi Liv på rangering.
På 100 meter er det foreløbig berre ein mann som har skote fullt. Erling Haugland i V-65. Av våre skyttarar på 300 meteren så ligg Niclas på 7 plass i kl. 3 - 5, Nils Heradstveit ligg på 2. plass med sine 244 i klasse 1 og Jostein innhar 3. plassen med 235 i klasse 2. På 100 meteren har me også våre med i toppen. Åsne med sine 349 er rangert bak Harald Brekke og innehar 2. plassen i Junior. Nils Lysen klamrar seg også fortsatt til pallen på andre plass med 348 i V-73. I morgon så skal nesten like mange i ilden, så me håpar at værgudane er med oss då også. Mange gode prestasjoner er i kjømda i morgon også.
 
Fredag 29.04
: Då er 1. mai stemna i gang. I dag fredag er det oss sjølve , Jondal  og nokre til som har skote. Liv Sollesnes leiar stemna med 343 poeng, etter å ha opna med fantastiske 150 på klassen. Nr 2 er vår eigen Niclas på 338 poeng. På 100 meteren er det foreløbig ingen som har skote fullt, men blir det like fine forhold som i dag dei neste to dagane, kjem det nok fleire på 350. Det er forhåndspåmeldt over 200 skyttarar til stemna, så det blir to fulle dagar med mykje smell og forhåpentligvis gode resultat.

Premielister 100 meter         Premielister 300 meter

Resultater 100 meter
          Resultater 300 meter

 

Hordameisterskapen i felt 2011
Åsne har teke nok ein tittel

30/24
på innleiande og 12/8 i finalen var nok til å erobra årets Hordameistertittel i juniorklassen. Det blei eit tett oppgjer, ho var eit innertreff føre nummer to, men dei gode utøvarane har også "fru fortuna" med på lag i ny og ne.
Gratulera så mykje nok ein gong Åsne som årets Hordameister. Vidare blei Aleksander nummer 4 i same klassen. Våre eldste skyttarar skaut også godt på den innleiande skytinga, fullt hus både på Nils og Ingebrigt, me ventar på resultat etter finalen.Gå inn på H&V si heimeside og finn bilder og  meir omtale frå stemna.


Samlagsmeisterskapen i felt 2011
Åsne har skote fantastisk og kan tittulera seg som samlagsmeister i felt  junior 2011
Det same kan me sei om Nils, som tukta dei andre i V-73 og blei samlagsmeister. Nils måtte ut i omskyting med Lars Himle, men Nils trekte det lengste strået til slutt etter å ha skoteenda ein gong med 12 treff i finalen.
Aleksander kom også på pallen med tredjeplass i juniorklassen.
Åsne skaut 30/29 på innleiande og i finalen blei det 12/10 - då er det ikkje mykje plass framføre ho.
Me gratulerar både Åsne og Nils som samlagsmeistrar felt 2011.
 
På grovfelten hadde ikkje me med nokon, men så  var det denne Chris´en då...Han sette nok ein gong alle til vegs på feltskytinga og tok sin andre samlagstittel i feltskyting på rad. Pr. no er han samlaget sin beste skyttar i felt og det er utruleg moro at ungdomen står fram blandt dei meir etablerte. Dette bør inspirera dei andre også til å satsa, Chris´en frå Strandebarm viser at det går an....
Gratulera Chris med nok ein tittel, neste helg er det Hordameisterskap, og det vil ikkje undra oss mykje om han er med i toppen der også.
Resultata og omtale finn du på heimesida til H&V

Krinsstemna i felt 2011
Nils Lysen krinsmeister i felt 2011 på Varaldsøy
 
 Dei som tok turen til Varaldsøy for å tevla om årets krinsmeistertittlar beit godt frå seg. Vi hadde berre med deltakarar på finfelten denne gongen, men nesten alle kom på "pallen". Litt varierande vind gjorde sitt til at dei som skaut på kne fekk litt vind på kroppen og dertil litt meir utfordrande skyteteknisk.
Nils var den einaste av våre som kan smykka seg med tittelen "krinsmeister" denne gongen.  Nils skaut fullt hus og 23 av treffa var i tillegg innertreff. Fullt hus skaut også Ingebrigt, men med 2 innertreff mindre enn Nils blei han henvist til andreplassen i V-73.
Juniorane våre, Åsne og Aleksander skaut også bra, men dei fekk føla vinden på kneholdet og der miste dei henholdsvis 1 og 3 treff. Åsne blei nummer 2, etter Harald Brekke som klarte å skyta fullt.
 

Lagsmeisterskap miniatyr 2011
Torsdag 24.02. var det tid for å offisielt avslutta miniatyrsesongen for i år, og med det starta forberedelsane til felten. 13 stk møtte i løa på Eide, og enkelte viste framifrå skyting. Suverent beste resultat kom frå Nils Lysen i V-73. Han klinka til med fullt hus 250 poeng. Dag tok ein like suveren siger i klasse 3 - 5 med 243 poeng, 4 poeng føre Niclas. I junior klassen var det Åsne som tok sigeren denne gongen med 245 poeng. I klasse to måtte det reknast på rangering for å kåra vinnaren, Jostein slo Bente på innartiarar, begge 235 poeng.

 


Samlagstemna i miniatyr 2011
Totalt 97 stk reiste til Voss og skaut årets samlagstemna i miniatyr den 6. februar. Det må me seia er bra oppmøte på ein ellers så sur vinterdag. Av desse 97 var det heile 11 stk frå laget vårt. Blandt dei 11 så var det ein person som kunne smykka seg med meisterskapstittel då stemna var over. Åsne Skår har trena bra i det siste og gjort nokre finjusteringar på knestillingen sin. Dette har tydelegvis bore frukter. Åsne skaut til 248 poeng og vann med eit poeng. Nr tre i same klasse blei Aleksander med 246. Pappa til Åsne, Dag skyt som vanleg stabilt bra og med 242 poeng blei han berre slegen av Audun Kvandal (245), i klasse 3 - 5, dermed sølvplass til Dag. Vidare kan me nemna Magne nr.6 med 237 og Niclas nr.9 med 235. I klasse 2 fekk me også ein på sølvplass, nemleg Jostein med 241 poeng. I V-73 hadde me med ein, skaut godt og med 246 poeng blei det 3 plass på Nils Lysen.

Resultatliste finn du her.

Krinsstemna i miniatyr 2011
Tørvikbygd stod som arrangør av årets krinstemne i miniatyr, den 30. januar. I år så
leigde me banen til Strandebarm og avvikla stemna der. Arrangemanget
gjekk greit og premieutdelinga blei foretatt etter planen, slik formannen
vår hadde planlagt. Me fekk to krinsmeistrar til laget vårt denne
gongen. Åsne tok ein overlegen siger i junior klassen med 248 poeng og Jostein
vann klasse 2 med 239 poeng. I klasse V-73 blei Nils nummer to med 246,
etter ein annan Nils som berre tapte eit peong. I klasse 3 - 5 kapra Dag
andre trinnet på sigerspallen med 242 poeng, to etter Liv. Niclas og
Henry klarte også å klamra seg til øvre halvdel på resultatlista.

Fullstendig resultatliste finn du her

Miniatyrskyting 2011 + Årsmøte
Me skal arrangera krinsmeisterskapen i miniatyrskyting i år, det vil føregå i Strandebarm den 30. januar. Påmelding blir lagt ut på paamelding.no
 
Enkelte av oss synes det kan væra litt kaldt i løa til Jakob, me har i den anledning avtale med Strandebarm at me kan koma ut der å skyta tysdagar og fredagar frå kl 18.00 for dei som vil. Ta med deg 30 kr så blir alle nøgde.
 
ÅRSMØTE den 30. januar i onsdagskafeen kl 19.00
 
Lagsmeisterskap i miniatyr blir den 24. februar kl 18.00 på Eide.
 
Terminliste for interne skytingar vår / sommar blir puplisert så snart denne er klar etter årsmøtet. Terminliste for resten av miniatyrsesongen finn du under terminlister.

Ny sesong står for døra
Ja då har dei fleste av oss hatt ein velfortjent pause frå skytinga og er klare til ein ny sesong. Elektronikken er montert opp på Eide og er klar til bruk.  Me vil i år prøva å få med nye rekrutteringsskyttarar, 10 år og oppover. Plakat vil bli hengt opp på COOP´en og me vil starta med instruksjon og veiledning onsdag 17.nov. kl 18.00. Kjenner du nokon som er interessert, ta dei med og møt opp på Eide då vel....

Lagsmeisterskap Bane 2010
Så er utendørssesongen over for dei fleste av oss, og det blei som vanleg markert med lagsmeisterskap på lysebana den 24. august. Nokre regnbyger i tide og utide, samt litt varierande vind var med på å auka utfordringane for skyttarane. Mange takla dette godt og avslutta sesongen på ein flott måte. Beste resultat på 100 meteren kom frå Andreas Tveiten i klasse V-65 som prikka inn 349 poeng. På 300 meteren var det Niclas som fekk det best til. 337 poeng var nok til å kunne kalle seg lagsmeister i klasse 3-5 i 2010.
 
Resultat finn du under resultater.

Samlagstemna bane 2010
Søndag 22. august blei årets samlagstemna avvikla i Granvin. Me fekk merka at sommaren er på hell. Til tider så fossa det ned med regn, og med litt varierande sikt. Dei beste let seg ikkje affisera nevneverdig av været, og viste fram skyting på toppnivå. Laget vårt fekk ingen "meisterskapsvinnar" i år, men me fekk to klassevinnarar. Nils Heradstveit har byrja å skyta litt igjen og viste at skytekunsten har han ikkje gløymt. Med 244 i klasse 1 tok han ein overlegen siger, me får håpa dette resultatet inspirerar til ein litt meir aktiv skytekarriere for Nils igjen?  Ann Kristin Bråten skaut fenomenalt i klasse 2, med 244 og tok ho ein knusande siger der. Denne klassen er blitt større og større og det er vel snart på tide at dei også får lov til å skyta meisterskapsomgang, og dermed kan kjempa om tittlar.
Sjølv om me ikkje fekk individuelle "meistrar" så var tørvikarane heilt i toppen, som vanleg. I klasse 3 - 5 så var det nok ein gong Liv Sollesnes som stakk av med sigeren, med sterke 346 var ho 4 poeng føre vår førsteårssenior, Niclas på 342, som blei nummer to og fekk seg medalje. Dag kom på fjerdeplass med 341 og stjerne. I juniorklassen så hadde me også "nesten" siger. Aleksander skaut svært godt på 25 skoten med 248, og følgde opp med 100 på omgangen, 348 og berre slegen av Harald Brekke frå Strandebarm. På tredjeplass kom Åsne som avslutta med 100 og 10*. Både Aleksander og Åsne fekk ungdomsmedaljer. På lagskytingane stilte me lag for ungdomar og senior. Ungdomane våre hadde ikkje heilt full klaff denne gongen og nådde ikkje opp, men det gjorde derimot seniorane våre. Nok ein gong viste dei at tøvikabygdarane har gode lagskyttarar og. Jakob og Dag opna med 92 og 95. Før ankeretappen så var differansen opp til Voss som leia på 2 poeng. Ankermannen vår Niclas skaut til gode 97, og dette klarte ikkje Voss å halda unna for og dermed så vann Tørvikbygd lagskytinga for senior på årets samlagstemna.
Arrangøren gjorde ein framifrå innsats og heldt tidsplanen og vel so det.

Resultat 100 meter

Resultat 200 meter

Krinsstemna bane 15.08.2010
3 krinsmeistrar til Tørvikbygd og me vann begge lagskytingane
Sesongen er på hell og tradisjonen tro så er det krinstemne første helga etter LS. Strandebarm sto som arrangør her hos oss på Lysebanen. Fint ver og tidsplanen blei halden og vel so det.  Mange har behalde formen ser me på skytinga, fleire skaut glimrande, spesielt på 100 meteren. Åsne Skår markerte seg nok ein gong på eit meisterskap, låg på skive 1 i juniorfinalen som einaste med 250, 3 poeng føre Trine Flotve. Trine klinka inn 100 poeng. Men når Åsne skyt 100 med 9 * og det tiende er 10,4, er det ikkje lett å slå ho, 350 poeng og krinsmeister. Nils Lysen i V-73 kan også smykka seg med tittelen krinsmeister etter glimrande skyting i finalen. Det same kan Dag Skår, frå skive 1 hadde han to poengs ledelse til Liv Sollesnes. Sjølv om Liv skaut ein flott omgang på 100 poeng, så svarte Dag opp med 100 og suveren krinsmeister.
Lagskytinga på 100 meteren, blandt dei yngste tok også Tørvikbygd seg av. Kristi Skår, Aleksander og Åsne skaut alle meget godt og vann lagskytinga. Det same klarte seniorane også med jevne resultat. På laget skaut Dag, Henry og Niclas i nevnte rekkefølge.
Resultat og bilder kjem seinare.

LS 2010 på Elverum

07.08.2010

Oppsummert etter årets LS så kan vi gjerne seie at "Tørvikararane" skaut på det gjevne uten dei heilt store resultata. Dog så hadde me fleire til finalar. Dag skaut banefinale , fekk 98 poeng og "skar" akkurat klar stjerne. Dag, Niclas og Magne kvalifiserte seg alle til feltfinalar. Magne og Dag fekk begge 10 i finalen. Åsne kom også til feltfinale i junior, fekk ein på "utsida" der og stoppa på 40/5. Samlagskytinga var også Åsne med på. Dei kjempa i toppen til siste slutt og havna på ein flott 7. plass. Så høgdepunktet dette LS må me seia var samlagskytinga for seniorane der H&V kapra Ese medaljen i bronse og der me hadde med Niclas på laget.

Neste år er det nye muligheiter i Bodø.


04.08.2010

I dag har 5. klassingane våre  prøvd seg på banen. Ingen fekk det heilt store resultatet i dag. Beste resultat fekk Dag Skår med 241 poeng. Han får i allefall lov til å skyta om stjerne i morgon. Me andre får atter ein gong gle oss med dei som har skote bra.Jondal sine skyttarar har fått det bra til, Bjørnar Wikane 244 og Liv Sollesnes 243. Me som ikkje fekk det til,i får seia til oss sjølve, (som me sikkert har sagt før), me må trena meir og riktig fram til neste år.


03.08.2010
I dag hadde vi igjen fleire i ilden. Åsne og Aleksander skaut innleiande på banen. Jakob og Niclas skaut også sine innleiande på banen. I dag var det glimrande skyteforhold, overskya og nesten vindstille.

Åsne skaut jamnt godt og enda på 247 poeng. Dette held mest sannsynleg til finale. Aleksander og Jakob fekk det ikkje heilt til denne gongen, og enda eit stykke ned på resultatlistene. Niclas skal prøva seg kl.14.30 i dag. Dersom de vil følgja med direkte er det berre å gå inn på DFS sine heimesider under landsskytterstevnet. Niclas var ikkje heilt fornøyd med baneskytinga i dag med 238, men det gjorde ingenting når me tenkjer på det som han opplevde seinare på dagen, les under om samlagskytinga.


Brørne Leif og Steinar Skår har også hatt seg ein tur i skogen for å gjennomføra feltrunden. Resultata her kjem seinare.




 



Så har det utrulege skjedd, Hardanger og Voss har tatt medalje på samlagskyting klasse 3 - 5 her på LS.

Dette har ikkje skjedd sidan 1975. Kjempebra. Me hadde dessutan med startmannen. Niclas tok godt vare på muligheita han fekk, skaut 96 poeng, og når Anna Hjelmevoll fulgte opp med 99, Audun Kvandal fekk 94, så vart det kjempejevnt før siste etappen. Liv stod på skive 5, men med lik poengsum som dei som låg på skive 3. Liv skaut til 98, og dermed havna H&V på tredjeplass og pallen. Grautlera så mykje til deko alle fire og takk for ein fantastisk opplevelse for oss som var og såg på deko!  Me kunne også sjå på Liv at dette sette ho stor pris på. Liv har opplevd mykje som skyttar, men aldri fått Ese medaljen. Me kunne skimta ei lita tåre i augekroken.

 

02.08-2010

I dag er dei fleste ferdige med fyrste runde av innleiande skyting. Me har hatt skyttarar i ilden både på felt og bane. På finfelten så var det Åsne som blei best, med 29/26. Ingebrigt har og 29 treff. Aleksander stoppa på 27 treff.

Grovfelten var beste resultat frå laget 28 treff, og det hadde desse skyttarane: Dag, Magne og Niclas.

På banen er me og kome godt i gong. Der skaut familien Strømme Bråten oppløftande, då dei begge skaut opp mot sine beste resultat. Jostein fyrte inn 240, og då kunne ikkje Ann-Kristin vere dårlegare, og ho la inn 242.

Ingebrigt skaut og bane i dag, og enda på 247 innleiande. Dette held muligens til finale.

I morgon skal Niclas inn på banen, og han skal skyte på samlagsskytinga. Så me har fleire spanande dagar i vente.

Me hadde litt typisk "vestlandsvær" i starten av LS, men no skin sola, og alt er berre fryd og gammen.

Vestlandsstemna 2010
03.07.10
Våre skyttarar er i toppen både på felt og bane. Best på den innleiande skytinga har det gått på felten, der Åsne leiar Jr med 30/24. I same klasse ligg Aleksander som nr 7 med 30/15. Veteranane våre skyt også stødig, Ingebrigt har 30/20 er nummer 3 og Nils har 30/14 er på 6. plass. Men når finalane drar seg til i morgon så veit vi at alle med 30 har same utgangspunkt, då er det antall treff og innertreff i finalen som gjelder. På baneskytinga har vi ingen på topp men nesten...Nils har 249 på 3.plass, men same poengsum som leiaren.  Aleksander og Åsne  ligg på 10 og 16 plass med 246 og 245.
Blandt seniorane så har me berre med skyttarar på bane. Dei har derimot "bite" godt ifrå seg i kamp med vestlandets beste. Henry er nummer 12 med 243, Dag er nr 14 med 242 og Jakob er på 32. plass med 240. I klasse 2 kom Ann Kristin på ein fin 8. plass med 237.

Samlagskyting blei det også skote på laurdags ettermiddagen og der hadde me med fleire. Blandt rekrutteringskyttarane blei det durabeleg spenande, Hordaland og H&V blei like på pongsum og innertiarar og måtte ut i omskyting. Og som Åsne, som skaut ankerettappen sa: "me knuste dei" . H&V blei vinnar med 398 i omskytinga. På seniorlaget hadde me også med to frå laget vårt, Niclas opna ballet med sterke 99 poeng, Dag gjorde også sine saker bra, med 95, men andremann på laget var ikkje heldig med sin serie, så laget havna eit stykke ned på lista.
I morgon er det finalar og me ser fram til nye toppresultat.

04.07.10
Då er finaledagen unnagjort. Me fekk ingen vinnarar, men me fekk fleire på pallen.
I juniorfinalen i felt blei det "storeslem" til ytre krinsen. Harald Brekke frå Strandebarm vann, føre Åsne og Aleksander, alle med fullt hus i finalen. Vi såg på skytinga at det er utruleg viktig å være "beint på". Seriane til Åsne og Aleksander var godt skotne men litt skeive, og då blir det fort yttertreff, men kjempebra i dette selskapet å havna på pallen. På pallen kom også Nils Lysen på Banen, med 100 og 349 blei han nr. 3., rangert bak,men med same pongsum som vinnaren. Fullt skaut han også på felten, men for lite innertreff førte til ein fjerdeplass.
På 200 meteren var det Dag som kom best frå det med 100 poeng i finalen, med 342 avanserte til ein flott 8. plass og mest sannsynleg stjerne.
Henry fekk ikkje til omgangen sin, fekk 97 og stoppa på 340. Vinnar i klasse 3 - 5  blei Liv Sollesnes med 346.
Ho er i knallgod form for tida, fersk Hordameister, leiar NC og no Vestlandsmeister igjen.

 
Resultatlister finn du på OS si heimeside

Tre glade medaljevinnarar: Harald nr 1. Åsne nr 2. og Aleksander nr 3
                               

Hordastemna bane 2010 i Omvikedalen
Hordastemna i baneskyting er i gang på Midthølen med Rosendal og Omvikedalen som arrangørar. Me er kanskje vorte litt bortskjemte i det siste med at me  som oftast har hatt muligheita til å følgje med "live" på slike stemner. Så er ikkje tilfelle dette året. Men redaktøren har lukkast å få tak i litt informasjon om korleis våre skyttarar har gjort det på den innleiande skytinga. Veret i Sunnhordaland er ikkje av det gunstigaste slaget, regn, kastevind og med temperaturar som minner meir om haust, det er ikkje dei beste forholda for skyting. Beste resultat av skyttarane våre på 200 meter er Niclas Øye med 242 poeng.  Han er foreløbig på ein flott 3. plass. Med seriane 50-47-49-96 viser han stabil god skyting, og ser ut til å  ha stabilisert seg på eit høgt nivå. Vidare på 200 meter så har Magne og Dag begge 239 poeng, Jakob 230, Leif 222, og Jostein i klasse 2, 226 poeng. På 100 meteren er det Nils Lysen som ligg best an med 249 poeng i V-73, eit poeng bak Dag Midtun som har skote fullt hus. Vidare i den klassen så har Ansgar Øye 245, dette er eit respektabelt resultat av ein som ikkje kan skuldast for å vera overtrent i allefall.  Åsne og Aleksander har ikkje hatt "fru fortuna" med seg i dei litt utfordrande forholda med 246 og 243 poeng. Den lette kula som dei er pålagde å bruka, blir lett påverka av ustabile vindtilhøve. Men det er ikkje langt opp til dei som leiar i klassen, så gjentar du serien frå omskytinga på LS ifjor Åsne, 10*, så........
Seinare i dag er det lagskyting på både 100 og 200 meter, kjem tilbake med meir resultat seinare i kveld.
 
Lagskytinga på 200 blei  kjempespanande. Magne og Dag skaut svært godt på sine etappar, henholdsvis 95 og 98 poeng. Dette førte til at "ferskingen" Niclas fekk lov til å stå på skive nr. 2 på ankeretappen. "Tidleg krøkast" er modig og heilt riktig i denne sporten til liks med andre idrettar. På skive 3 låg, berre eit poeng bak,  Åsane og Hordvik sin ankermann, med ikkje heilt ukjente Arild Røyseth. Han fekk 99 poeng og la press på resterende skyttarar. Niclas takla dette på ein "superb" måte. To niarar på stå og resten i tiaren. 98 poeng og likt på poeng med Åsane. På skive ein skaut Atle Håtuft frå Meland ikkje like godt som dei føre og tre lag havna på lik poengsum. Finrekninga på innertiarar viste at laget vårt blei nummer tre rangert bak på mindre innertiarar, og Åsane vann lagskytinga. Ei kjempegod plassering med tanke på at det er nokre av dei beste i landet dei kjempa mot. Me hadde ikkje lag på 100 meteren.
 
 
Meir bilder frå stemna blir lagt inn i billedalbum
 
Me ser fram til finalane i morgon, Niclas ligg inne blandt dei 12 beste, Åsne er nummer 4, Nils er nummer 4 og vi har fleire på samlagskytinga i morgon.
 
Då er samlagskytingane unnagjort. Hardanger & Voss har vunne samlagskytinga for rekrutt/junior. Takka vera god skyting av dei andre på laget fekk Åsne æra av å bekle skive 1 på ankeretappen. Den oppgåva løyste ho på ein framifrå måte, Åsne viste at "nerver" det er noko som ho taklar på ein positiv måte. 99 poeng på sin 10 skot, samla 397 poeng og poenget føre Hordaland.
Seniorane til H&V gjekk det ikkje så godt med. I følgje Dag så er det vanskelege forhold på Midthølen i dag, og ein må følgje med på vinden heile tida. Me hadde jo Niclas med på førstelaget og han fekk nok smake litt på at rutine også er ein viktig faktor i skyting. 10 skoten hans var bra skoten, men den kom for mykje til høgre, men han blei ei erfaring rikare. Laget enda på 3. plass bak dei to laga til Hordaland.
 
Då er også finalane unnagjort, og det blei vist mykje god skyting av våre skyttarar. Best på 200 meter blei Niclas etter å ha "krusa" inn 100 med 6*, så avanserte han tre plassar og blei nummer 7 totalt, og fekk medalje på årets Hordastemne. Samtidig så tok han ein knusande siger i kampen om beste skyttar under 21 år, minst 4 poeng ned til nestemann. Vidare så fekk Dag 100 og Magne 99. Dei får også mest sannsynleg stjerne.
På 100 meter så gjorde Åsne sine saker riktig, 100 poeng. Dei som låg føre ho fekk også 100 poeng, så ho blei nummer 4 til slutt.
Me vil også nok ein gong gratulera Liv Sollesnes som stakk av med sigeren i klasse 3-5 på årets stemne på årets Hordastemne.
Oppsumert så må me nok ein gong seie at "lille" Tørvikbygd har gjort seg bemerka på eit Meisterskap i skyting.
 
 

Open stemne 29 apr. - 1. mai 2010
Her vil vi legge inn status på kvelden dei aktuelle dagane.

 Etter torsdagens skyting er det Liv Sollesnes, Jondal som leiar i klasse 3 - 5 med 338 poeng. På 100 meter kom det beste resultatet frå dei eldste, Nils Lothe frå Jondal, som skyt i V-73,  skaut fullt hus 350 poeng. I Junior klassen er det Aleksander Bråten frå arrangørlaget som leiar med ny pers, 349 poeng. På fredag er det også nokre lag, før det for fullt blir skyting heile 1. mai.

Da fredagens skyting var ferdig blei det endringar i nokre klassar. I klasse 3 - 5 er det no Jon Olav Ågotnes som leiar med 342 poeng føre Bjarte Langesnes med 339 og Liv Sollesnes er no nummer tre med 338 poeng. I V-55 klassen er det Torbjørn Landro som leiar med 339 poeng. Klasse 2 der skaut Ove Røyrvik sterke 246 og ein suveren ledelse.
Beste resultat på 100 meteren er det Erling Haugland, V-65 som har gjort, 350 med 31 innertiarar. I Juniorklassen er det fortsatt Aleksander Bråten som leiar med 349 poeng.

Då er stemna over for i år. 194 stk fann veien til 1. mai stemna i år. Det var litt varierande vindforhold under stemna, men det blei mange gode resultat.

Jon Olav Ågotnes blei dobbelvinnar i klasse 3 - 5, i og med at han også drog sigeren i land i Jondal.
V-55 blei ikkje uventa vunnen av Alf Høysæter på rangering føre Arne Berge.

Vår eigen Aleksander Bråten i junior klassen hadde også ei kanon helg og skaut 349 både hos oss og i Jondal. Han vann klassen i Tørvikbygd. Dette blir moro i fortsettelsen Aleksander

Meir resultat og premielister er lagt inn under resultater


Presseliste alle klassar

Samlagstemna felt 2010
Aleksander og Nils er blitt samlagsmeister i felt  2010, i tillegg vann Magne stuparen. Gratulerar
Aleksander avanserte frå "nesten" på Hordastemna, til øverste trinn på pallen på samlagstemna i felt. Kjempebra skyting igjen av dei yngste frå laget vårt. Arrangementet er i ferd med å bli ferdig i skrivande stund (kl 15.00). Noko føre skjema. 78 stk har delteke, av ca 90 påmeldte, jevnt fordelt med 39 på grov og 39 på finfelt. Gode skytetilhøve med lite vind og godt lys, gjorde sitt til at på den innleiande skytinga blei det vist mykje god skyting, både på fin- og grovfelt. Fleire på 30 treff, både på fin og grovfelt. På finfelten måtte ein i tillegg ha fullt i finalane og for å kjempa i teten i dei fleste klassar. På grovfelten derimot blei det ein del tyngre i finalen. Om opplegget på den innleiande delen kanskje ikkje baud på det vanskelegaste opplegget, så fekk dei litt å bryna seg på i finalen, med hald på nærare ein halv kilometer.
Me fekk ein gledeleg, overaskande og suveren samlagsmeister nemleg  førsteårs senior Chris Andre Fauske frå Strandebarm.  Grattis Chris.
Chris  Andre hadde i likheit med tre andre 30 treff på den innleiande skytinga, men i motsetning til dei andre, takla han det krevjande opplegget kjempebra, fyrte inn 11 freff og suveren vinnar, heile tre treff føre nestemann. Dermed har Chris Andre allereie sikra seg sin første tittel som senior skyttar.
 
 
 
 Bilder frå stemna, sjå bildealbum
 
 
 
 
Samlagsmeistrar 2010
 
Kl 2 - 5, V-55:    Chris Andre Fauske, Strandebarm         41/05
Kl V-55  :            Nils Åge Sandal, Røldal                              32/0
V-73:                  Nils Lysen, Tørvikbygd                               42/09
V-65:                  Johan Linga, Norheimsund og Øystese  42/12
Jr:                       Aleksander Bråten, Tørvikbygd               42/05
ER:                      Leif Malvin Hjelmevoll, Voss                     42/09
R:                        Solbjørg Hårklau, Voss                               35/01
 
Stang:  Reidar Våge                               27 treff  (AG 3)
Stupar: Magne Lysen                            13,40  sek.
 
Vinnar kl 2: Jostein Bråten, Tørvikbygd                            23/09
Vinnar kl 1: Tomas Bakkely Nernes, Strandebarm         25/10
        
 
Meir result / premielister kjem så snart dei er klar, og blir lagt under resultater

"Nesten" Hordameister på Aleksander
Hordastemna i felt 2010
Som venta blei det ungdomane våre som gjorde det best på årets Hordameisterskap i feltskyting som gjekk av stabelen den 14 mars 2010. Både Aleksander og Åsne "krusa" lett inn 30 treff på den innleiande skytinga. I finalen så hadde arrangøren naturleg nok sett opp nokre av dei mest utfordrande figurane, dette for å skilja godt. Aleksander let seg ikkje affisera av dette, fyrte inn 12/7 i finalen og blei berre slått av Andrea Kirkevoll frå Nordheimsund som skaut 12/8 i finalen. Kjempegod skyting av Aleksander som dermed kunne ta steget opp på andreplass på premiepallen. Åsne var ikkje heilt "på" i finalen og stoppa på 11/2 og litt nede på lista denne gongen.
Av seniorane våre blei Dag best med 27 treff, Magne fekk 25 treff, ingen skaut finale. Ettersom redaktøren har fått høyra, var det litt utfordrande tilhøve med litt varierande vind på stemna.
 

Åsne og Nils krinsmeistrar i felt 2010
Ungdomane våre innfrir gong på gong. Åsne og Aleksander har lagt det for "vane no" å skyta fullt hus på felten. 30 treff på begge to. Med 23 innertreff på Åsne blei ho rangert føre Andrea Kirkevoll , som også hadde 30/23. Aleksander fekk til slutt notert 30/21 og skulle kanskje også hatt 23 inner. I allefall kjempegod skyting av ungdomane.
På grovfelten var det ingen av våre som klarte fullt hus, men dei var ikkje langt unna. Sigmund Våge blei Krinsmeister med 30/18 føre Arne Berge med 30/17. Best frå laget vårt blei Magne med 29/20 og tredjeplass,Jakob med 29/15. Vidare hadde Dag og Niclas 28 treff. (Niclas med eit skot på feil skive). 
Då alle resultata var klare viste det seg at vi hadde fått endå ein krinsmeister. Nils slo også til med 30 treff og vann V-73 på ein overbevisande måte.
9 stk frå laget hadde gjort seg klare for feltsesongen og deltok på stemna.
 
 

Samlagstemna i miniatyr 2010
Dei ivrigaste frå laget tok den lange turen austover til Røldal for å skyta om årets meistertittlar på samlagstemna i miniatyr. Dag skyt for tida stabilt og godt. Med seriane 50-47-50-97, ligg han på andreplass i klasse 3 - 5, etter Audun Kvanndal som har 247. Åsne ligg også på andreplass med 245 i JR. I denne klassen leiar Harald Brekke med 247.
I klasse to fortset Ann Kristin å imponera, 244 held foreløbig til leiing i klassen, og redaktøren meiner dette godt kan halda heilt til mål. Kjem tilbake med endelege resultat seinare.
Det endelege resultatet er komen og det viste seg at Dag blei nummer 3, Ann Kristin blei nummer tre, medan Åsne beheldt andreplassen.
 

Krinsstemna i miniatyr 2010
Tørvikabygdarane tok for seg av krinsmeistertittlar på årets krinsmeisterskap i miniatyr, som blei arrangert i Norheimsund 31.01.10. Det blei dobbelsiger i klasse junior, Åsne vann med 245 føre Aleksander med 243. Ann Kristin vann klasse 2 med 244 og Ingebrigt vann klasse V-73 med 248 poeng. I klasse 3 - 5 blei det ikkje uventa ein ny siger til Liv Sollesnes med solide 247. I den klassen fekk me kanskje den største overraskinga, resultatmessig. Niclas, som i det siste har trena jamnt og trutt opptil 3 gonger i veka, klinka til med 245, nok ein gong ny pers. Med det resultatet var det berre Liv som var betre. Dag skaut som vanleg jamnt godt og stoppa på 242 og tredjeplass.
 

Ny sesong med miniatyr står for døren
Det er på tide å skifte til cal. 22, det starter nemlig opp med krinscup den 14. oktober. Sjå innbydelse her.

Aleksander ny medlem i 350 klubben
Etter å ha vore så nærme gjennom heile sesongen med fleire stemner på 349, og 9,9, så lukkast det endeleg  for Aleksander Bråten å skyta fullt hus, 350 poeng. Siste sjangsen for å klare det denne sesongen var på lagsmeisterskapen, som blei arrangert på Lysebanen den 5. september. Aleksander tok godt vare på sjangsen sin og skaut framifrå, noko 26 innertiarar er eit godt prov på. Me gratulerar Aleksander som medlem i 350 klubben.
Fullt hus skaut også Ingebrigt Heradstveit i klasse V-73. Vinnar i klasse 3 - 5 blei ikkje uventa Magne Lysen på 341 poeng. Han var "eit hav" framfor næraste ufordrar som var Ragnhild Eide Ure på moderate 332 poeng.
Då er baneskytinga på det næraste over for i år og me ser fram til ein "liten" pause før med "trør" til med innandørssesongen.

Resultat frå lagsmeisterskapen finn du her.

Krinsstemna bane 09
Årets krinsstemna på bane blei arrangert av Vareld Skyttarlag på Lysebana. Den innleiande skytinga er godt igang. Vi har allereie fått tre stk med fullt hus. Både Åsne og Aleksander i ER og Niclas JR har 250 poeng med 19 inner. Åsne og Niclas har tydelegvis bestemt seg for å avslutta sesongen slik dei starta den - 350 poeng, så gjenstår det å sjå om Aleksander endeleg blir medlem av 350 klubben. Dag har også teke i på den ikkje heilt "lette" lysebana, 242 poeng, det er ikkje "mange" som går forbi den summen.
Etter at innleiande skyting var over så viste det seg at ingen gjekk forbi Dag, han fekk skive 1 i finalen. Skive 1 fekk også Niclas, Åsne er på skive 3 og Aleksander er på skive 2.
Ingebrigt ligg på andre i V-73, etter "umulige" Nils Lothe.
2. klassingane dei er ferdigskotne, dei skyt som kjent ikkje finale. Ann Kristin klinka til med 243 poeng, ny pers og ein knusande siger i klasse 2.
Før finalane var det tid for lagskyting, seniorane fekk ein "hederleg" andre plass 3 poeng bak Jondal. Blandt dei yngste var det nok ein gong kamp mellom Strandebarm og Tørvikbygd, og som så ofte før, dei skyt fantastisk godt for tida. Begge laga tapte berre eit poeng - 299. Denne gongen var det Strandebarm som trekte det lengste strået med flest innertiarar.
Så var det tid for å kåra krinsmeistrar blandt dei som fekk skyta finale. Ingebrigt krusa inn til 2. plass i V-73 med 347, etter Nils Lothe, som nok ein gong skaut fullt. Niclas ville ikkje ha noko omskyting denne gongen, fyrte inn 100 med 8 inner og tangerte pers´en med 27 inner totalt, og krinsmeister. Åsne gjorde nesten kopi av det ho presterte i omskytinga på LS, ho sakut 100 med 9 inner og det var det ingen av dei andre på 250 som klarte å straffa, dermed blei Åsne også krinsmeister. Aleksander makta heller ikkje denne gongen å få 350, det blei to niarar. Serien stod litt høgt, hadde den vore på rett plass så....alikevel ein fin tredjeplass.
På 300 meteren var det fleire som kunne stikka av med sigeren, 4 stk hadde 240 eller meir, med Dag på 242 og skive 1. Diverre så sat omgangen til Dag litt i høgste laget og det lurte seg ut to niarar, dermed tok Liv Sollesnes sigeren for n´te gong, ho skaut 100 poeng og slutta  på 341 poeng og årets krinsmeister klasse 3 - 5. Nr 2 blei Dag med 340 poeng føre Magne og Ole Johannes frå Strandebarm, begge med 337 poeng.Grattis til krinsmeistrane våre.
 
 

Samlagstemna bane 2009 på Aga
Litt info til deko som ikkje er på samlagstemna: Våre skyttarar har utmerka seg med særdeles god skyting så langt på den innleiande skytinga på Aga. Les: ER: Åsne på skive 1 i finalen med 250 , Aleksander skive 5 med 248.
JR: Niclas og Chris Andre frå Strandebarm er heilt like på 249 før finalen. V-73: Ingebrigt 248, Ansgar 245. V-65: Andreas Tveiten 248. Klasse 2: Ann Kristin 236, Jostein 231. Klasse 3-5: Dag skal ha skive 1 med 242, likt med Liv frå Jondal, Jakob 228, Leif 220. Diverre klarte vi ikkje å stilla lag på 200 meter grunna ein del mannefall, men på 100 meter stiller vi, og der tok ungdomane våre ein knusande siger, 299 poeng og 5 poeng føre neste lag. Kjem tilbake med meir info så snart finalane er unnagjort. 
To samlagsmeistrar til laget vårt
Så er finalane unnagjort, det blei to samlagsmeistrar til laget vårt denne gongen, nokre måtte slita skikkeleg for å hala sigeren i land. Åsne var først ute, ho var den einaste som hadde fullt i innleiande skyting. Åsne gjorde ingen feil, krusa "lett" inn 100, og kan tittulera seg som samlagsmeister ER bane 2009. Aleksander fyrte også av ein skikkeleg god omgang og skaut seg opp til ein flott 3. plass. I klassen til Niclas derimot måtte det skytast tre omgangar for å kåra meisteren. Ikkje uventa kanskje, ettersom kampen stod mellom dei einaste frå Hordaland som skaut 250 i Jr på LS i år, Niclas og Chris Andre. I første finale blei det fullt på begge med 9 sentrum, på den andre hadde dei 100 med 7 inner. På den siste skaut Chris Andre nok ein fantastisk omgang, 100 med 9 sentrum, (yttertien var ein X,4). Men Niclas gjorde det "ca ein millimeter betre", fyrte inn 10 sentrumstiarar, slik som Åsne på LS, dermed halte han i land samlagsmeistertittelen med knappast mogleg margin. Ettersom redaktøren har fått opplyst så begynte det å røyna på med tilgang på ammo også. Gratulera så mykje til dei fantastisk gode ungdomskyttarane våre. Veteranane våre viste også at dei kan skyte, Ingebrigt halte i land 347 og ein flott andreplass. Formannen vår hadde også teke turen til Aga og skaut meget bra, 347 heldt mest sannsynleg til ein flott tredjeplass. På seniorsida gjorde Dag også det godt, det lurte seg riktignok ut ein 9,9 på omgangen, men det heldt til andreplass bak Liv frå Jonal som tok sin 15. tittel på bane. Ann Kristin kom på delt andreplass i klasse 2.
 
Biletet under viser ein glad trio  Åsne, Niclas og Aleksander.
 
 

LS 2009

04.08:
Grunna dårleg tilgang på internett blir det ikkje oppdatering kvar dag på LS, men i dag tysdag har redaktøren kobla seg til for å fortelja at laget sine skyttarar har skote fantastisk på den innleiande skytinga, så langt. Åsne og Aleksander har fyrt inn fulle hus på banen, 250 poeng, fenomenalt. Niclas har tatt ut maksimalt både på felt og bane, 30 treff på felt og 250 på banen, bedre kan det ikkje gjerast. På grovfelten har me også to seniorar som har skote fantastisk. 30 treff på Magne og Dag, gjer at me har finalistar i dei fleste øvelsar. No er det samlagskyting som står for tur på ettermiddagen i dag, der me har med to stk, Åsne og Niclas. Vi har mykje spennande å sjå fram til. Ny oppdatering kjem etter at samlagskytinga er over.

Etter at tre etapper er unnagjort for samlagskyttarane er to poeng borte, og me kjempar i teten. Det er knalltøft nivå i denne skytinga, sjølv om Niclas skaut til 99, og laget enda på 397 poeng, to bak vinnarane, blei det til slutt ein 11. plass.

06.08: Me har hatt ER skyttarane våre i felten, og dei skyt fortsatt fantastisk, Aleksander 30/27, Åsne 30/26. Ungdomane våre har gjort ein fenomenal innsats så langt. 750 poeng på bane og 90 treff på felten, bedre kan det ikkje gjerast. Onsdagen var og 5. klassingane sin muligheit til å visa kva dei duger til på dette nivået. Den sjangsen tok dei diverre ikkje vare på. Dag og Henry blei dei beste med beskjedne 238 poeng, noko som ikkje heldt til finaleskyting.

Første finale er unnagjort for ungdomane våre, Niclas var først ute, fyrte inn 100 med 7 inner, og ein kjempeflott 5 plass, kun ein inner frå pallen, men medaljen blei sikra. Vi ser fram til finalane seinare i dag for ER, Åsne og Aleksander skal i ilden.

Då er finalane unnagjort, Aleksander fekk det ikkje heilt til å "gli" slik han hadde tenkt, det var litt meir bevegelse i børsa enn vanleg, 96 poeng og 346 til slutt. Åsne hadde plass i siste finalelag, med fellesanvisning på dei første fem skota, Åsne starta med 6 inner og var ein av fem som fortsatt var med og kjempa om toppen. Etter omlasting så gjorde kanskje Åsne ein teknisk feil, iallefall så lurte det seg ut tre yttertiarar, men likevel 100 med 7 inner, er kjemperesultat på LS. Åsne skaut så godt at ho faktisk pr. no er inne og skyt omskyting om premien , beste kvinnelige rekrutteringskyttar. Åsne viste korleis det skulle gjerast, 10 sentrumstiarar i omskytinga og premien for beste kvinnelige rekrutteringskyttar på årets LS er Åsne sin til odel og eige, Gratulerar så masse. Åsne plasserte seg blandt dei beste, nærmare bestemt på 12 plass,  og fekk medalje på banen.



07.08: Då var det tid for feltfinalar for dei yngste. Me hadde fortsatt store forvetningar til ungdomen vår. På feltskyting så veit me at her må middeltreffpunktet være heilt midt i skal det bli suksess. Finalen gjekk på standplass, dobbelthold på kvartfiguren. Våre unge lovande var ikkje heilt i midten med skota sine og ingen fekk heilt full klaff. Men uansett så har årets LS vore ein kjempeopplevelse for dei. Me får gleda oss over og gratulera Chris´en frå Strandebarm med fatastisk finaleskyting og han skaut seg opp til ein flott 4. plass. I morgon går turen heimattover, etter at me har sett Dag og Magne i grovfeltfinalen. Dei og skal skyta dobbelthold på ståande stripe, 10/30, med 6 kne og 6 liggande på 200 meter. Dei må holde godt og vera midt i for å lykkast, redaktøren og resten av oss ynskjer lukke til. Kjem tilbake med ein oppsummering  og bilder når me har landa i Tørvikbygd igjen.

08.08: Då er me attende i Tørvikbygd. Dagens feltfinalar for senior er unnagjort og våre to gjorde ein god innsats på det utfordrande opplegget. Dag skaut 10 treff, fekk 40 tilsaman og enda på 44 plass,  som holdt til stjerne. Magne var ikkje langt etter med 39 treff, men diverre eit for lite til medalje.
Oppsummeringa frå årets LS må vera at ungdomen vår gjorde ein framifrå innsats, både på bane og felt, alle med fulle hus og til finalar i begge disiplinar og med Niclas sin femteplass på bane, Åsne sin 12. plass + beste kvinnelige rekrutteringsskyttar, har me lov til å vera stolte av dei yngste. Av dei meir til årskomne så gjorde Dag og Magne gjorde sine saker bra på felten, baneskytinga derimot kunne vore betre. Me som budde på Skyttarcampen hadde ei utruleg fin veke. Før me vende nasen heimover, var det tid for ein ekstrapremie til dei gode ungdomane våre. Redaktøren hadde nemleg lova dei ein "go-kart" runde dersom nokon skaut fullt hus, ikkje trudde han at alle skulle infri, men det var utruleg moro, me gler oss allereie til Elverum i 2010.
Sjå billedalbum for fleire bilder frå LS 09

Hordastemna bane 2009
Dag 1:
Då er Hordastemna for 2009 komen godt i gang. Me har hatt våre første i "ilden". Åsne og Ingebrigt har begge skote fullt hus 250 poeng på den innleiande skytinga. Åsne har sågar 21 innertiarar etter å ha opna med 15 inner på 15 skudden. Ho har tydelegvis ikkje tenkt å "øydeleggja" den fine statistikken, (har berre skote fulle hus hittil i år.)  Ingebrigt har også vore midt i med dei fleste 9 inner på 10 skudden og dei fleste i midten på 15 skudden også vitnar om stødig og god skyting. Av dei andre som har vore i ilden er det: Niclas med 247 i junior, ikkje heilt fornøyd.  Aleksander fekk 248 med to av dei "berømte" 9,9 , Sindre med 244, noko som er  det beste han har hatt i konkuranse i følgje senior Brattli.
 På 300 meteren har Ann Kristin "klinka" til med 239, som i følgje ho sjølv er det beste ho har hatt i år. Med andre ord ein god start av laget sine skyttarar som hittil har vore i ilden. I morgon skal 5 klassingane i ilden, og me har eit lite håp om at nokon av våre skal opp i toppen der også, spesielt Dag har redaktøren tru på, så får morgondagen visa kva som blir fasiten. Kjem tilbake med meir stoff då.

Dag 2:
Dag innfridde forventningane me hadde til han, skaut jamnt godt og stoppa på 243 poeng. Dette held til skive 4 i kongelaget to poeng bak ein trio som alle har 245 poeng. Ragnhild stoppa på 240 og Magne poenget bak. Dei tre forannevnte utgjorde også laget som skaut lagskytinga seinare på kvelden, 95, og to ganger 96 så blei det ein flott tredjeplass til slutt. På 100 meter var det også lagskyting på laurdagskvelden. Der må me gratulera Strandebarm som like godt vann tevlinga med 299 poeng, imponerande skyting. Våre håpefulle gjorde det også bra. Aleksander var litt uheldig på eit skot som "for av garde" før han hadde tenkt, med 97 på Aleksander,100 på Åsne og 99 på Niclas havna dei på ein respektabel 5. plass.
I morgon er det avslutninga og dagen startar med samlagskyting, der vi har representar i alle lag og vidare finalane til slutt - der også Tørvikbygd er godt oppe. Meir stoff kjem etter kvart.

Dag 3:
Dag 3 starta med samlagskytingar, først ute var dei yngste. Våre to deltakarar gjorde sine saker framifrå, Åsne med 100 og Niclas med 98. Dei ble nr 2 etter H&V sitt 2. lag.


 På 300 meteren hadde me med Dag frå oss, han hadde ikkje heilt "dagen" denne gongen, dei havna til slutt på ein 3. plass


Finalar: Først ute av våre var Jakob Eide som skaut om Norma pokalen. Jakob viste dei korleis det skal gjerast 331 poeng og heile 4 poeng føre neste mann. Me hadde stor tru på 100 meters finalane i dag, då me hadde fleire heilt i toppen, men som kjent tidligare er det knalltøft nivå både i veteranklassane og for ungdomane på eit Hordameisterskap. Ingebrigt Heradstveit leia V-73 som einaste med fullt hus, desverre lurte det seg ut ein 9 i finalen og han måtte sjå to stk forbi seg på lista (rangert føre på 349). Neste ut var Åsne, der hadde alle som skaut finale samme utgangspunkt 250 poeng. Åsne gjorde ingen feil 100 poeng, med 6 inner og blei nummer 4. Neste ut var Niclas, han også losa inn 100 med 5 inner, dette heldt til ein 6. plass. Me er kanskje kravstore og bortskjemde med gode resultat av dei lovande 100 meter skyttarane våre, men me føler vel at me manglar "prikken over i´en" i dag.
På 300 meteren hadde me to stk i finalen klasse 3-5. Ragnhild gjorde jobben og "krusa lett inn" 99 og stoppa dermed på 339 og mest sannsynleg stjerne. Dag låg i kongelaget med 243, var nok litt uheldig med skruinga på den varierande vinden og fekk nokre niarar på sida, 97 poeng og 340, men ei hederleg plassering likevel.

Til slutt vil redaktøren, og eg trur eg har dei fleste med meg, gje skryt til Norheimsund og takka for eit flott arrangenment, det meste gjekk på "skinner" og når dei i tillegg hadde vergudane på si side så må det berre bli bra. Nok ein gong viser det seg at god planlegging, det gjer "susen".

Når det gjeld dei offisielle resultater finn du dei her på Norheimsund sine sider.

Skytingens Dag 7. juni
Det blir Skytingens Dag på søndag den 7. juni på Lysebanen. Der blir det moglegheit for både "heilt" nybegynnarar og andre å prøva skytesporten. Lagets erfarne skyttarar hjelper til med råd og tips.
Sjå oppslag på Coopen.

Åsne har 2450 poeng på 7 stemner
Åsne Skår har starta sesongen 2009 med fantastiske resultat: Les: 7 stemner har ho delteke på, alle stemnene har ho skote fullt hus på, 350 poeng. Ikkje berre skyt ho fulle hus, i tillegg så er det nesten berre innertiarar, det "dårlegaste" resultatet er 26 innertiarar, utruleg men sant. Det er tydelig at ho har gjort "heimeleksa" si godt i vinter, trena jamnt og trutt, vera tolmodig så kjem som oftast belønninga i form av gode prestasjonar.
Pappa Dag  har også funne "storformen" igjen. Jamnt og godt over 340 poeng på dei fleste stemnene, og så "smelte han til med tangering av pers´en på Voss med fenomenale 347 poeng.
Ungdomane våre er for tida inne i ei positiv utvikling , i tilegg til Åsne sine fantastiske resultat så meiner redaktøren det berre eit tidsspørsmål før Aleksander Bråten også kan titulera seg som medlem i 350 klubben. 349 blei det på Voss i helga med desse "berømte og til tider fortærande"  9,9. Niclas er for tida nokså stabil og er med og kjempar i toppen i junior klassen. På Lagskytingane for ungdomanae i dei ulike meisterskapa denne sesongen, skal dei halda godt i skaftet om dei skal "tukta" våre håpefulle.
Me andre som pregar resultatlistene, kanskje litt lengre nede, får heller ta til takke med å "sola oss i glansen" til dei som gjer det så utruleg bra. Redaktøren ser fram til dei komande stemner og er sikker på at "Tørvikabygdarane" blir å finna i toppen også i år.
 

Grasrotandelen
Hei
 
Tørvikbygd skyttarlag er registrert med i frivillighetsregisteret med org.nr: 894006382.
Sjå vedlegg for informasjon om korleis du registrerer oss som mottaker av din grasrotandel.

 
Fint om de kan spre informasjonen til flest mogeleg!

Her finn du informasjonen om korleis du kan støtta oss.

1. mai stemna 2009
Resultatet til  Jon Olav Ågotnes, frå torsdagskvelden  heldt heilt til mål. Med sine 345 poeng var han to poeng føre Bjarte Langenes og  Liv Sollesnes på 343. Birgit Rønningen blei nummer fire med 341. Desse var dei som klarte å komme over 340 poeng i klasse 3-5.  Forholda var omtrent like både på torsdag og fredag," litt vind i frå alle kantar", men ellers strålande vårver.
På 100 meter har det og vore vist knallsterk skyting. Seks stk. har skote 350 poeng. Beste resultat kom i ER klassen, Espen Austegard skaut 350 med 31 sentrumstiarar føre vår eigen Åsne Skår med 27 innertiarar, me må også nemna at Åsne gjorde det same i Jondal, der la ho inn 350 med 29 sentrum. Der heldt det til siger. Åsne viser fantastisk stabilitet for tida. Best i V-73 blei vår eigen Nils Lysen, årets ferske Hordameister i felt, med 350 poeng og heile 29 sentrumstiarar.
Nevnast må og Cathrine Daviknes frå Os, som med sine 350  poeng og 26 sentrum, blei medlem i den "eksklusive" 350 klubben. Gratulerar.

Bildet viser tre fornøyde skyttarar, alle med 350 poeng. Åsne Skår, Cathrine Daviknes og Nils Lysen.

188 stk, møtte opp og skaut i år, fordelt på 76 på 100 meter og 112 på 300 meteren.

Premielister finn du under resultater.




Meisterskapsresultater:

Resultat  frå  100 meter finn du her

Resultat frå  300 meter finn du her

25 skuddresultater 300 meter finn du her

Vårpremiskyting den 26.04.09
5 stk møtte til den tradisjonelle vårpremieskytinga på Lysebana. Dette er den offisielle opninga av banen for sesongen. Som før har alle med seg ein premie til denne stemna, der den beste får velja seg premie først og så nummer to osv. I år som så mange gonger før blei det Magne Lysen som tok ein suveren siger. Magne skaut 341 poeng i det fine vårveret. Han slo Dag Skår med 5 poeng, som igjen hadde god margin ned til neste mann på lista. Og som det pleier var premiebordet mest av det "fuktige" slaget. Sjå bilder i billedalbumet.

Hordastemna i felt 2009
Åsn3 X 30 treff og siger på lagskytinge, Aleksander og Niclas har igjen skote "superb" .  På den innleiande skytinga har alle tre skote fulle hus, 30 treff av 30 mulige. Dei skal skyta godt dei som skal gå forbi på lagskytinga også, 90 treff og 67 innertreff har dei tre ungdomane tilsaman.
Vidare har og dei "godt vaksne"  gjort sine saker glimrande på den innleiande biten. Nils Lysen har 30 treff og Ingebrigt Heradstveit 29 treff i klasse V-73. Begge skal skyta finale.
Etter at innleiande skyting er over skal Åsne skyta på skive 1, Aleksander på skive 7 i ER. Niclas skal skyta på skive 4 i Jr. Nils ligg på skive 2 og Ingebrigt er litt lengre ned på lista. Det er ein del forseinkingar i arrangementet og finalane er enno ikkje starta, kl 17.00.
Tørvikbygd vann lagskytinga for dei yngste, dei slo Seim med 2 innertreff, gratulerar til Åsne, Aleksander og Niclas.

Då har me fått vita resultata etter at finfeltfinalen er unnagjort. Me kan gratulera Nils Lysen med Hordameistertittel i V-73, han måtte ut i omskyting om meistertittelen, men Nils beholdt roen. Etter å ha skote 12/10 i finalen gjorde han det same i omskytinga og kan smykka seg med tittelen: Hordameister i felt 2009. Alle finaledeltakarane våre gjorde det framifrå, les: Åsne skaut 12/10 i finalen og blei nummer to, medalje. Niclas skaut 12/8 og blei nummer tre, medalje. Aleksander blei til slutt nummer 7 også med fullt hus i finalen og Ingebrigt blei best av dei som hadde 29 treff med seg inn i finalen.
Igjen har laget sine deltakarar vore med å kjempa heilt i toppen på meisterskap, men det er dei yngste og dei eldste som dreg lasset. Me håpar at mykje god trening framover vil gjera sitt til at dei klassaførde og er oftare oppe og "snusar" på topplasseringar framover.

Resultat frå stemna finn du her

Åsne og Niclas opna med 350 poeng
Åsne og Niclas i formBanesesongen blei tradisjonen tru, "fyrt" i gong med opne stemner på Os og i Fana helga 17 og 18 april.
Våre to unge lovande skyttarar, Åsne Skår og Niclas Øye, kunne ikkje ha fått ein betre start på sesongen, begge skaut fullt hus, 350 poeng, med henholdsvis 25 og 23 innertiarar. Dei vann sine klassar som dei einaste med fulle hus. I morgon er det Hordameisterskapen i felt, kanskje vi kan håpa på meir " heder og æra" til laget sine skyttarar der?

Resultatliste finn du her

Dag Skår blei samlagsmeister i felt 2009
Seks skyttarar frå laget stod opp tidleg sundag 22. mars, og tok turen til Jordalen, der årets samlagsmeisterskap skulle arrangerast. Då me reiste heimanfrå var ikkje veret så "gale" men kong vinter hadde ikkje slept taket endå, skulle me få erfara i Jordalen. Dei første laga fekk ikkje så altfor "ille" forhold og dei som var "skikkeleg" innskotne skaut stort sett fullt. Best på den innleiande skytinga var Åsne Skår med fantastiske 30 treff og 30 innertreff, altså 30/30 i ER, betre enn det kan det ikkje gjerast. Pappen Dag var ikkje mykje dårlegare, han hadde eit "lurvete" skot på fyrste kneholdet, men resten sat der dei skulle og 29 treff. Vidare på finfelten så fulgte Aleksander Bråten opp den fine starten i Jondal med å skyta til 30 treff og 23 inner på den innleiande skytinga. I den eldste klassen, V-73, kunne ikkje Ingebrigt Heradstveit vera dårlegare han, 30 treff på IH også. Dei to andre som prøvde seg hadde ikkje stilt siktet i midten og då går det som det som oftast gjer, "åt skogen". Men fire av seks i toppen etter innleiande er meir enn godt nok.
Snøveret det berre tiltok og dei siste laga på den innleiande skytinga hadde svært vanskelege forhold.
Så blei det endeleg ropt opp til finale, på finfelten først. Skyttarane reiste ut til standplass, snøbyene gjekk tett. Der ute fann me ein einsleg arrangør, ikkje hadde han skrivesaker, han var åleine, og lite visste han kva som skulle skje. Det snødde og det snødde, skulle det bli noko finale måtte noko gjerast. Det enda med at Tørvikbygd like godt tok "komandoen" og fekk gjennomført finalen. Våre deltakar gjorde sine saker framifrå, tross mykje venting og lite sikt. Alle skaut fulle hus i finalen og plasseringa blei avgjord på innertreff. Aleksander plasserte dei fleste i midten og skaut seg opp til ein flott andre plass med 12/9. Åsne var ikkje langt bak, med 12/8 blei ho nummer tre. Beste finaleresultat frå laget stod Ingebrigt Heradstveit for, med 12/10 som heldt til andreplass, bak suverene Lars Himle som var den einaste med 12/12.
På grovfelten måtte finaleholda flyttast litt nærmare enn tenkt, for i det heile å kunna sjå figurane og ikkje minst den sjenerande vinden. Det var berre ein som hadde fullt, 30 treff på innleiande, så Dag Skår låg på skive 3 i finalen. I følgje han sjølv tok vinden nokså godt i "skrotten" så dei tre fyrste på kne gjekk til "parla ploksis", men så skjerpa han seg og resten av skota gjekk deir dei skulle. Med  9/6 i finalen blei han samlagsmeister med knappast mogleg margin. Han slo Sigmund Våge med eit innertreff. Gratulerar Dag med din andre samlagsmeistertittel i felt i seniorklassen.
Som oppsumering må ein kunne seia at slik som denne stemna blei avvikla, ikkje er til etterlevelse. Me må kunna forventa ei viss form for plannlegging og organisering når ein tek på seg å arrangera SM. Feltinteressa er dalande og vi snur ikkje trenden slik denne stemna blei avvikla. Samlagstyret må på banen og etablera ei minste form for" felles multiplum" for framtidige arrangørar.
 

Aleksander knuste alle i Jondal
Årets feltsesong kunne ikkje fått ein bedre start enn dette for Aleksander Bråten. Med 30/15 var han den einaste i ER som skaut fullt hus, gratulerar. Jondal er tradisjonen tru tidleg ute med med si opne stemne i feltskyting og Krinsmeisterskapen for ytrekrinsen var innlagt i årets stemne, så det blei to sigrar for Aleksander. Åsne blei nummer to i klassen med 29/26. Niclas skaut  29/24 treff i JR og det heldt til tredjeplass.No når børsa går "midt i" så er det berre å gje gass vidare.
Av dei fem som skaut finfelt frå laget var det berre 4 skot som ikkje treffte der dei skulle, så "tørvikabygdarane" har gjort heimeleksa si, og skote seg inn.
På grovfelten var Dag einaste deltakar frå laget, med 26 treff enda han eit stykke ned på lista. Her må me andre frå laget finna fram børsa med "grov" ammunisjon og komma oss ut å skyta oss inn, det er mange feltstemner framover våren.
 
 

LAGSMEISTERSKAP I MINIATYR 2009
 Sjølv om årets lagsmeisterskap i miniatyr blei flytta fram nokre veker, såg det ut for at kommunikasjonen hadde fungert godt, for det møtte 16 stk opp i løa til Jakob. Det var jamnt fordelt både med "godt" vaksne og ungdomar. Ikkje uventa stod kampen om å bli lagsmeister i klasse 3 - 5 mellom Dag og Magne. Denne gongen var det Dag som blei den best. Med 241 slo han Magne med eit poeng. Det beste resultatet stod nok Åsne for, 249 og suveren siger i ER. Klasse 2 vart vunnen like suverent av Ann Kristin, nok ein gong godt over 240, denne gongen 242.
No er det nokre få treningar igjen før dei ivrigaste tar på seg litt meir klede og startar med utandørssesongen. Det skal skytast mange feltstemner fram mot april.
 

Tre samlagsmeistrar til Tørvikbygd i miniatyr
Åsne skaut 249 i ER, Niclas skaut 246 i JR, Nils skaut 249 i V-73. Alle tre kan smykka seg med tittelen samlagsmeister i miniatyr i 2009. Dei viste med det at resultata frå førre helgs krinstemne, der laget blei utan titlar, ikkje var representativt for kvaliteten på skyttarane våre. Som om ikkje det var nok,  Dag blei best i klasse 5, men det heldt ikkje til tittel,  det var fjerdeklassingen Jon Birger Stavenes som blei samlagsmeister i klasse 3 - 5. Fire stk. skaut 243 og meistertittelen måtte avgjerast på rangering, der altså Dag blei rangert som nr. to. Vidare blei Magne nummer 5, berre eit poeng bak og Ragnhild nr 7, ytterlegare eit poeng etter. I klaase 2 blei Ann Kristin nr 2 etter å ha tapt på rangering, poengsum 243. Aleksander blei nr. 5 i ER med 245.
 

Miniatyr sesongen er rett rundt hjørna
Åsne Skår skaut 250 i Jondal si opne stemna og vann kl ER, noko som er ein framifrå start på 2009 sesongen. Kor skal dette ende utover sesongen Åsne....?
 
 
No er innandørssesongen i gang, treningsmuligheitene på Eide er der,  krinscup og fleire opne stemner er like rundt hjørna, krinscupen startar på Eide 19 og 20 november, sjå linkane under. For påmelding, gå til http://www.paamelding.no . Lukke til med innandørssesongen.

Innbydelse krinscup

Innbydelse haustemne

Innbydelse Hatlestrand og Ølve

Innbydelse Husnes

Innbydelse Rosendal

Lagsmeisterskap Bane 2008
Da er årets sesong utendørs over for i år, for dei fleste iallefall. Sesongen blei som vanleg avslutta med Lagmeisterskap på Lysebana. I strålande ver møttes dei fleste som har vore aktive gjennom sesongen til ein avsluttande dyst om å verta den beste i laget i sin klasse, eller b est av alle.
På 300 meteren møtte det 9 stk, 5 stk i klasse 3 til 5 og 4 kjempa om å bli best i klasse 2. I klasse 3 til 5 viste Dag at formen er halden ved like, skaut 336, i litt utfordrande forhold, og blei dermed lagsmeister. Lagsmeister i klasse 2 blei i år Terje Mo Bjørklund. Med 235 rangerte han føre Ann Kristin S. Bråten, som og hadde 235. Terje har vore litt meir med i år etter ei tids pause. Me håpar at han blir endå meir å sjå på skyting i tida framover, då blir det endå meir moro.
På 100 meteren møtte dei som til vanleg har vore med og tevla i år. 4 ungdomar og 4 "godt vaksne". Desse utøvarane viste som vanleg høgt nivå på skytinga si. Ingen klarte fullt hus men me fekk 3 med nesten fullt, 349. Åsne, Nils og Malvin alle 349.
Når me oppsumerar sesongen, så er nok høgdepunktet Ragnhild sin prestasjon i kampen om prinsessetittelen på LS, det som er den me kanskje bør framheva mest. Å bli nummer to i det selskapet står det respekt av. Og me har tru på at no når ho igjen er med for fullt, kjem det til å koma fleire toppresultat frå henne.
Men me har fått fleire tittlar til laget i år også. Ungdomane våre har igjen vist framifrå skyting, og vore i toppen på dei fleste meisterskap og sanka mykje spalteplass i media. Så tradisjonen går vidare, me er eit forholdsvis lite skyttarlag, men kvaliteten på skyttarane våre er kjempegod. Denne må me utvikla vidare og redaktøren har høyrt rykter om at noko kanskje er på gang for komande sesong.
 
Resultatlister frå lagsmeisterskapen finn du her.  100m       300m

Krins- og Samlagstemna bane 2008
Laurdag og Sundag 16. og 17. aug. vart krins- og samlagstemnene unnagjort i strålande seinsommarver. På krinsstemna i Norheimsund fekk laget fleire vinnarar: ER Åsne Skår, 350, JR Niclas Øye 345, KL 2 Jostein Bråten 236. Lagskyting for senior og rekrutteringskyttarar vart vunnen av Tørvikbygd, Dag Skår blei nummer 2, Harald Heradstveit nummer 3 og Magne Lysen nummer 4 i klasse 3 - 5.
På Samlagstemna i Jondal dagen etter fekk laget "berre" ein vinnar. Ingebrigt Heradstveit, V-73, skaut svært godt og var eit "hav" framfor dei andre med 349. Åsne blei nummer to i sin klasse med 349, Niclas nummer 3 med 344, Dagen blei nummer tre i klasse 3 - 5 med 338. Lagskytinga for dei yngste blei igjen vunnen av Tørvikbygd. Sjå ellers fyldig omtale på Jondal si heimeside.
Fornøyde lagskyttarar etter fantastiske 299 poeng
på krinsstemna. Trioen tok også sigeren på samlagstemna
dagen etter. Frå venstre: Aleksander, Niclas og Åsne.


Resultat krinsstemna: 100m 300m


Resultat samlagstemna: 100m 300m


LS 2008 i Førde
Mealjevinnere LS 2008

Oppsumering: 2/8: Framifrå prestasjonar av finalistane våre.
Ragnhild Eide Ure skaut 98 i kongelaget, slutta på 343 og var eit fattig poeng frå prinsessetittelen. Det vart vist fantastisk skyting i finalen og Ragnhild fekk ein flott 23 plass til slutt.
Finalistane frå laget gjorde sine saker framifrå og sanka inn tre medaljer/stjerner.
Dag Skår skaut 10 treff i feltfinalen og fekk stjerne. Niclas Øye skaut 100 med 7 inner og enda på ein flott niande plass og medalje i junior, og som tidligare nemt, Ragnhild Ure Eide nummer to i prinsessekampen, og sjølvsagt medalje. Åsne Skår var også i finale i ER, var litt høg og fekk ein niar. Denne klassen er det knalltøft nivå så her måtte ein ha 350 for å få medalje.
Finalistane våre hadde også kjempestøtte frå tilskodarene på arenaen, med andre ord, Tørvikbygd beit frå seg både som deltakarar og publikum/heiagjeng.
Sjå fleire bilder i BILLEDALBUMET




Vestlandsstemna 2008
Årets vestlandsstemna i bane og felt blei avvikla på Voss. Det blei ein nokså varm opplevelse for dei fleste, med temperatur tett på 30 grader. Stemna gjekk over fleire dagar og våre skyttarar på 100 meter gjorde unna si innleiande skyting, både felt og bane, på fredag. Dei yngste var nok ein gong best. Åsne "klinka" til med 29 på felten og fullt hus, 250 på bana. Niclas fekk også 29 på felten og 246 på bane.
Begge gjorde sine saker bra i respektive finalar, Åsna skaaut 99 i banefinalen og slutta på 349. Niclas skaut fullt hus i feltfinalen og kapra den siste medalja.
Både Åsne og Niclas var med på samlagskyting også, skaut framifrå og sikra seg nok plass på laget som skal skyta på LS i Førde.
Veteranane våre skaut også godt men var ikkje med i det avgjerande slaget i finalane hverken i felt eller bane. Nils Lysen enda på 347 på bana og eit stykke ned på lista.
På 200 meteren må me nemna Dag skår. Han skaut 244 på den innleiande skytinga og var inne blandt dei 10 beste. Dagen skaut 99 på omgangen og enda på ein flott 8. plass. (LS forma er i emning...) Han var den einaste frå laget som kvalifiserte seg til finale på 200 meteren.

Sjå ellers fyldige resultat på Voss si heimeside her

Hordastemna bane 2008
Det blei ingen klassevinnarar frå laget på Hordastemna i år. Beste prestasjon stod Niclas Øye for med 348 poeng, tredjeplass og medalje i junior klassen. Niclas var einaste finaleskyttar frå laget på 100 meter i år.
På 200 meter blei Magne Lysen best frå laget, han skaut til 339 og fekk stjerne. Stjerne fekk også Ragnhild Eide Ure med 338, som også heldt til fjerde plass blandt kvinnene.


Resultater frå Hordastemna bane 2008 finn du her.

1. mai stemna på Lysebana 2008
Så er årets 1. mai stemne unnagjort. 194 skyttarar møtte til dyst i år, litt mindre enn tidlegare år. Noko av skulda får med leggja på at det samstundes var stemne på Fikse og Haugesundstraktene, så ein del skyttarar i desse områdene valgte dei stemnene i staden. Arrangementet gjekk bortimot knirkefritt, tidsplanen blei halden, og vel så det, og siste laget var ferdige med sine avsluttande skot før tidsplanen. Verforholda var kanskje til tider litt utfordrande, med litt varierande vind, men det er ein av dei få tilhøva arrangøren ikkje rår over. I den forbindelse så kom det kommentarar frå enkelte skyttarar at vi manglar vimplar ute i terrenget for å kunna "lese" vinden. Under ulike vindforhold som vi brukar å ha på lysebana så hadde kanskje vindvimplar skapa meir forvirring enn hjelp i dag, men til neste stemne så skal vi ha vindvimplar på plass.

Vinnar i klasse 3 - 5 blei i år, som i fjor Liv Sollesnes, med 343 poeng. Nummer to og tre blei Jon Olav Ågotnes og Frode Kristensen begge med 342 poeng.

Laget sine eigne skyttarar nådde ikkje heilt til topps i nokon av klassane denne gongen, men dei var ikkje langt unna.

Desse blei meisterskapsvinnarar:
3-5: Liv Sollesnes, Jondal, 343 poeng
R: Sivert Grønsdal, Tysse og Elise Stien, Herdla begge 349 poeng
ER: Åmund Kolltveit, Strandebarm, 349 poeng
Jr: Daniel Austegard, Meland, 348 poeng
V-65: Erling Haugland, Fana, 350 poeng
V-73: Aslak Dyrkolbotn, Osterøy, 349 poeng
V-55: Alf Høysæter, Tysse, 343 poeng
Klassevinnarar: Kl 1: Linda Songe, Tysse 238 poeng
Kl 2: Elisabet Næs, Rosendal 238 poeng.

Fullstendig resultat og premieringsliste finn du under resultater i menyen til venstre.

Jondal hadde samstundes stemne desse dagane og der gjorde fleire av laget sine skyttarar det framifrå. Me fekk to klassevinnarar. Åsne Skår skaut 350 poeng i klasse ER og vant. Vann gjorde også Niclas Øye, med 347 i Jr klassen vann han på rangering. Nils Lysen skaut fullt hus,350 poeng i klasse V-65, men i den klassen er det mange gode skyttarar og dei nye rangeringsreglane gjorde at Nils blei nummer tre i klassen.

Resultat frå Jondal kan du finna her: 300 meter 100 meter

Fire samlagsmeistrar i felt 2008
Åsne, Niclas, Nils og Ingebrigt kan smykka seg med tittelen samlagsmeister i felt 2008

Laget sine skyttarar gjorde det framifrå i Røldal under den utsette samlagsmeisterskapen i felt 2008. På finfelten tok laget sine skyttarar meistertittelen i alle klassar der dei deltok. Åsne Skår ER,(bilde) låg på skive to i finalen, takla presset og blei samlagsmeister. Niclas Øye Jr, gjorde også jobben sin frå skive ein i finalen og blei meister. Me kan ellers nemna at Niclas har skote tre feltstemner i år, som alle har enda med meistertittlar, krins,- horda- og no samlagsmeister, betre kan det ikkje gjerast. Dei eldste skyttarane våre kunne ikkje vera dårlegare enn ungdommen. Nils Lysen , V-65 og Ingebrigt Heradstveit, V-73 gjorde sine saker riktig og godt, noko som resulterte i triumf og øverst på pallen. På Grovfelten gjekk det ikkje så bra, me hadde med ein deltakar, Dag, men han nådde ikkje til finale denne gongen.
Laget gratulerer dei nybakte meistrane med tittlane sine.

Offisiell Resultatliste

Velkommen til 1. mai stemna i Tørvikbygd
Onsdag 30. april og torsdag 1.mai 2008 skipar Tørvikbygd skyttarlag til open banestemne for alle klassar.
Påmelding onsdag kl. 17-19, og torsdag kl. 9-15.
 
Førehandspåmelding: http://www.paamelding.no i perioden 10-28 april, eller telefonpåmelding tirsdag 29 april kl.21-22 på tlf 48 10 30 20.
 
Premiering:
1 gylt og 2 sylv medaljer i klasse 3-5, 1 sylv medalje i dei øvrige klassane dersom det er minst 5 skyttarar.
Pengepremiar på 15 og 10 skoten i alle klassar
Innskot:Kr.110,- for kl.1-5, AG3 og veteran, kr.50,- for Asp, R, ER,Jr.
Kontakttelefon: 48 10 30 20
Det vert kafe i skyttarhuset og sjølvsagt publikumsvisning på storskjerm både på 100 og 300 meter.
 
HJARTELEG VELKOMNE TIL TØRVIKBYGD !!

Niclas Hordameister i felt 2008
 
Endeleg blei det full klaff for Niclas Øye på Hordastemna
 
Det var 4 stk som hadde skote fullt hus, 30 treff av juniorane på den innleiande skytinga på årets Hordastemna i felt og det låg an til ein spanande avslutning. I år som i fjor hadde Niclas skive 1 i finalen. I år gjekk det derimot "stang inn" for Niclas, med 11/9 i finalen slo han utfordrarane på rangering. Me gratulerar Niclas som Hordameister.
Det var fleire frå laget som gjorde det godt på årets høgdepunkt i feltskyting. Aleksander Bråten skaut ein god finale og kraup oppover på resultatlista til femteplass i ER klassen. Ingebrigt Heradstveit gjorde det same, avansert oppover etter at finalen var unnagjort, og blei nummer to i klasse V-73.
På grovfelten var det som vanleg sett opp to "ikkje heilt enkle hold" i finalen. Våre to i finalen, Dag og Magne gjorde sine saker bra, mista litt på kne men havna blandt dei 12 beste.
 
Sjå ellers fyldig omtale på Jondal si heimeside (gå inn på linker)
 
Sjå resultatlistene under
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Niclas og Nils skaut fullt hus på Hordastemna
Hordastemna i felt 2008 er i gang i Jondal. Våre skyttarar har "tjuvstarta" og har skote si innleiande skyting i dag. Fortsatt er det litt vinterlege tendensar i lufta, noko nokre byger og litt kald nordavind sa klart i fra om. Det såg ikkje ut for at veret hadde noko innvirkning på Niclas Øye og Nils Lysen i allefall. Begge gjorde som i fjor på innleiande, fullt hus 30 treff. Når dei i tillegg har 25 og 24 innertreff kjem dei til å plassera seg høgt oppe på finalelaga sine i år også.
Dei andre frå laget beit også godt frå seg, me nemner ellers på finfelten: ER, Aleksander Bråten 29/24, Åsne Skår 28/20, V-65 Ansgar Øye 28 treff.
På grovfelten har våre to beste skyttarar for tida også satt spor Dag med 29 treff og Magne med 28 treff. Desse resultata held nok også til finaleplass i morgon.
Det er meldt litt meir ustabilt ver i morgon, så resultata som våre skyttarar har kan visa seg å vera gode, dersom vergudane ikkje spelar på lag med dei som skal i ilden i morgon.

Magne, Niclas og Sindre krinsmeistrar i felt 2008
Krinsmeisterskapen i felt blei avvikla i Tolomarka laurdag 29.03.08. Dei ivrigaste skyttarane hadde lagt om frå finkalibra løp til den grovare typen, vore på Lysebanen og skote seg inn, og var med å kjempa om titlar. Magne Lysen skaut framifrå, fullt hus, 30 treff og einaste med fullt hus på grovfelten.
På finfelten var det heile tre frå laget som skaut fullt hus. Niclas Øye i klasse junior, skaut 30/24 og vart meister. Aleksander Bråten skaut også 30 treff, og med 20 innertreff blei han nr. to i den knallharde ER klassen. Malvin Ågotnes gjorde heller ingen feil, 30 treff, blei nr. 2 på rangering. I rekruttklassen vann Sindre Brattli med 26 treff. Så utendørssesongen ser ut til å starta bra for laget sine skyttarar i år også.
Det var samstundes innlagt lagsmeisterskap for laget så det blei fleire titlar på enkelte skyttarar.
Kjem tilbake seinare med resultatliste frå stemna.
 
Resultat grovfelt finn du her.
 
Resultat finfelt finn du her

Lagsmeisterskap i miniatyr 2008
Onsdag den 12. mars blei lagsmeisterskapen i miniatyr halden i løa på Eide. 16 skyttarar møtte opp. Det var deltakarar i dei fleste klassar. Beste resultat oppnådde Åsne Skår med 246 poeng, men ho blei tett fulgt av Aleksander Bråten som stoppa på 245 poeng. Lagsmeister klasse 3 - 5 blei ikkje uventa Magne Lysen med 243.

Resultatliste finn du her.

Resultatliste som webside

Krinsstemna og Samlagstemna i miniatyr 2008
Malvin Ågotnes vart både krinsmeister og samlagsmeister i miniatyr den første helga i februar. Han skaut godt på begge stemnene. På laurdagen blei han krinsmeister med 249, og fylgde opp med 250 på søndagen og samlagsmeister i V-65. Ellers så var ungdomane også i ilden. Dei skaut godt, men nådde ikkje heilt opp denne gongen.
Sjå omtale på Strandebarm og Granvin sine heimesider eller finn resultata her.

Samlagstemna

Krinsstemna

Miniatyr sesongen er rett rundt hjørna
Forberedelsane til neste sesong er nok allereie i gong for dei fleste og i år som ifjor blir det arrangert krinscup i miniatyrskyting for alle klassar.
Det startar allereie den 14 og 15 november i Tørvikbygd.
Les innbjoing her og korhen me skal melde oss på.

Lagsmeisterskap i Bane 2007
Malvin og Niclas avslutta årets banesesong med solide 350 poeng. Malvin med 28 inner og Niclas med 26 inner. Det blei vist mykje god skyting den siste stemna i år, spesielt på 100 meter. I Rekruttklassen skaut Åsne 348 og Aleksander 346. Både Åsne og Aleksander skal opp i ER neste år og dersom treningsarbeidet i vinter blir godt kjem dei nok til å bita godt frå seg i den eldste rekruteringsklassen også. Vidare på 100 meter blei Nils Lysen nummer to i V-65 med 347.
På 300 meter vart det som vanleg eit oppgjer mellom Dag og Magne, denne gongen trekte Dag det lengste strået med 335, etter ein 25 skot på gode 241. Magne enda på 333 og blei nummer to.

Malvin og Niclas Samlagsmeistrar 2007
Årets samlagsstemna på Voss viste nok ein gong at me har mange gode skyttarar i laget

I klasse 3-5 vart det igjen Liv som vart samlagsmeister med 345 poeng, poenget føre Anna P. Hjelmevoll og Ole Johannes Bakke. Her var det ingen frå laget vårt som nådde heilt opp. Best blei Magne med 338 poeng.

I dei yngste og eldste klassane derimot, beit laget sine skyttarar svært godt frå seg.
Klasse V-65: Der låg Nils Lothe frå Jondal på skive 1 med 250, men på same poengsum (fullt hus) på skive 2, låg Malvin Ågotnes. Malvin gjorde ingen feil, skaut 100 og vart samlagsmeister.
Klasse ER: Niclas hadde som einaste skyttar i denne klassen 250 poeng og skaut ein svært god omgang, 100 med 8 inner, og blei samlagsmeister.
Klasse R: Der var det Åsne og Aleksander som gjorde det best, Åsne blei nummer 3 og fekk ungdomsmedalje.

Gratulerar til samlagsmeistrane!!

Lagskytingane: Laget stilte med lag i alle klassar. Dei yngste opna godt med Aleksander og Åsne 2 x 99. Niclas som skaut juniorprogrammet fekk det ikkje heilt til og enda på 92, inga topp plassering denne gongen.
Veteranane fekke det heller ikkje heilt til og blei nummer tre av dei tre laga som stilte.
I klasse 3 -5 blei det ein spanande avslutning. Etter at Henry opna med 95 og Dag fortsatte med ein fantomserie på 99, fekk laget skive to på ankeretappen, berre eit poeng etter Voss. Magne fekk det ikkje heilt til, med 93 men laget blei nummer toav dei ni som stilte.

Resultatlista: Følg link til Hard. og Voss sine heimeside, der finn du ei tilnærma riktig resultatliste.

Magne og Ingebrigt Krinsmeistrar 2007
Magne tukta Liv Sollesnes i omskyting om krinsmeister tittelen på Liv sin heimebane i Jondal. Begge enda på 339 poeng.
I klasse V-73 blei Ingebrigt krinsmeister med fine 346 poeng. I dei yngste klassane hadde ikkje laget deltakarar denne gongen.

Sjå resultatliste her

Landskyttarstevnet 2007
De yngste og de "vaksne" gjorde det best på årets LS. Vi hadde fleire som kvalifiserte seg for finaleskyting på LS i år. I yngste Rekrutt klasse skaut Aleksander Bråthen 248 på innleiande og med 100 i finalen blei det tangering av personleg rekord. Det er utruleg godt og skyta personleg beste på LS, spesielt når du er debutant. Det blei ein fin-fin 20 plass på Aleksander.
I eldste rekruttklasse skaut som vanleg Niclas godt, og kvalifiserte seg for begge finalene, 250 med 19 inner på banen og 30/24 på felten. Feltfinalen blei avvikla på fredag. Det gjekk ikkje heilt stang inn for Niclas der, 41/7 blei til slutt ein 46. plass. På banen gjekk det derimot bedre. 100 med 7 inner gav ein fin 11 plass og ungdomsmedalje. 350 på LS er godt.
Den beste plasseringa stod likevel Malvin Ågotnes for. Med 30 treff på innleiande feltrunden og fullt hus i finalen med 42/10 blei det omskyting om tredjeplassen. Malvin blei til slutt nummer fire og fekk sölv medalje. Det er fabelaktig godt slik som nivået er vorte i dei eldste klassane også.
Bilder frå stevnet blir lagt inn seinare.
 

Hordastemna i Bane 2007
Nesten igjen for Niclas.......
350 poeng var ikkje nok i år heller. Ein godt skoten serie, men litt skeivt i tien og dermed for lite innertiarar, men han avanserte eit hakk på premiepallen frå i fjor til andre plass. Den suverene Asle Kvamsdal blei for god denne gongen også.
Ellers kan me nemna Ingebrigt Heradstveit som skaut seg opp til ein flott andre plass i V-73. I rekrutt klassen skaut både Aleksander Bråten (248) og Åsne Skår 246 godt på den innleiande skytinga og kvalifiserte seg til finalen. Dei nådde ikkje heilt opp i finalen, men fekk ein fin og lærerik opplevelse i å skyta finale på dette nivået.

Dei fleste resultata finn du her.

To blide karar, fra venstre, Malvin Ågotnes og Niclas Øye, etter innleiande skyting. Begge fekk 250 poeng.
Foto: Anna Kirsten Hellevang



Skytingens Dag 20.05.2007
Årets Skytingens dag samla 25 stk nye og gamle skyttarar på Lysebana. Ramma rundt var alle tiders med fint ver og kaffi og kaker til alle. Dei erfarne skyttarane hjelpte til med innstilling og reimbruk og avtrekk. Det vart vist mykje god skyting også. Sjå bilder frå stemna i menyen til venstre.

1. mai stemna 2007
Liv Sollesnes tok ein klar siger med 345 poeng.
 
Strålande vær, veldig gode resultat og endå ein gong fyldig deltakarliste på Tørvikbygd skyttarlag si opna banestemne 29 april og 1 mai 2007 !!

 

 

I år vart det igjen ny deltakarrekord under den opne banestemna til Tørvikbygd skyttarlag 29 april og 1 mai 2007. 228 deltakarar, fordelt med 144 (i fjor 143) på 300 meter og 84 (i fjor 83) på 100 meterDet har under heile stemna vore eit strålande vær, så skytetilhøva er det ingen som har kunne klaga på nokon av dagane. Dette viser igjen på resultata, særskilt på 100m der, som vanleg Asle Kvamsdal frå Stord la inn 350 poeng i klasse Eldre Rekrutt. Men i tillegg til Kvamsdal vart det også prestert fullt hus 350 poeng av Magnus Ågotnes frå Fana i klasse Rekrutt og Magne Nordvik frå Tysse i klasse Veteran 65. Utover dette var det også heile 8 skyttarar som skaut til 349 poeng på 100meteren.

 

At rekrutteringa viser nye høgder i Ytre Krinsen i Hardanger og Voss vert også understreka ved at det i løpet av denne helga vart 2 nye medlemmer i 350 klubben frå denne krinsen. Det var Åmund Kolltveit frå Strandebarm som skaut til 350 poeng i Jondal og Åsne Skår frå Tørvikbygd som skaut til 350 poeng på Os

 

Me må ikkje gløyme 300meteen der Liv Sollesnes frå Jondal, i år som i fjor, gjekk til topps med solide 345 poeng, nr. 2 vart Frode Kristensen frå Åsane og Hordvik med 343 poeng og nr. 3 Arild Røyseth frå Åsane og Hordvik, også han med 343 poeng.

 

Stemna hadde fylgjande medaljevinnarar;

Klasse 2-5;

                1. Liv Sollesnes, Jondal                                     345 poeng, gylt medalje

                2. Frode Kristensen, Åsane og Hordvik         343 poeng, sylv medalje

                2. Arild Røyseth, Åsane og Hordvik               343 poeng, sylv medalje

 

Klasse V-55;

                1. Per Eikestad, Tysse                                        342 poeng, sylv medalje

 

Klasse 2;

                1. Elisabet Næs, Rosendal                                 236 poeng, sylv medalje

 

Klasse Rekrutt;

                1. Magnus Ågotnes, Fana                                350 poeng, sylv medalje

 

Klasse Eldre Rekrutt;

                1. Asle Kvamsdal, Stord                                    350 poeng, sylv medalje

 

Klasse Junior;

                1. Daniel Austegard, Meland                            349 poeng, sylv medalje

                1. Vegard Solhaug, Aurland                              349 poeng, sylv medalje

 

Klasse V-65;

                1. Magne Nordvik, Tysse                                  350 poeng, sylv medalje

 

Klasse V-73;

                1. Lars N. Himle, Voss                                        349 poeng, sylv medalje
 
Fullstendig resultatliste og premieliste finn du i menyen til venstre.

Hordastemna i felt2007
Værmeldinga slo til og godt gammaldags vestlandsvårvær var i emning då skyttarane frå Tørvikbygd tok fatt på den lange veien til Lindås/Mongstad for å tevla om Hordameister tittlane. Nokre av dei påmeldte trekkte seg då dei såg været, men dei ivrigaste let seg ikkje stoppa av regn og vind. Det angra dei nok heller ikkje på etter stemna. Alle frå laget som skaut gjorde det svært bra og samtlege kvalifiserte seg til finale. Dei beste var likevel den yngre og den eldre garde. Fleire av dei hadde fullt hus etter hovedskytinga. Aller best på hovedskytinga gjorde Niclas Øye det. Med 30/24 blei det skive nr 1 i finalen. Men dei "vaksne" var ikkje mykje dårlegare, Nils Lysen 30/18 og finale, Ansgar Øye 30/18 og finale, Ingebrigt Heradstveit 29 treff og skive 4 i finalen.
Ingebrigt, som no skyt i klasse V-73, skaut ein god finale med 12/6 og skaut seg opp til ein flott andre plass. Niclas såg at han skaut eit dårleg skot i finalen og stoppa på 11/7 og blei nummer 3 som er eit flott resultat på dette nivået. I V-65 finalen gjorde Nils og Ansgar også sine saker bra med henholdsvis 12/1 og 11/8 blei det fine plasseringar også for dei, sjølv om dei ikkje kom på pallen.

Resultatlister finn du her

Ein blid gjeng etter vel gjennomført Hordameisterskap i felt, to medaljer og gavepremiar.



Vårpremieskytinga 2007
Den tradisjonelle opninga av sesongen på 300 meteren var i år laurdag den 21 april. Det møtte 8 skyttarar til dyst. Som tradisjonen er har alle med seg ein premie, slik at uansett om resultatet ikkje blir som ein håpar på, treng ingen gå heim att utan premie.
Det var inga stor bombe at det var Magne Lysen som varta opp med det suverent beste resultatet. Med 49-48-50-100-98 og sluttsum 345, på Lysebana i motlys, så er det eit framifrå resultat. Magne har i år trena flittig igjennom heile vinteren og delteke på mange stemner. Det viser seg at trening og atter trening gir som oftast resultat til slutt. Det skal bli spennande å følgja Magne gjennom sesongen, kanskje han får betalt for den innsatsen han har lagt ned.

Resultat: Magne Lysen 345, Dag Skår 336, Henry Øye 329, Jakob Eide 327, Ann Kristin S Bråten 325, Bente Kvåle Skår 313, Jostein Bråten 312, Leif Skår 296.

Ein fornøyd Magne etter premieringa. Fleire bilder menyen til venstre.


Banestemna 1. mai 2007

Velkomne til Tørvikbygd  og den opne banestemna i 2007

Sundag 29. april og tirsdag 1.mai 2007 skipar Tørvikbygd skyttarlag til open banestemne for alle klassar.
Påmelding sundag kl. 12-15, og tirsdag kl. 9-15.
Førehandspåmelding: www.paamelding.noi perioden 10-28 april, eller telefonpåmelding torsdag 26 april kl.19-21 på tlf 48 10 30 20.
Premiering:
1 gylt og 2 sylv medaljer i klasse 3-5, 1 sylv medalje i dei øvrige klassane dersom det er minst 5 skyttarar.
Pengepremiar på 15 og 10 skoten i alle klassar.

Innskot:Kr.110,- for kl.1-5, AG3 og veteran, kr.50,- for Asp, R, ER,Jr.

Kontakttelefon:48 10 30 20

Det vert kafe i skyttarhuset og sjølvsagt publikumsvisning på storskjerm både på 100 og 300 meter.

Arr.laget tek unna retten til å skyta 30.april med høve, så langt det er plass, for andre å delta samstundes.

HJARTELEG VELKOMNE TIL TØRVIKBYGD !!


Samlagstemna i felt 2007
 
Stemna var i år på Varaldsøy i strålande sol, men litt sjenerande vind.  85 skyttarar møtte til dyst. Laget fekk ingen samlagsmeistrar i år, men det var fleire som var nære. I Rekrutt klassen må me nemna Åsne Skår. Ho gjorde ingen feil og fekk 30 + 12 i finalen. Åsne hadde berre Åmund Kolltveit føre seg på slutt lista. Aleksander Bråthen gjorde og ein framifrå innsats og skaut seg opp til tredje plass i finalen. Liv Sollesnes vann grovfelten. På finfelten vart Åmund Kolltveit, Fredrik Sundal Revheim og Stine Marie H Væhle samlagsmeistarar. Hjå dei eldste vann Nils Lothe og Lars N Himle. Kl V55 vann Lars Færevåg. Sigmund Våge vann både stang og stupar.
 
Fleire resultat her.
 

Krinsstemna i felt 2007
Tørvikbygd har gleda av å invitera til krinsstemna i felt på Lysebana. Sjå innbydelse her.
 
Det møtte 36 stk til dyst på krinsmeisterskapen i felt, som blei arrangert i område rundt Lysebanen. På finfelten vart det skote svært bra blandt dei 19 som deltok. Fleire hadde fullt hus, 30 treff. På grovfelten var det ingen som greidde fullt hus, men Liv Sollesnes var svært nær med 29 treff og dermed krinsmeister. Det var litt varierande vindforhold og det ga seg nok utslag for dei fleste på siste holdet, stripa på kne. Der var det mange som sleit med å få figuren til å vera på rett stad i det det small.
Krinsmeistrar:
Kl. 2 -5 og V-55: Liv Sollesnes , Jondal                         29/23
Kl ER:                 Niclas Øye , Tørvikbygd                     30/24
KL R:                  Åmund Kolltveit, Strandebarm             30/23
Kl V-65               Nild Lothe, Jondal                             30/20
Kl V-73               Ingebrigt Heradstveit, Tørvikbygd        29/11
 
Det var samstundes innlagt lagsmeisterskap for Tørvikbygd så vi fekk mange vinnarar på dette stemnet.
Lagsmeistrar:
Grovfelt: Magne Lysen 28/11
Finfelt: kl V-65: Nils Lysen 30/19, kl V-73: Ingebrigt Heradstveit 29/11, kl ER: Niclas Øye 30/24, kl R: Åsne Skår 30/19 og kl Aspirant : Espen Brattli  9/3.
 
Sjå fullstendig resultatliste i menyen til venstre.
Bilder frå stemna kjem seinare.

Krinstemna i Miniatyr 2007

Strålande resultat og fyldig deltakarliste på Krinsstemna i miniatyr 2007 som
vart avvikla av Tørvikbygd skyttarlag på "nyopna" 15m elektronikk i løa
til Jakob Eide på Eide 2-4 februar 2007 !!

Heile 72 skyttarar møtte til dyst og 34 av desse høyrde til
rekrutteringsklassane, dette viser at det for tida "gror bra" på
skytefronten i krinsen vår. Det er nok fleire grunnar til dette, men
heilt sikkert er det at den nye elektronikken som etterkvart vert teken
i bruk på alle, både utandørs og innandørs skytebanar har ein veldig
positiv innverknad, det er rett og slett "drit moro" å skyte på!!!!

Resultata  lar heller ikkje vente på seg. Beste resultatet på Eide oppnådde
Christoffer Sørheim frå Norheimsund & Øystese med gode 249 poeng i
klasse Eldre Rekrutt og Nils Lothe frå Jondal med same poengsum i
klasse V-65.

(Fullstendig resultatliste finn du i menyen til venstre.)

Det var også god skyting i dei andre klassane, som hadde fylgjande vinnarar;

Klasse 3-5;


1. Liv Sollesnes, Jondal 243 poeng


2. Dag Skår, Tørvikbygd 243 poeng


3. Magne Lysen, Tørvikbygd 241 poeng


Klasse 1;
1. Kari Helen Augestad, Strandebarm 236 poeng

Klasse 2;
1. Ove Røyrvik, Strandebarm 240 poeng


Klasse V-55;
1. Lars Færevåg, Jondal 246 poeng


Klasse Rekrutt;

1. Åmund Kolltveit, Strandebarm 245 poeng


Klasse Eldre Rekrutt;

1. Christoffer Sørheim, Norhs/Øystese 249 poeng


Klasse Junior;

1. Nils Mo Storaas, Norhs/Øystese 229 poeng


Klasse V-65;

1. Nils Lothe, Jondal 249 poeng


Klasse V-73;

1. Ingebrigt Heradstveit, Tørvikbygd 247 poeng

Krinscup i miniatyr skyting i vinter

Krinscupen startar i Jondal 22. og 23. nov. Påmelding er lagt ut på www.paamelding.no

Det er allerede tid for å starta på ein ny og spanande sesong, med LS i Steinkjer som eit høgdepunkt for mange. Også i Vinter blir det krinscup i miniatyrskyting. Det startar allerede førstkomande veke, den 8. og 9. november i Tørvikbygd. Les meir her. Påmelding blir lagt ut på www.paamelding.no eller www.skytestevne.no i perioden torsdag-tirsdag
før skyting og med telefonpåmelding til kontaktpersonen i arrangørlaget
tirsdagskvelden før skyting.


Krinsstemna Bane 2006
Krinsstemna i bane arrangert av Norheimsund skyttarlag. Laget fekk ein krinsmeister bane og krinsmeister i stang. Niclas Øye klasse ER blei krinsmeister med 348 poeng. Magne Lysen vann stangskytinga med 21 treff.  Klasse 2 - 5 blei ikkje uventa vunnen av Liv Sollesnes. Dag Skår skaut bra og blei nr: 2.
Les meir i menyen til høgre. Der finn du også fullstendig resultatliste.
Sjå også bilder i Bilde album.

Samlagstemna bane 2006

Niclas fekk sin første tittel og blei samlagsmeister i ER 2006 med 348 poeng. Han måtte ut i omskyting om tittelen, men det takla han fint og skaut 100 med 6 innartiarar.
 
Fleire av lagets sine deltakarar gjorde det godt i Odda. Vi kan nemna Ingebrigt Heradstveit nr. 2 i V-65 med 349, Jostein Bråten nr. 2 i klasse 1 med 232, Finalist og til slutt nr. 3 på LS i stangskytingen, Magne Lysen blei nr. 6 på meisterskapen klasse 2 - 5 og stjerne, han fekk også tredjeplass på stangen med 21 treff.
 
Lagskyting for veteran måtte avgjerast etter omskyting mellom Tørvikbygd og Jondal. Begge laga stoppa på 296 poeng. Dei var også like på omskytinga då begge laga skaut 299 poeng med ein 9.9 kvar. Tørvikbygd hadde flest innerblinkar og  vart vinnar. På laget skaut Ingebrigt Heradstveit, Nils Lysen og Malvin Ågotnes.
 
Lagskyting for rekrutt/junior fekk ein flott tredjeplass. På laget skaut Åsne Skår, Niclas Øye og Terje Mo Bjørklund.
Lagskyting for klasse 2 - 5 fekk også ein tredje plass.
 
Laget stilte med 20 mann og kvinner På SM, på den nye bana til Odda. Fint ver og god skyting gjorde at dei fleste haldt ut til slutt. Mange av skyttarane fekk med seg gavepremie frå stemna i Odda. Sjå omtale på Hardanger og Voss si heimeside.
Resultat frå stemna finn du her.

Landsstemna 2006
Fire skyttarar frå laget tok turen til Målselv på LS 2006. Nokre av dei beit godt frå seg der oppe i nord. Me lyt nemna Magne Lysen og Niclas Øye. Magne gjorde ein framifrå innsats på stangen der han kvalifiserte seg til finale og skaut glimrande i finalen og enda på ein flott tredje plass. Magne kom også til finale på felten, men nådde ikkje heilt opp i finalen.
Niclas gjorde det også godt der oppe med å kvalifisera seg til begge finalane, 249 på banen og fullt hus 30 treff på felten. 99 i finalen på banen heldt til ein 37 plass, og med 12 treff og 8 innertreff i feltfinalen blei det ein flott 20 plass i den sterke ER klassen.
Sjå ellers god omtale her på DFS sine heimesider

(Bilde: Så glad blir ein etter 12/8 i feltfinalen)

Bilder frå LS blir lagt inn i Billedalbumet.

Niclas skaut 350 på Hordastemna 2006

Liv Sollesnes frå Jondal vart Hordameister klasse 2 - 5 med 347 poeng, føre Audun Kvandal Røldal med 345 poeng.
Niclas Øye skaut glimrande 350 poeng på Hordastemna. Han måtte likevel ut i omskyting om meistertittelen, der han ikkje nådde heilt opp. Han enda på tredjeplass totalt og fekk ungdomsmedalje.
Niclas var og med på laget til Hardanger og Voss i samlagskytinga, der dei enda på ein flott andreplass.
Ellers så må det nemnast resultatet som seniorane oppnådde på samlagskytinga, 397 poeng, og ein knusande overlegen siger. Magne Lysen var med på den imponerande skytinga og skaut til 99 poeng.
Dei andre på laget var, Audun Kvandal 98, Jakob Skutle 100 og Liv Sollesnes avslutta med 100 poeng.

Fleire bilder frå stemna finn du under billedalbum i menyen til venstre.

Resultatlister finn du her.
Sjå ellers fyldig omtale ved å følgja link til Jondal og Hardanger og Voss sine heimesider.

Liv Sollesnes vart dobbelt vinnar 1.mai 2006

Strålande resultat og fyldig deltakarliste på Tørvikbygd
si 110 års jubileum banestemne 30 april og 1 mai.

Ikkje berre Liv Sollesnes blei dobbelt vinnar. Også Nils Lysen vann sin klasse, V-65 både på heimebane og i Jondal.

Asle Kvamsdal skaut nok ein gong 350 poeng i Tørvikbygd, med heile 32 innertiarar . Det er berre å ta av seg hatten for denne fantastiske unge skyttaren


Cristoffer Sørheim også med kjemperesultat i Tørvikbygd, 350 poeng og ny medlem i 350 klubben. Gratulerer.

Sjå fleire bilder i billedalbum
Les meir i menyen til høgre

Lagsmeisterskap i felt 2006

Aleksander Bråten skaut best av rekrutterings-
skyttarane
, 28/18 og blei lagsmeister i felt 2006.



Lagsmeisterskapen i felt blei halde på Lysebana i fint
vårver og det var laga eit fint opplegg både på grovfelt
og finfelt.

På grovfelten vart Magne Lysen best med 30/22, tett fulgt av
Dag Skår med 29/26



Sjå meir omtale i menyen til høgre

Samlagstemna i felt 2006
Liv Sollesnes frå Jondal blei ikkje uventa samlagsmeister klasse 2 - 5 + V55.
Skyttarane frå Tørvikbygd viste god skyting i den innleiande delen av meisterskapen med 4 mann av 6 til finale.
Ein samlagsmeister fekk laget også. Stangskytinga vart vunnen av Henry Øye med 19 treff.
På bildet ser vi frå venstre:
Niclas Øye, Ansgar Øye og Nils Lysen
Sjå omtale i menyen til høgre

Skyteskule i vinter?  
  Bør vi sprita opp treningsarbeidet litt i vinter, og henta inn ekstern hjelp, både for vaksne og ung 
Ja
Nei



Treningspokalen 2015
Les meir..

Innbydelse krinsstemna i miniatyr 2015
Les meir..

Terminlist på Eide for 2015

Les meir..


1 mai stemna Tørvikbygd 2014

Terminlista Lysebanen 2014

Lagopsett Samlagsstevnet bane 2013

Hordastemnet Bane 2013 Etne 8-9 juni 2013. Påmeldings frist 19 Mai.

Felt sesongen står for døra...
Les meir..

Krinscup i miniatyr vinteren 2012 og 2013 avsluttet

Tørvikbygd hadde flest skyttarar med på Voss

Veteranstemna 2012

Krinsmeisterskapen i bane 2012

Kjetil Skår vann R klassen på Haukeli

Kristi Skår vann ER i Eidfjord

Magne vann stemna på Osterøy

Terminliste på Eide og Ytre krinsen, sjå terminliste

Terminlista for Hordakretsen er klar, du finn den under terminliste

Samme klassesetting for 2012 som 2011

Åsne og Jostein vann sine klassar på stevner i helga
Les meir..

Nils Heradstveit vann klasse 1 på Vestlandsstemna 2011

Dag og Åsne vann i Norheimsund

Åsne, Ingebrigt og Nils vann sine klassar
Les meir..

Familen Skår på pallen i Åsane

Åsne skaut 350 på Seim

Vårpremieskytinga 2011
Les meir..

Skytetider Hordastemna i felt i Røldal 2011

2 x 30 på Åsne

Feltsesongen er i gang
Les meir..

Magne vann i Tønjum
Les meir..

H&V skyttarsamlag har fått ny leiar

Fleire på 2. plass i Jonals miniatyren

3. og 4. plass til ungdomane våre i Romjulstreffen

Magne vann Hauststemnet i Strandebarm

Miniatyrsesongen 2010/11 er i gang. Magne Lysen i toppen

Nye personlege rekordar i Hallingdal / Valdres
Les meir..

Skytetider Vestlandsstemna 3 - 4 juli
Les meir..

Vaktliste ifm. Handtverkmessa i Jondal
Les meir..

Skytetidene til LS 2010 er klare + tidsplan

4 frå laget er uttekne til å representera H&V på seniorsida

Åsne og Aleksander uttekne til samlagskyting Hordastemne 2010

Følg med på NC cupen i Hordaland her
Les meir..

Skytetider Hardastemna bane 2010 , tidsplan og annan info
Les meir..

Niclas med ny pers på Lerum cup 2010
Les meir..

Treningsskyting 2010
Les meir..

2 x Lysen på Vårpremieskytinga 2010
Les meir..

Åsne er komen svært godt i gong på banen i 2010
Les meir..

Vårform på Magne
Les meir..

Asne vann Jondalsfelten i junior

Lagsmeisterskapen i miniatyr 2010

Ingebrigt starta feltsesongen med fullt hus

Dag tok sin første siger i 2010

Årsmøtet for 2009 er avvikla
Les meir..

Niclas ser ut til å takla overgangen til senior
Les meir..

Magne viser god form i miniatyr
Les meir..

Romjulstreffen på OS

Siste stemna i årets krinscup er unnagjort
Les meir..

Niclas kapra 2 medaljer

3. runde i miniatyrcupen
 
 

2. runde av miniatyrcupen

Vaktliste miniatyr 2009 - 2010

Resultat 1. runde krinscup miniatyr
Les meir..

Forslag til ny terminliste 2010 for H&V.

Skytetider og tidsplan på krinstemna bane 09

Innbjoing til veternastemne

Innbjoding til krinsstemna bane på Lysebana 22.08

Skytetidene til Samlagstemna på Aga
Les meir..

Lagsmeisterskap i felt 2009
Les meir..

Familien Skår er i rute
Les meir..

Skytetider LS på Evje og annen info ang. LS

Åsne skaut 350 for 8. gong på rad

Skytetidene på Hordastemnet er klare

Innbyding til samling for rekrutteringskyttarar
Les meir..

Samanlagt krinscupen etter 5 rundar

Krinsstemna i miniatyr 2009

To nye sigrar til Niclas i Nordhordaland

Krinscupen samanlagt etter 4 rundar

To stk skaut 250 poeng i fjerde runde i krinscupen

Niclas vann klasse JR i Romjulstreffen 2008

Samanlagt etter 3 rundar av krinscupen 08-09

3. runde i krinscupen 17 og 18 des.

Samanlagt etter to rundar av krinscupen 15m

Andre runde krinscup miniatyrskyting 08/09

Niclas tok "the double" i Kvinnherad

Åsne skaut 250 på Hauststemna i Strandebarm
 

Første runde krinscup miniatyr 2008

Klassesetting for 2009

Finalen i Marine Harvest unnagjort

Lagmeisterskap 100 meter og Finale Marine Harvest

Skytetider Samlagstemna 2008 i Jondal

LS 2008

Familien Skår i "storform"
Les meir..

Ny dato krinsstemna bane
Les meir..

Skytetider Vestlandsstemna på Voss
Vær obs på at nokon av skyttarane skal i ilden tidleg på Fredag
Les meir..

Skytetider og informasjon LS 2008

Krinscupen i Norheimsund 04.06.08
Les meir..

Skytetider Hordastemna bane 2008
Les meir..

Resultater krinscupen på Lysebana 28.05.08
Les meir..

Resultater fra Krinscupen i Jondal 21.mai

Ingen Marine Harvest krinscup 14.mai

Dobbelstemne Omvikdalen og Husnes

Samling rekrutteringskyttarar
Les meir..

Innbydelse til krinscup bane 2008
Les meir..

Pensjonistreff på skytebanen 29 april 2008
Les meir..

Terminlistene for Lysebanen 2008 er komplette

Ny dato for samlagstemna i felt

3 runde i krinscupen i miniatyr
Les meir..

Terminliste innandørs på Eide 2007 og 2008, sjå terminlister

Resultater frå første runde i krinscup 15 M
Les meir..

Terminliste Hordakretsen 2008, sjå terminlister

Finn ut kva klasse du skal skyte i neste år

Resultat Finalen i Statkraftcupen 2007

Finalistar til Statkraftcupen den 8 sept.

Me skal bu på Mære Skule under LS07
Les meir..

Skytesimulator
Test formen via PC´en. Les meir..

Skytetidene til Vestlandsstemna 2007

Skytetidene på LS 2007

Poden´s vandrende trofe
Pokalen blei Magne Lysen sin til odel og eige. Les meir..

Første runde av Norgescupen
Magne Lysen fekk ein flott 10. plass i Kongsberg. Les meir..

Skytetider på Hordastemna bane 2007
Skytetidene er no klare + informasjon om stemna. Les meir..

Marine Harvest cupen ferdig.

Tre med 350 i andre runde av cupen
Les meir..

Første runde i krinscupen

Krinscup bane 2007

Skytetider Hordastemna i felt 2007

Skytetider Samlagstemna i felt 2007

Krinscupen i miniatyr 2006 / 2007

2. runde av krinscupen i miniatyr 06 - 07
Fortsatt mykje god skyting på cupen. Her finn du også samanlagt liste etter 2 rundar Les meir..

Krinscupen i miniatyr 2006
Les meir..

Niclas Øye vann finalen i Statkraftcupen

Dei nye Klassekrava for 2007

Krinsstemna på bane 2006
Skytetidene til lagets skyttarar. Resultater  frå Krinsstemna er no klarLes meir..

Stakraftcup samanlagt etter 9 stemner. Samt liste over finale deltakarar.
Her finn du lista etter at 9 stemner er unnagjort. Du finn også dei som er kvalifisert for finale i Jondal den 9.september. Også lagoppsett for skytinga er no klar.Les meir..

Uttak til Samlagskyting LS 2006 i Målselv
Her er liste over dei som skal skyte samlagskyting under LS. Les meir..

Skytetider til Vestlandsstemna 2006
Samt uttak til samlagskyting. Les meir..

Skytetider LS 2006 for laget sine deltakarar
Skytetidene er klare. Les meir..

Niclas samanlagtvinnar i Skifercupen

Stakraftcupen 2006
Samanlagt stillinga i Statkraft cupen 2006 etter at 5 stevner er unnagjort.

Skytetider Hordastemna
Skytetider og uttak til samlagskyting kl 2-5, samt veteran

Avslutning Skifercup 07.06.06

Samanlagtliste etter 3 rundar i skifercupen

3. runde i skifercupen
Åmund Kolltveit og Niclas Øye var nok ein gong dei beste i sine klassar då tredje runde i skifercupen blei avikla på Lysebanen.
Les meir..

Samanlagtliste etter 2 rundar i Skifercupen
Les meir..

Førebels samanlagtliste i Statkraftcupen 2006
Les meir..

2. runde Hardanger skifercup
Niclas Øye og Åmund Kolltveit skaut best i Norheimsund
Les meir..

110 års jubileum banestemna 2006
Les meir..

Resultat 1. runde Hardanger skifer cup

Hardangerskifer ungdomscup
Også i år blir det ungdomscup. men i tilegg veteranar og  skyting på 200/300 m. Les meir..

Lagsmeisterskap i felt 2006
Les meir..

Hordastemna i felt 2006
Skytetider og resultatlister Les meir..

Samlagstemna i felt 2006
Tørvikbygd skyttarane som tok turen til Jordalen beit godt frå seg Les meir..

Krinsstemna i felt 2006
Stemna blei halden på Kolltveit i strålande solskinn og litt vind. Les meir..

Lagsmesterskap 15m, 2006
God oppslutnad om lagsmesterskapet Les meir..

Årsmøtet 2005